Føre si tid i 90 år!

Publisert: 2018-04-11 13:25
Del:
«Jammen mamma, må eg låna ut rommet mitt i natt?» Tenåringsdotter Ingrun såg litt anklagande på mor si. For så vidt med god grunn. For hadde ikkje mora lånt vekk rommet hennar utan eingong å spørja? Og svaret mitt var ikkje av det mest diplomatiske slaget: « Låna ut rommet ditt – til sjølvaste Berit Ås? Det er historisk, noko du kjem til å hugsa all di tid!» Tenåringen såg framleis noko skeptisk ut. Men så kom ho. Legenda. Ei av våre aller, aller fremste nolevande feministar. I stova vår fekk vi høyra om kvinnepolitiske kampar nasjonalt og internasjonalt, fortalt av ho som hadde vore med på det aller meste. Ein lyttar til Berit Ås – ho er ei sjeldsynt kommunikator. Så også tenåringen. Som ikkje mukka det minste meir over å låna ut rommet sitt – til sjølvaste Berit Ås. Ho hadde fått ei historie som ho kan fortelja til sine born og barneborn.

Berit Ås kunne ha vore ei feminismens primadonna. SVs fyrste partileiar har tala med makt og mynde om kvinnesak og kvinnefrigjering lenger enn dei fleste har levd. Visst er ho Riddar av St. Olavs orden og professor emerita i sosialpsykologi. Ho har vore med og grunnlagt kvinneuniversitet her heime i to omgangar – avdi det fyrste reduserte kvinneperspektivet til eit kjønnsperspektiv måtte eit nytt kvinneuniversitet med kvinneperspektiv opp og stå!

Torild Skard, også ei femininismens fyrstedame, seier om Berit Ås at i tale og skrift har Berit Ås frå 60-talet av, gjeve oss «grunnleggende innsikt og begreper om kvinnekultur og kvinnefrigjøring, hersketeknikker og kvinnesolidaritet. Hun knyttet forskningen til praktiske tiltak og politikk. Gjennom skolering og organisering skulle det bygges en radikal feministisk kraft som kunne skape et bedre og mer rettferdig samfunn.»

I 1971 gjekk Berit Ås i bresjen for «kvinnekuppet» ved kommunevalet – for å få flest mogleg kvinner inn i kommunestyra. I tre kommunar vart det kvinnefleirtal, og Berit Ås vart varaordførar i Asker – for Ap. Den tverrpolitiske kvinneballetten i kommunestyret, skriv Torild Skard (Ap, H, Sp og V) vart kjende over heile landet og inspirerte med humor, sketsjar og songar for å fremja den gode sak.

Berit Ås er ein aktivist, på den globale, men også lokale arena. Visst har ho vore på Stortinget (for SV) – og laga tverrpolitisk kvinnenettverk der også, frå 1973 til 1977. Ho har levande fortalt, fleire tiår etterpå, korleis dei møttest på do – ein sikker arena for ikkje å bli avslørte! Berit var ei drivande kraft i Kvinneaksjonen mot norsk medlemskap i EEC før folkerøystinga i 1972. Som leiar for eit ny-samla SV, kvinne og feminist markerte ho seg tydeleg, med både ute- og innestemme. Ho vart utsett for brutale åtak, men aldri om ho gav seg.

Heile livet har Berit Ås kjempa fredens sak. Ho gjekk i bresjen for Kvinnenes internasjonale fredsaksjon og var med og stifta Kvinner for fred. Ho har teke del i utstrakt nordisk kvinnesamarbeid, vore i leiinga for Women’s World Banking og organisert verdskonferansar av kvinneforskarar. Ho har forelese i over 50 land på fire kontinent, frå København og Uppsala til Halifax og Manila. Ho har gjeve ut bøker og artiklar internasjonalt. Heftet om hersketeknikkane ligg på internett og er spreidd i trykt utgåve på fleire titals språk. Berit Ås kategoriserte fem hersketeknikkar – fem avdi vi då kan hugsa kvar av dei som ein av fingrane på handa – pedagogen fornekta seg ikkje. Og her er dei, dei fem hersketeknikkane: - Usynleggjering, latterleggjering, å halda attende informasjon, dobbeltstraffing og påføring av skuld og skam. Det er altså berre å googla, så finn du ut meir.

Berit Ås kunne altså ha vore ei feminismens primadonna. Men ho er i hug og hold ein aktivist. På ein konferanse eg var, skulle vi syngja «Sov Dukke Lise», og konferansieren omtala forfattaren som ukjend. Men forfattaren var i salen: Berit Ås. Songen hadde ho skrive til valkampen i Asker i 1971, men songen syng vi framleis, i kvinnepolitiske og andre politiske samanhengar:

Sov Dukke Lise, sov og bli stor,
og mens du sover, styrer din bror,
planlegger veier, bygger bedrift.
Sov Dukke Lise, sov og bli gift.

Sov Dukke Lise, sov og bli stor,
før du vet av det, er du blitt mor.
Kanskje du fikk ditt barn på klinikk.
Vær da takknemlig for alt du fikk.

Sov Dukke Lise, der står et tre,
som du i blant kan glede deg ved.
De andre gikk dukken i kullos og bly.
Sov Dukke Lise, slumre på ny.

Sov Dukke Lise, sov og bli stor,
og mens du sover, ødes din jord.
Fisken i havet, fuglen på gren,
sakte forgiftes en etter en.

Derfor min Lise må du stå opp,
rope et varsko, kreve en stopp,
mane til kamp i handling og ord
både for din og alle barns jord.

I går fylte altså Berit Ås 90 år. Framleis er ho aktivisten som ser både globalt og lokalt. Og ho synest nok at somme av oss yngre, spaltisten medrekna er litt trege og tungbedne når det kjem til å stå aksjonistisk opp mot krigsfåre, kvinneundertrykking og EU og Nato, for å nemna berre somme kampsaker. Så har ho då også heilt nyleg skrive eit nytt kampdikt, våren ho fyller 90 år.

Ja vi selger dette landet
som det stiger frem;
skog og mark og siden vannet
som gir lys til tusen hjem.
Gamlehjem og barnehager.
Rygge til et våpenlager
slik det Jensemann behager
når et NATO trenger dem.

NATO trenger mere gass
til en krigens tumleplass.
Midt-Østen er ødelagt.
Pentagon har vist sin makt.
Nå vil Norden stå for tur.
Nye baser. Full mundur!
USAs marinehær
trener fritt ved baser her.

Stakkars lille Norge har
kampflybermen bombeklar.
Som en trofast kjøpt lakei
baner vi for krigen vei.
Fritt for motstand, høyt i nord,
brennes skal igjen din jord.
«Stars and Stripes» skal vaie fritt
over landet som var ditt.

Takk for at du har vore føre di tid i ni tiår, Berit Ås!

Oddny I. Miljeteig

Foto: By Paudixit [CC BY-SA 4.0 (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0)], from Wikimedia Commons