Stopp okkupasjon og blokade – no!

Publisert: 2018-04-04 13:00
Del:
Tøsse er ein fredens plett på jord. Heimegarden er ikkje stor i areal – 14 mål innmark og om lag 400 mål til saman, ikkje få av dei berg haugar og slett ikkje dyrkande mark. Men det er ikkje talet på mål dyrka og dyrkande mark som gjev fred i sjel og sinn. Sidan det ikkje bur folk på barndomsgarden til kvardags, kan det no ikkje vera ufred heller, kan du innvenda. Og det er sjølvsagt sant.

For meg verkar meldingar om krig og ufred ekstra sterkt når dei når meg i barndomsheimen. Langfredag skaut og drap israelske soldatar minst 17 menneske inne på Gaza-stripa og såra minst 1400 då rundt 30.000 palestinarar demonstrerte mot den israelske okkuupasjonen og for palestinske flyktningar sin rett til å venda heim. Kor mange av dei som vart skotne i ryggen medan dei flykta frå israelske (snik)skytarar, det veit ikkje eg. Men svaret frå Israel Langfredag på brennande bildekk og steikasting står slett ikkje i forhold til demonstrasjonane på Gaza-stripa. Å skyta med skarpt og stålkledde gummikuler har som mål å drepa og alvorleg skada. Utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide sa til Dagsavisen at ho var «dypt bekymret over den tilspissede situasjonen på grensen til Gaza.» «Det er uakseptabelt å skyte med skarpt mot de som demonstrerer mot okkupasjon og å bringe sivile i fare i konfliktsituasjoner. Utviklingen illustrerer hvor viktig det er med en varig fredsløsning mellom Palestina og Israel, og at det haster.» Sterkare vert det vel ikkje sagt frå ein Høgre-utanriksminister.

Redd Barna fordømer dei israelske åtaka på det sterkaste: «– Mange sivile ble drept og såret. FN fordømmer handlingene, og vi mener det er uakseptabelt å besvare fredelige demonstrasjoner med slik maktbruk,» sa Nora Ingdal, som sjølv har budd fire år i Gaza. «Israel er bygd på et land der det bodde palestinere tidligere. Dette vet de. Palestinerne har ikke glemt. De viser at de husker landsbyene sine fra 1948. Og det er det demonstrasjonen handler om når de markerer dette. Denne demonstrasjonen er et desperat rop om å se palestinerne.» « Man må huske på at over 70 prosent av palestinerne som bor i Gaza kommer fra dagens Israel. mange av dem kommer fra landsdeler de kan se over til, fra Gaza. Jorda ligger der, og de har fortsatt papirene på at de er derfra.» Då er det som om eg skulle ha sett over til barndomsheimen min frå bilvegen på sørsida av Åkrafjorden, men ha vore utestengd frå det som var eigedommen til foreldra mine. Enn om barndomsheimen min rett og slett hadde vore okkupert, i tiår etter tiår!

Demonstrasjonane som starta Langfredag, var til minne om Landdagen: Seks palestinarar med israelsk statsborgarskap vart i 1976 drepne i demonstrasjonar mot konfiskering av land ått av palestinarane. No planlegg palestinarane i Gaza daglege demonstrasjonar fram mot 15. mai, når palestinarane markerer 70-årsdagen for Nakba (katastrofen) som dei kallar fordrivinga i 1948. EU og FN krev gransking av åtaket Langfredag. Israel nektar plent, og statsminister Nethanayu skryt over hæren sitt åtak. USA blokkerte søndag eit kuwaitisk utkast til fråsegn frå FNs Tryggingsråd om at Tryggingsrådet skulle uttrykkja djup uro over situasjonen og sorg over tapet av uskuldige palestinske liv.

Gazastripa, der det bur nesten to millionar menneske på eit flatemål om lag som Hamar kommune, har vore under total blokade av Israel heilt sidan islamistiske Hamas vann valet i 2006.

Etter at USA fyrst i desember erklærte Jerusalem som Israel sin hovudstad, har det vore steinkasting og uro ved gjerdet på Gaza-stripa mest kvar fredag, seier Nora Ingdal i Redd Barna. Over 400 palestinarar har vorte skotne av israelske militære, og Redd Barna fryktar ei forverring av den humanitære situasjonen. I januar miste FNs hjelpeorganisasjon for palestingske flyktningar i Midtausten (UNRWA) 500 millionar bistandskroner frå USA. Flyktningehjelpa meiner det trugarr tryggleiken i regionen. Berre i Gaza åleine er det rundt 271 000 ungar på UNRWA-skulane. Samstundes er den humanitære situasjonen i Gaza stadig meir desperat, og effekten som blokaden har på ungar i Gaza er dramatisk. Vi snakkar ikkje «berre» om dagen i dag, men om framtidas generasjonar, vaksne opp under okkupasjon og ein vonlaus kvardag, fråtekne skulegong og utdanning.

Staten Israel er ei okkupasjonsmakt. Palestinarane treng å sjå at også menneske i andre land reagerer mot at landet deira er hærsett og blokkert. Laurdag vert det skipa til demonstrasjon i Bergen. Eg håpar du har høve til å koma. Palestinarane treng bergensarane sin solidaritet. Rett og slett. For også palestinarane må få sitt Tøsse.

Oddny I. Miljeteig.