Til lukke med 2. mai!

Publisert: 2018-05-02 11:00
Del:
Til lukke med 2. mai! I dag skulle vi ha flagga land og strand rundt, slik vi gjorde det i går. I dag for nett eitt hundre år sidan høyrdest ein gjennomtrengjande lyd på Thunes mekaniske verksted i Kristiania. Det var ein tilsett som hadde slått ein hammar mot eit sagblad nett då åtte timars arbeidsdag var unnagjord, skreiv Magnhild Folkvord i Klassekampen måndag. Hammaren mot sagbladet – det var signalet: «I samla tropp forlet dei om lag 500 arbeidarane arbeidsplassen, dei tok åttetimarsdagen.» Og dermed var faktisk den fyrste norske normalarbeidsdagen røyndom. Ulike stader i landet som i Trondhem, Hommelvik, Tønsberg, Skien. Notodden, Rjukan, Odda, Glomfjord og fleire andre stader fylgde arbeidarane oppmodinga frå arbeidarråda sin landskonferanse i mars 1918: Er ikkje 8-timarsdagen innført innan 1. mai, tar vi den sjølve 2. mai!

Slagordet var: Åtte timars arbeid, åtte timars kvile, åtte timars frihet! Eller «Frihed», som det heitte den gongen. Frihed. Fridom. Ikkje noko mindre. Åtte timar til arbeid, åtte timar til kvile og svevn og altså: åtte timar til fridom. Vakrare kan det ikkje seiast. Difor er dette den sterkaste parolen eg veit. Fritid er vårt moderne ord for dei siste åtte timane. Det er også eit vakkert ord. Men eg føler på ein måte det har vorte trivialisert slik at fridoms-perspektivet sit langt inne. Eller kanskje eg rett og slett tek feil – og ikkje greier å kjenna at den frie tida jammen er fridom god nok! For fritid er eit vilkår for å ha fridom i eige liv og for at arbeidsfolk flest skal få overskot til familien – og til sosialt, kulturelt og politisk verke.

Allereie i 1860-åra vart kravet om åttetimarsdag reist. Kampen skaut fart i 1888; då demonstrerte American Federation of Labour for saka. Året etter gjorde den fyrste kongressen til Andre Internasjonale fyrste mai til ein internasjonal demonstrasjonsdag for åttetimarsdagen. Åttetimarsdagen var den fyrste store kampsaka til den internasjonale arbeidarrørsla. Rørsla fremja kravet, og samhaldet om kravet styrkte og utvikla arbeidarrørsla.

Prinsippet om ein normalarbeidsdag vart i Noreg reist av den offentlege Arbeidarkommisjonen av 1885, men ikkje realisert før i 1915. Då fekk vi 10 timars dag og 54 timars veke gjennom lova om arbeidarvern. Fabrikktilsynslovene frå 1992 og 1909 sa ikkje noko om normalarbeidsdagen, men sette grenser for søndagsarbeid og for arbeidstida til born og unge. Eg veit ikkje om vi skal kalla det kuriøst at vi no har ei regjering som vil kvitta seg med søndagen som fridomsdagen og annleisdagen – men dei torer ikkje heilt å ta steget. Fordi det vil terga opp dei breie lag av folket inklusive fagrørsla. Og då meiner eg skikkeleg terga opp. Eitt av regjeringspartia hadde forresten landsmøte i helga og utropa seg like godt til eit arbeidarparti. Jaha. For å vri på partileiaren deira: «FRP kan snakka om å bli eit arbeidarparti. Men dei meiner det ikkje i hjarta.» Og slett ikkje i praktisk politikk.

Sjølv med Vinstre består regjeringa av tre høgreparti. Og når dei snakkar vakkert om arbeidarrettar, då er det om å gjera å vera på alerten. All historie, gammal og moderne, varslar at då er åtak på faglege rettar like om hjørnet. Det betyr svekking av arbeidsmiljølova, det betyr åtak på faglege rettar, på tillitsvalde sin medråderett og på sjukeløna. For å nemna noko. Ungdomsorganisasjonane til regjeringspartia og KrF har nett forkynt samrøystes at sjukeløna ikkje er berekraftig. Velferdsstaten som sådan er heller ikkje berekraftig, meiner regjeringspartia. Det er difor dei kuttar i ytingar for sjuke, fattige og uføre, men kastar pengar etter dei rikaste i landet. Hadde dei kunna skrudd tida attende, skal eg vedda dei hadde gått imot stortingsvedtaket i 1918 som gav regjeringa fullmakt til å setja ned arbeidstida til åtte timar. I 1919 kom lova som omfatta dei aller fleste verksemder; bygg, anlegg, lager og pakking (men ikkje butikkar) og fastsette arbeidstida til åtte timars dag og 48 timars veke.

Den normale arbeidsveka på 48 timar stod uendra til 1959, då den vart sett til 45 timar ved avtale mellom LO og dåverande NAF (i dag NHO). I 1968 vart arbeidsveka ved lov sett til 42 og ein halv time, i 1977 til 40 timar og i 1987 ved tariffavtale til 37 og ein halv time. Bortsett frå den 5. ferieveka (år 2000) er ikkje arbeidstida redusert etter 1987. I mest heile denne perioden har særleg kvinnerørsla og kvinnene i fagrørsla stilt kravet om seks timars normalarbeidsdag. Enno er ikkje kravet eit hovudkrav for ei samla fagrørsle. Det er meg nesten ei gåte. Her er vi på fart mot robotsamfunnet og tek ikkje ut effektiviseringsvinstar arbeidsgjevarane einsidig har fått verdien av altfor lenge!

Og skulle vi ikkje dela på arbeidet, både det løna og det uløna? I Oslo og Bergen – og mange andre stader – er sekstimarsdagen eit årleg hovudkrav kvar 1. mai. Det er på overtid å ta kravet frå parole til forhandlingsbord. Kravet om seks timars arbeidsdag er eit offensivt krav til beste for store grupper av det arbeidande folket.

2. mai 1818 tok arbeidarar landet over åttetimarsdagen – og gav han ikkje frå seg. No er det på høg tid å ta sekstimarsdagen. Til lukke med 2. mai!

Oddny I. Miljeteig

Foto: Schrøder, Alf (1880 – 1951) / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek