Kong Neptun og plastprofitørane

Publisert: 2018-05-09 11:00
Del:
Kong Neptun, havets gud (i romersk mytologi), har dystre framtidsutsikter framfor seg. Det er ikkje einast Sotra-kvalen han har mist til plasten. Kong Neptun står i fåre for å bli plastprofitøranes gud, ikkje havets. I fylgje ein rapport frå World Economic Forum vil det innan 2050 vera meir plast enn fisk målt i vekt i verdshava om vi ikkje endrar noko.

Vi har alle sett bilete frå plastflak store som kontinent flyta på hava som ikkje er endelause likevel. Vi har sett plastavfall som har reke opp på fjerntliggjande paradisøy-strender. Vi har sett plastposar og anna plastavfall i store og synlege mengder i fisk teken her til lands. Og vi har altså Sotra-kvalen, fylt med plast i staden for mat.

Den skumlaste plasten er likevel ikkje den vi ser. Den skumlaste plasten er den som er broten ned i mikroplast, den som ligg under vatn og havflate og går inn i næringskjeda. 33 prosent av plasten blir brukt einast ein gong og så kasta. Plast trugar dyr og dyreriket. Dyr viklar seg inn i plast og vert seigpinte til daude – eller dei trur plast er mat og eg den, som kvalen på Sotra.

Kjemikaliar frå plast kan sporast i kroppen, og eksponering kan knytast til kreft, fødselsdefektar og andre helsekonsekvensar. Giftige kjemikaliar frå plastfyllingar siv ut i og forureinar grunnvatnet. Kunstgrasbanar gjev born uendeleg mykje glede – granulat-avfallet gjer det slett ikkje.

I Noreg er somme av dei viktigaste kjeldene til mikroplast:
- slitasje av bildekk
- måling og vedlikehald av båtar, bygg, konstruksjonar og vegar
- vask av tekstilar
- plast kasta ut i naturen
- ulovleg dumping av måling. Vi kan tenkja med gru på kva som er dumpa her i byen som «fylling» i det som ein gong var myr og tjørnar, til dømes i området rundt Haukelandshallen.

No har vi nett lagt bak oss strandryddeveka – og strandryddedagen laurdag. Oppslutnaden har auka år for år sidan starten i 2011, seier arrangøren Hald Noreg Reint. I år verkar det til at endå mange fleire har vore med og gjort eit stort arbeid for å rydja både steinute strender og dalstroka innanfor for plast og anna bos. Ola og Kari i alle storleikar ser ut til å gjera meir og meir. Samstundes vert det produsert endelause mengder plast. Og plastprofitørane tener endelause pengar på plast. Det er på tide at plastprofitørane gjer opp for seg! Plastprofitørane, ja. Det er det dei er. Plastprofitørar.

Det nyttar ikkje om Kari og Ola gjer ein superinnsats med rydding av plast viss ikkje plastprofitørane gjer opp for seg. Korleis dei kan gjera det? Regjeringa må syta for i alle fall fylgjande, som ein start:
- etablera ein produsentansvarsordning innan 2019. Produsentar og importørar av fiskeri- og oppdrettsutstyr må ta ansvar for produkta gjennom heile livsløpet, også når dei har blitt avfall.
- Innføra obligatorisk rapportering for tapte fiskereiskapar ved både kommersielt og ikkje-kommersielt fiske.
- Syta for at alle produsentar og importørar av plast er ansvarlege for å opplysa om kva slags type plast som er produsert, kva som er rett bruk av plasten, korleis plasten skal handterast som avfall og kva konsekvensane blir for naturen og samfunnet om plasten kjem på avvegar.
- Greia ut forbod av sal av eingongsartiklar i plast. Eingongstallerkar, eingongsbestikk, eingongskoppar, q-tips og sugerøyr må prioriterast.
- Det må innførast pant på all drikkeemballasje.

Om dette er nok? Det er ein start. Ein konkret start som er nødvendig for at kong Neptun skal kunna halda fram med å vera havets og ikkje plastprofitøranes konge. Ikkje noko er viktigare enn havet.

Oddny I. Miljeteig