Industrilandbruk til 17. mai?

Publisert: 2018-05-16 12:30
Del:
Forhandlingane om jordbruksoppgjeret er no inne i siste fase. Etter planen skal forhandlingane vera avslutta før 17. mai, så no er det tida berre fram til midnatt i dag.

Jordbruksforhandlingane vedkjem oss alle. Det er avgjerande for vår alles helse og våre etterkomaras framtid at vi greier helst å auka sjølvforsyninga vår og eta stadig meir kortreist mat. Og rein mat, utan all verda tilsetjingsstoff. Difor handlar ikkje jordbruksoppgjeret einast om bøndene og småbrukarane – det handlar faktisk om deg og meg og. «Bonden treng vi fire gonger om dagen» - som produsent for kvart einaste måltid vi et.

Industrilandbruket et seg for tida inn nesten over alt. Og nei, ikkje berre på fjerne kontinent. Går vi til Danmark, finn vi bønder som gjeldsslavar på det som for ikkje lenge sidan var deira eigne gardsbruk. Noreg må ikkje fylgja etter - sjølv om regjeringa legg opp til stadig større gardsbruk med meir «effektiv» og intensiv produksjon!

Eit konkret døme på at stor-større-størst ikkje alltid er det beste, er den moderne norske sauen. Ein sau har to spenar. Det vil seia at det er praktisk og tenleg for sauen å ha to lam. Når sauen går i utmarka, er to lam høveleg for sauen å passa på. I min barndom var trillingar sjeldsynte. No kjem det både trillingar og firlingar, jamvel femlingar i sauegardane. Og dei er ikkje sjeldsynte. Det er ikkje nostalgi når eg vil hevda at dette er ei «tullete» fram-odling av større sauer. Ein heil haug med flaskelam er det ikkje mykje forteneste i for ein bonde – for sauene vinn jo ikkje med desse store årskulla. Dessutan er dei større sauene ikkje like godt tilpassa det ulende terrenget Noreg for ein stor del har å by på, det vere seg i eller utanom kulturlandskapet.

Bondeorganisasjonane vil at jordbruksoppgjeret skal prioritera små og mellomstore bruk – rett og slett dei bruka som må finnast om vi skal ha eit levande landbruk over heile landet og få nytta så mykje av dei tre prosenta dyrkande mark som finst i landet. Difor krev jordbruket 25.300 kroner i inntektsvekst ut ifrå ei ramme på 1.830 milionar. Andre grupper er venta å få 19.300 kroner, 3,5% i lønsvekst frå 2018 til 2019.

Grunnlagstala viser at inntekta i jordbruket dei to siste åra har gått ned 14.500 kroner per årsverk til 354.900 kr i 2018. Andre grupper har på same tid auka årsløna med 27.000 kroner til over 550.000 kroner. Vi snakkar om gjennomsnitt for alle saman.

Tilbodet frå staten er på 1.000 millionar kroner. Milliarden skal visstnok gje 3,5% i inntektsvekst. Dette utgjer 12.500 kroner per årsverk, seier staten. Jordbruket seier at tilbodet gjev 11.900 kroner per årsverk, men at veksten berre er 6.000 kroner om ein trekkjer frå urealistiske marknadsforventningar.

For det fyrste er det slik at prosent aldri utjamnar skilnader dersom høginntekt og låginntekt får same auke. Skal ein utjamna skilnader, må den låge inntekta få høgare prosent. Det er enklast om ein ser på kroner. Det er trass alt det skilnader handlar om. Så staten vil altså at bøndene skal sakka endå meir til attars. Og med opne augo legg staten inn desse marknadsforventningane som sindige bønder seier er urealistiske. Eit jordbruksopplegg skal då ikkje styra mot overproduksjon i einskildnæringar? Sanninga er altså at bøndene i røynda taper i både kroner og prosent.

Stortingsfleirtalet har sagt at inntektsmålet skal vera kronevis lik inntektsvekst som for andre grupper og så tetting av gapet. Så langt ser ikkje regjeringa ut til å bry seg om stortingsfleirtalet. Det kan rett og slett sjå ut til at staten med overlegg styrer mot eit brot i jordbruksforhandlingane. Med det utfordrar dei både bøndene, småbrukarane og Stortinget. Og: oss alle. Og: framtida.

Time for time nærmar det seg deadline i oppgjeret. Regjeringa har framleis tid til å retta tilboda sine etter Stortinget sine føresetnader om inntektsvekst. Tenkjer staten på framtida, eller tek regjeringa sjansen på å utfordra Stortinget og tukta KrF på plass slik at vi skal få industrilandbruket som gåve til 17. mai? Det er minsanten ikkje mykje å flagga for!

Oddny I. Miljeteig