Som ein ropar i skogen, får ein svar?

Publisert: 2016-04-06 10:40
Del:

Det dreg seg til når det gjeld den såkalla kommunereforma. Nærare 200 kommunar vil gjennomføra folkerøysting om kommunesamanslåinga, trass i at regjeringa har drive intensiv kampanje mot folkerøysting. Det er eit demokratisk paradoks som burde få bjøller til å ringja over heile landet.

Hugsar du brevet Høgre sende ut til lokalpolitikarar med ei rekkje argument mot folkerøystingar i kommunesamanslåingsdebatten? I brevet sa Høgre at det må stillast krav om minst 75 prosent valdeltaking og minimum 60% fleirtal for ja eller nei for at røystinga kan oppfattast som eit klårt råd. Skal ein overføra dette til kommune- og stortingsval, må det bety at Høgre ser på dei seinare tids slike val nærast som ugyldige. For 75% deltaking veit ikkje eg når vi sist hadde, og i alle fall var valdeltakinga ved kommunevalet i fjor på omlag 60%. Demokratiet er ikkje gjeve. Skal folk flest delta i val,må folk flest oppleva at vi har makt og påverknad. Og det er slett ikkje gjeve i denne saka. Altfor mange ordførarar og kommunestyrefleirtal målber at folkerøystingar, som dei altså ikkje synest om i denne saka, er einast rådgjevande, og at kommunestyret, som ergo er meir opplyst, til sjuande og sist må ta avgjerda. Og det må kommunestyret. Men kvifor vil dei ikkje la folket si røyst vera avgjerande? Er folket verkeleg for lite opplyst? FRP, som i sitt prinsipprogram seier at partiets representantar alltid skal fylgja resultata i folkerøystingar, gjer no unntak for kommunestruktur – og gjer seg med det til partiet for folk som veit best, slik avisa Nationen formulerte det på leiarplass fredag i veka som var.

Den som ikkje vil, han skal! Det er visst Jan Tore Sanners mantra og mål for kommunereforma. Som altså handlar om å få færre og større og såkalla «robuste» kommunar. «Robust» er det freistande å omsetja med sentralisering. Og i alle fall når regjeringa, med støtte frå Vetle-Høgre (Venstre, altså) legg om inntektssystemet for kommnane slik at det vert færre pengar for dei som ikkje vil slå seg saman. Det heiter utpressing, spør du meg.

No er folkerøystingane i gong. Og mykje har vore sagt og skrive om prosessar og om spørsmåla som innbyggjarane skal ta stilling til. Samstundes er også innbyggjarundersøkingane i gong. Dei kjem i staden for folkerøystingar og er i grunnen rett og slett meiningsmålingar, men innbyggjarundersøking høyrest meir demokratisk ut, veit eg?

Fleire kommunar har gjennomført/gjennomfører meiningsmålingar om kommunesamanslåing. Avisa Nationen har sett nærare på m.a. spørsmål for meiningsmålingane. Her er eitt, som selskapet Opinion foreslo for Åmot kommune i Hedmark: «Stortinget har gitt tilslutning til å gjennomføre en kommunereform. Målet er større, færre og mer robuste kommuner med økt makt og myndighet. Generelt sett, hvor positiv eller negativ er du til kommunereformen?» Nøytralt spørsmål? Nei, sa professor emeritus Ottar Hellevik ved Universitetet i Oslo. Og eigentleg treng ein vel ikkje vera professor i statsvitskap for å sjå at dette spørsmålet ikkje er nøytralt. Eller kva med dette? «Hvis kommmuner slås sammen er det stort sett tjenestene på rådhuset som blir direkte berørt, mens skoler, sykehjem og lignende i vesentlig grad blir opprettholdt der de er i dag. Hvor mange ganger har du vert innom ditt rådhus de siste 12 måneder?» Dette spørsmålet vart stilt til innbyggjarar i Glåmdalsregionen. Det er mest så ein må spørja kva det har med saka å gjera. Men folk svara – og 47 prosent av innbyggjarane i Glåmdalen hadde ikkje vore på rådhuset i kommunen sin siste året. Viste målinga. Det må i så fall bety at 53 hadde vore på rådhuset. Og det er mange, er det ikkje?

Eg må ta med eit spørsmål til, formulert av Sentio Research Norge: «I 2016 vil det bli innnført et nytt inntektssystem for kommunene som skal gjelde fra 2017. Detaljene er ikke kjent, men det er grunn til å tro at kommunene vil kunne få reduserte inntekter. Vil sammenslåing av to eller flere kommuner være et alternativ for å kunne opprettholde dagens nivå på tjenestene, eller er det bedre å redusere tilbudet til innbyggerne for å kunne opprettholde dagens kommunegrenser?» Leiande spørsmål, eller? Men når svaret uansett er kommunesamanslåing, må spørsmåla tilpassast deretter, og innbyggjarane sine eigentlege meiningar vert tydelegvis underordna.

Audun Offerdal, professor emeritus frå Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved universitetet vårt her i Bergen, har ei heilt anna haldning til kommunesamanslåingsreforma. Han meiner Noreg kan koma til å utvikla seg i same lei som Danmark, der kommunestyra er små, utskiftinga av politikarar mindre – og med ein politisk elite som styrer. Her til lands har utskiftinga i norske kommunestyre vore relativt høg sidan 1920 og lege på opp mot 65 prosent, seier Offerdal til Nynorsk Pressekontor. Offerdal meiner dette ikkje er negativt: «Når det er mange som trekkjer seg, er det mange som får erfaring og kan passe på dei som sit i kommunestyra,» seier han til NPK. «Partia er nærare i små kommunar enn i store.... I småkommunar føler ein og at kommmunestyrerepresentantane er nærare dei sjølve, og meir opptekne av dei same sakene som ein sjølve. Det er i litt mindre grad i dei større kommunane,»seier Offerdal. Han peikar også på at i større kommunar er politikarane meir ambisiøse, samstundes som avstanden til innbyggjarane altså blir større. Offerdal åtvarar mot at politikarane, med størrekommunar og større regionar i staden for fylke, «kjem langt vekk frå folk og er seg sjølve nok.» I dag er det 10.000 kommunestyrerepresentantar i Noreg, på 1960-talet var det samla 16.000, og med kommunesamanslåingsreforma kan det bli 7.000. «Det er eit gedige tap av politisk erfaring,» seier Audun Offerdal.

«Eit gedige tap av politisk erfaring.» Og eit gedige tap av innbyggjarar som er med i det lokale folkestyret. Det lokale folkestyret vert ikkje så lokalt lenger. Nærleiken vert til avstand og til politisk elitisme. Men den som ikkje vil, han skal, om så med utpressing. Og då får ein tilpassa spørsmåla for meiningsmålingar; som ein ropar i skogen, får ein svar.

Oddny I. Miljeteig