Ein song til motet

Publisert: 2018-03-07 11:00
Del:
Här är en sång till modet
Den är till alla dom
som vågar tro på morgondan
fast natten är så lång
Här är en sång till modet
en liten, enkel låt
Det kanske verkar meningslöst
Men jag sjunger den ändå

Här är en sång till modet
till glädje, hopp och skratt
Till dom som tror på kärleken
fast hatet är så starkt
Till alla som slår sej samman
Till alla som ställer krav
Till dom som vet hur svårt det är
och ändå säger ”ja”

Det er 8. mars i morgon. Kvinnedagen. Den internasjonale kvinnedagen, feira så langt attende som i 1908 i USA, trur eg – og for alvor innstifta på forslag frå Clara Zetkin på den internasjonale sosialistiske kvinnekongressen i København i 1910. Clara Zetkin var ei briljant marxistisk teoretikar, ho var pasifist, polemisk foredragshaldar og skribent. Clara Zetkin var ei modig kvinne, føre si tid. Og eg har lært av SVs fyrste partileiar, Berit Ås : «Hvis ikke du er forut for din tid, kommer den aldri!» Clara Zetkin braut med tronge kjønnsrollemønster – og sprengde dei vidare – for seg sjølv og alle andre.

Eg skal ikkje gjera nokon freistnad på å utropa 2018 sitt svar på Clara Zetkin. Clara Zetkin var føre si tid i si tid. Viktige kvinnekrav som vart reiste på Clara Zetkin si tid, er framleis ikkje innfridde i dag. Kravet om likeløn, for ikkje å snakka om ei løn å leva av, er kanskje det viktigaste sett her frå berget. Andre stader i verda handlar det for kvinner om å få overleva. India har eit kvinneunderskot på 63 millionar. Jenteborn vert aborterte vekk, sette ut i utmarka, kasta i boset. I verdas største demokrati.

I Noreg har vi ytringsfridom og organisasjonsfridom. Vi plar rekna oss som eitt av verdas fremste demokrati – og mest likestilte. Ja, som kvinner har dei fleste av oss trekte gulloddet når vi får veksa opp i Noreg. Samstundes veit vi at unge kvinner får fårlege dosar med hets, trakassering og og hat når dei stikk hovudet fram i det offentlege rom. Det er ikkje til å tru, og i alle fall ikkje til å godta, at ikkje unge kvinner skal verta heia fram av ei samla offentlegheit når dei gjer røystene sine gjeldande. I Noreg i 2018.

«Det er langt fram,» sa kjerringa, ho såg seg attende. Ja, jammen er det langt fram. Sumaya Jirde Ali, 20 år gammal frå Bodø, skulle halda hovudappellen på kvinnedagen her i Bergen i år. Etter vedvarande hets, trakassering og trugsmål kasta ho inn handkledet og melde avbod. Dette har ikkje fått motstandarane hennar ytst til høgre til å tolma seg. Neidå. Den millliardærfinansierte nettstaden resett.no peisar på. Ei hijabkledd sjølvstendig ung kvinne som ikkje vil la nokon andre definera seg, det vert for mykje for dei som forlangar å få definera henne.

Sumaya Jirde Ali er ei modig ung kvinne. Men sjølv for ei modig ung kvinne finst det grenser. No skal jamvel far hennar ha fått trugsmål. Og heldigvis har statsminister Erna Solberg teke bladet frå munnen og sa i Klassekampen i går at «det er helt uakseptabelt at Sumaya utsettes for negativ sosial kontroll fra nettroll på ytterste høyre.» Statsministeren samanliknar denne kontrollen med den æreskulturen som er å finna i somme innvandrarmiljø: «Negativ sosial kontroll er alltid uakseptabelt. Det er et paradoks at norske mannfolk/menn som klager over æreskultur i innvandrermiljøer, utøver en minst like streng sosial kontroll – bare med andre virkemidler.»

Här är en sång till modet
hos dom som vågar se
Som inte låter tysta sej
men säger som det är
Till alla som bygger broar
Till alla som släpper in
Till dom som tror att människan
kan göra det, hon vill

Sumaya Jirde Ali kjem altså ikkje til Bergen 8. mars i år – og får ikkje gå i 8.-marstoget heller. Men: Vi er mange som vil gå for henne. Sumaya er ikkje ein aktivist eller talsperson for ein organisasjon. Ho er meiningsberar i kraft av seg sjølv. Dess viktigare er statsministeren si støtte. Dess viktigare er bergensarane si støtte. 8. mars går vi alle for Sumaya. Og det same lyder frå 8.mars-initiativa by og land rundt. Dei som har hetsa Sumaya midlertidig til å teia, dei har gjort opp rekning utan vert. For i staden for ei Sumaya på talarstolen og i tog, kjem det til å gå tusenvis av kvinner – i alle aldrar – for Sumaya.

Mikael Wiehe sin Song til modet er ein av dei finaste songane eg veit. Og den tileignar eg Sumaya Jirde Ali og heile 8. mars-feiringa alle stader i år. Eg er viss på at når vi i flokk og fylgje går ut på gater og stader og i forsamlingslokale i morgon, då «växer den og sprider sej i hela Noregs land.»

Här är en sång till alla
som vägrar att ge opp
Till dom som kämpar vidare
fast livet är så hårt
Till alla som vågar längta
till nåt, dom aldrig sett
Som inte låter kuva sej
men håller på sin rätt

Här är en sång till modet
Den är från mej till dej
En liten enkel visa
med det, jag helst vill säg’
Så vårda den väl och lär den
och nynna den ibland
För då växer den och sprider sej
i hela Noregs land

God kvinnedag, Sumaya Jirde Ali og alle som går for deg!

Oddny I. Miljeteig