Sviket mot kurdarane

Publisert: 2018-03-20 09:53
Del:
Byen Afrin i Syria er hærsett av tyrkiske styrkar. Det er ein okkupasjon, og det er eit åtak på kurdarane, dei fremste bakkestyrkane i kampen mot IS. Du hugsar dei tøffe, kvinnelege peshmergaene som med stort mot kjempa i Kobane? No vert dei svikne av NATO. Ikkje «berre» svikta, men svikne. Og Noreg er med på laget. Det laget som svik.

Over 200.000 menneske har flykta frå Afrin dei siste dagane. Det er rapportar om omfattande plyndring av byen. Tyrkia seier at fleire andre byar i Nord-Syria no står for tur. Den humanitære situasjonen i Afrin er fælsleg. Titusenvis av menneske lid, desperate og livredde. Tusenvis flyktar dagleg utan å ha ein stad å dra til. Dei har lite mat, vatn og helsehjelp, seier den internasjonale Raudekrossen-komiteen. Dei har no bede om å få koma inn i byen avdi dei ikkje har tillit til tyrkiske Raude halvmåne.

Hærsetjinga av Afrin er truleg i strid med folkeretten. Tyrkia har laga ei historie om at åtaket på Afrin er sjølvforsvar. Korleis? Vi veit at Tyrkia har vore ute etter kurdarane lenge. Erdogan har sagt rett ut i ein samtale med USAs forsvarsminister at det er kurdarane, og ikkje IS, som er Tyrkias fiende nummer ein: «Herr minister, IS er ikke vår fiende nummer 1……Det har kurderne vært, og det kommer de til å fortsette å være til vi vinner. Og vi kommer til å gjøre alt som står i vår makt for å gjøre ende på kurderne.» Dette er ei forferdeleg utsegn som det er umogleg ikkje å assosiera med folkemord. Kurdarane har aldri hatt sitt eige land, og dei har vore undertrykte så lenge vi kan hugsa. At kurdarane vert truga med utsletting frå Erdogan, som meir og meir står fram med ein despots kjenneteikn, det skulle ein venta at både NATO og NATO-allierte tok avstand frå. Og så vi, då – Noreg. Men kva gjer vi?

«NATO og Norge erkjenner at Tyrkia etter forholdene kan ha legitime sikkerhetsinteresser i grenseområdene mot Syria. Vi forutsetter samtidig at Tyrkia og andre aktører i området holder seg innenfor folkerettens rammer,» sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide i Stortinget. Med innestemme. Jo, du ser rett. Her går regjeringa langt i å godta Tyrkias påstand om sjølvforsvar – samstundes som utanriksministeren ikkje stør Erdogan fullt ut. Det er eit uverdig politisk vagl ho plasserer Noreg på, utanriksministeren.

Og kva har så sjølvaste NATO sagt? Javel, Tyrkia er medlem, men betyr det at NATOs generalsekretær er programforplikta til ukritisk å støtta Erdogans regime? Det kan sjå ut til at Jens Stoltenberg meiner så: « No NATO ally has suffered more terrorist attacks than Turkey, and, of course, they have the right to address these serious concerns. But they should do that in a proportionate and measured way.” Det var generalsekretærens bodskap i februar.

Hundrevis av sivile er drepne I dei tyrkiske åtaka. Skular og sjukehus er øydelagde. Og så seier regjeringa at NATO skal vera basert på ein verdifellesskap? Kva i alle dagar slags verdifellesskap er dette? Skal NATO kunna bruka kurdarane til å kjempa for og i lag med seg når det høver slik – for i neste no snu ryggen til når Erdogan i Tyrkia går til utslettingskrig mot nett kurdarane?

Det er eit stygt svik. Frå regjeringsparti-hald har det vore sagt at sidan Tyrkia er det einaste muslimske landet i NATO, vil det vera feil å skulda dei for brot på folkeretten. Kjære folk! Det er jo latterleg at slik skal verta sagt i alvors tale!

Utanriksministeren i Frankrike sa for ein månad sidan at både Tyrkia og Iran bryt internasjonal lov i Syria ved å ha signe eigne soldatar/militære på syrisk jord. Kvifor i all verda kan ikkje norske styresmakter seia det same? Er det nokon særskild grunn til at Noreg skal stilla seg bak sviket mot kurdarane? Cecilie Hellestveit, ein av dei mest anerkjende forskarane både på området og krig og fred, har argumentert for at det er brot på internasjonal lov om norske soldatar vert sende inn i Syria, sjølv om dei skal kjempa mot IS.

No er byen Afrin hærsett og øydelagd. Kurdarane er eit utslettings-mål for Tyrkia. Det er heslig at Noreg ikkje filleristar Tyrkia for åtaka på kurdarane. Skammeleg er det også. Noregs regjering må tala høgt og tydeleg mot sviket mot kurdarane. For kurdarane sin del, sjølvsagt. Men også for vår eigen del som eit anstendig land.

Oddny I. Miljeteig