Ikkje demokrati utan ytringsfridom!

Publisert: 2018-05-23 10:00
Del:
«Bystyret vil benytte muligheten til å slå ettertrykkelig fast at lærere i Bergensskolen har ytringsfrihet, og denne skal på ingen måte begrenses av skoleledelse eller skoleeier.» Slik lyder det i eit rykande ferskt bystyrevedtak frå april, fremja av SV.

Ytringsfridom er ein grunnpilar i demokratiet. «Ytringsfridom skal det vere.» Så seier fyrste setning i paragraf 100 i Grunnlova. Og litt seinare: «Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst. Det kan berre setjast slike klårt definerte grenser for denne retten der særleg tungtvegande omsyn gjer det forsvarleg halde opp imot grunngjevingane for ytringsfridommen.»

I går skipa Utdanningsforbundet ei markering for ytringsfridom i skulen framføre Stortinget. På rådhuset i Oslo vart det halde høyring om ytringsfridom i skulane i kommunen.

Det har vore mykje rabalder om ytringsfridom i Oslo-skulen. Lektor Simon Malkenesved Ulsrud vidaregåande skule har i ei årrekkje kritisert mange forhold i Osloskulen. Mellom anna har han sett søkjelyset på korleis New Public Management, såkalla målstyring, testregime og karakterbasert opptak til vidaregåande negativt har påverka skulen i hovudstaden. Malkenes har skrive bok, avisinnlegg og delteke i program i etermedia. 5. mars fortalde han, for å synleggjera konsekvansane av karakterbasert opptak, om ein typisk skuletime i ein av sine klassar. Elevane vart nemnde med førebokstav. Elevane hans skreiv i eit avisinnlegg at dei opplevde innslaget som krenkjande for dei. Skulen oppretta difor ei sak basert på ein relativt fersk paragraf i Opplæringslova som seier at skulen har plikt til å setja i gong saker mot lærarar dersom det er motteke varsel om at dei har krenkt elevar. Saka enda med at Malkenes fekk reprimande av rektor ved Ulsråd vidaregåande. Det høyrer med til saka at han også har fått prisar for sin bruk av ytringsfridommen, til og med frå Fritt Ord.

Denne saka har ført til debatt om ytringsfridom for lærarar, aller mest i Oslo-skulen, men også elles i landet. Difor valde Utdanningsforbundet å laga ei markering framfor Stortinget for eit godt ytringsklima – i heile Noreg. For ei god veke sidan arrangerte skulebyråd Inga Marte Thorklidsen konferanse om ytringskultur i Oslo-skulen. I samband med denne skreiv ho: "Ytringsfriheten er både en menneskerett og en grunnlovsfestet rett, som selvsagt gjelder for alle lærere, elever og skoleledere i Oslo."

Utanifrå kan det førebels sjå ut som om skuleetaten i Oslo v/direktør Astrid Søgnen, ikkje heilt set sine tilsette sin ytringsfridom i høgsetet. Tidlegare har dei proklamert at dei ingen varsel har hatt om ugreie tilstandar i Oslo-skulen. No viser det seg at varsel har det vore, men det har ikkje vore «sendt via rette kanalar.» Ein kan sjå spøkjelse på høglys dag av mindre, spør du meg. Berre at det ikkje er spøkjelse, men høgst levande tilsette. Ei mor fortel at ho fekk beskjed av toppen i skuleetaten om ikkje å spreia mytar om Osloskulen då ho tok opp det ho fann som kritikkverdige forhold.

I mine mange år som både tillitsvald og politikar har eg opplevd at ulike avgrensingar har vore lagde på tilsette sin fridom til å ytra seg. Arbeidsgjevarar på ymse nivå kan vera flittige til å krevja lojalitet og minna om tilsette si lojalitetsplikt. Slikt fremjar i alle fall ikkje myndiggjorde, kreative medarbeidarar! Og er i strid med Grunnlova! I bystyret i Bergen har vi hatt dette oppe m.a. som interpellasjon/ar i gamlebyrådet si tid. Fleirtalet rår. Og styringsdokument går frå byrådet og nedover i rekkjene. Det er no grunn til å pusta letta ut for skuletilsette i Bergen kommune over bystyrevedtaket frå april som er så tydeleg på ytringsfridom. Forbundsleiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet sa i Klassekampen i går at både lærarar og leiarar i norsk skule «er usikre på om de kan ytre seg.» Det skal dei altså ikkje måtta vera i Bergen kommune!

I Oslo kommunen innfører byrådet og bystyret no tillitsreform også i skulen. Her i Bergen har ikkje tillitsreforma kome til skulen enno. Det må ho. Tillitsreforma, altså. For vi treng dei kreative og myndiggjorde medarbeidarane som veit at dei er gjevne tillit til å utvikla og bruka faget sitt på beste vis. Buttar det imot, skal dei kunna seia fritt ifrå. Så seier sjølvaste Grunnlova. Så stor er altså ytringsfridommen.

Oddny I. Miljeteig