Nei til konkurslandbruket!

Publisert: 2018-04-18 12:00
Del:
Det står strid om landbruket. Det er i og for seg heilt greitt. Landbruket er vår viktigaste næring. Det går vel ikkje an å seia noko anna om næringa som produserer maten vår? Så veit vi at talet på gardar i aktiv bruk har gått attende med rekordfart dei siste tiåra - og at eine garden før og hin etter har vorte tilleggsjord. Våningshus står og glåpar med tomme vindauge, og sentraliseringa skyt fart. Ikkje som i Sverige, der det verkjeleg er grisgrendt på glesbygdene, men meir enn fort nok. I helga var eg i Rauland, og på vegen til og frå skar tomme vindaugo meg i augo. Så kan du seia at det er nett slik som i min eigen barndomsheim, og det er sant. Sjølv om den er pitteliten og så bratt at du nesten kan slå på begge sider. Men berre nesten. Diverre.

Heiltidslandbruket kan ikkje fø Noreg. Deltidsbonden må i Noreg vera fullverdig bonde om ikkje verdfullt jordbruksland skal gå endå meir or bruk. Noreg er eit grasland – og eit grovforland og beiteland. Kulturlandskapet som har gjort oss til turistattraksjon kan ikkje bergast som hobby åleine. Det trengst storfe, sau og geit for å halda krattvoksteren nede. Tilgrodd kulturlandskap er ikkje kulturlandskap.

No har den samla inntekta for bonden gått ned med 14.500 kroner frå 2016-2018. Inntektsnedgangen siste året er på kr 8.000. Det er svært alvorleg. Blant årsakene til inntektsfallet er mellom anna auka kostnader til kraftfor, gjødsel, energi og renter. Regjeringa fører rett og slett ein politikk som fører til at inntektsskilnaden aukar mellom matprodusentar og andre yrkesgrupper. Dette er stikk i strid med Stortingets vilje, skriv Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, på Facebook.

Kvart år før jordbruksoppgjeret påreknar Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) inntekta til ulike bønder. Det vil seia «vederlag til arbeid og eigenkapital, inkludert inntektsverdi av jordbruksfrådraget.» Så tungvint kan det seiast når det skal vera forhandlings-presist. Definisjonen har eg funne i Nationen, som har spisskompetanse på denne slags. Tala tek utgangspunkt i såkalla «referansebruk» som viser inntektsutviklinga for ulike produksjonar, bruksstorleikar og område. For eit bruk med 167 vinterfora sau har inntekta gått ned med nesten 30.000 kroner dei siste to åra. Det er mykje. Inntektene på geitemjølk er meir eller mindre uendra, med 0,2 prosent auke frå 2016 til 2018.

Det er store skilnader på inntektsutviling i næringa. Til dømes har ein korn- og grisebonde med 47 avlssvin og 378 mål korn ein inntektsnedgang på 168.000 kroner på to år – til 350.000 kroner. Eggprodusentane har klårt størst inntektsauke i perioden, med eit pluss på 4,25% eller 17.900 kroner. Referansebruket er ein gard med 6596 høns pluss 266 mål korn, og inntekta endar på 438.000. For fjørfeprodusentane har utviklinga gått i motsett lei: Referansebruket med 111.313 slakt har fått nærast halvert inntekta si på to år med eit inntektsfall på 178.300 kroner!

Landbruket er ikkje ei næring som kan overlatast til «marknadens løynde hand», sjølv om det er nett det regjeringa( altså Høgre,FRP og Vetle-Høgre) prøver seg på. I andre land ser vi at marknadsretting av landbruket fører til at styresmaktene misser kontroll over mattryggleiken medan industrilandbruket med investorar som eigarar skaper konkursar i fleng. Bøndene endar opp som leiglendingar på det som ein gong var eigen gard. Nei, dette gjeld ikkje i fjerne land på kontinent langt borte, sjølv om det gjeld der også. Danmark er eit godt, eller gale døme, på ei slik utvikling.

Berre tre prosent av Noregs areal er dyrkande jord. Det burde gjera at vi vakta landbruket som gull og ikkje prøvde å innføra industriens masseproduksjon. Låg pris i marknaden på grunn av overproduksjon viser at marknadslovene ikkje kan gjelda for mat. Den norske gjennomsnittsbonden får altså eit inntektstap på 8.000 kroner og ikkje ei auka inntekt på 12.500 kroner, slik målet var!

Store einingar og stort volum gjer ikkje bonden mindre avhengig av statleg støtte, ikkje sikrar det inntektene – og ikkje er det berekraftig. Snarare tvert om, for å sitera SVs stortingsrepresentant Karin Andersen frå Hedmark. FRPs landbrukspolitikk verkar ikkje: «Det trengs en snuoperasjon i norsk jordbruk der volumet må ned og arealbruken i Norge opp….Politikken nå fører til at bøndene konkurrerer og vokser seg blakke» (Avisa Østlendingen i går).

Problema med overproduksjon, gjeldsvekst og fallande sjølvforsyning kan ikkje løysast med å krevja meir pengar frå staten til eit volumfiksert landbruk. «Dagens jordbrukspolitikk bringer oss bare lengre unna målene om økt sjølforsyning. Den virker rett og slett ikke. Store endringer for jordbrukspolitikken er nødvendig.» Seier den same Karin Andersen.

Samfunnsoppdraget til landbruket er ikkje industriprodusert mat til lågast mogleg pris. Samfunnsoppdraget til landbruket er berekraftig matproduksjon som gjev oss mattryggleik, beredskap, kvalitet og (er)næring. Vi må ikkje øydeleggja for komande generasjonar. Dei treng også jorda for å skaffa seg mat. Noreg er eit grasland. Skal graset brukast, må det vera lønsamt. Prisforholdet mellom gras og kraftfor avgjer kva dyra et – og kva slags og kor mykje areal som vert nytta. Skal norsk jordbruk tuftast på eigne ressursar, må planteproduksjon og eigen forproduksjon bli meir lønsam enn importert kraftfor. Berre slik kan vi auka bruken av jorda og styrkja mattryggleiken. Då må det gjevast tilskot til jord, ikkje produsert volum. Då må det gjevast betre pris for mindre volum. Og då må korn- og kraftforprisen aukast – for å leggja til rette for bruk av meir grovfor som gras. Det betyr å snu den FRPske landbrukspolitikken på hovudet. Det må faktisk gjerast medan det sit ein statsråd frå FRP som landbruks- og matminister. Stortinget har fleirtalet og må vera seg ansvaret sitt medvite. Noreg treng ikkje industriens konkurslandbruk. Ein køddar ikkje med maten!

Oddny I. Miljeteig