Kvinneutrydding i vår tid

Publisert: 2018-02-28 10:00
Del:
Eg undrast ikkje om du blunkar ein gong eller to når du ser overskrifta. Og sidan spaltisten garantert er spaltisten med høgast hurpefaktor i denne byen, kan det vera freistande å rista på hovudet og tenkja at eg må ha teke av no like før 8. mars. Men det har eg altså ikkje. Denne spalta skal handla om kvinneutrydding.

I avisa Vårt Land heilt nyleg kom eg over ein kronikk av Erik Lunde, forfattar av boka «Uønsket. Mennesket i sorteringens tid.» Kronikken hadde overskrifta «Mens vi sover». Og undertittel: «India har «mistet» 13 millioner jenter på seks år. Hvordan kan vi sove oss gjennom folketmordet på kvinner?»

Vi veit at kvinners kår er skrinne i India. Valdtekter og drap på unge jenter og jenteborn har nådd vår heimlege mediemerksemd fleire gonger siste åra. Og ja, vi veit også at jenteborn er atskilleg mindre velkomne enn guteborn. Men at det var så gale som dette – vel, eg må vedgå at det visste eg ikkje. India har altså «mist» 13 millionar jenter på seks år. 13 millionar. Det er jo heile, halve Skandinavia, det.

«For noen uker siden kom det dramatiske nyheter fra India. I en fersk rapport fra indiske myndigheter kommer det frem at det «mangler» 63 millioner jenter og kvinner i landet. Det er 13 millioner flere enn det som kom frem ved folketellingen i 2011.» Skreiv Lunde i Vårt Land. Det manglar altså 63 millionar jenter og kvinner. Manglar. Det er eit svimlande tal.

Kvinnemangelen i verdas største demokrati skuldast i hovudsak at det ikkje vert fødde og veks opp nok jenter. Tusenvis av indiske jenteborn vert kvart år forletne. Somme vert funne i live, på gata eller i bosspann. Men mange klarer seg ikkje. Andre jenter vert neglisjerte til døde som born, medan mange vert offer for den omfattande valden som råkar indiske jenter og kvinner. Dei fleste vert faktisk sorterte vekk under svangerskapen, når ultralyden avslører at barnet er ei jente. Over lang tid har det vorte fødd langt fleire gutar enn jenter.

FNs befolkningsfond kallar dette eit folkemord på jenter og kvinner. Indias manglande jenter og kvinner er det det mest dramatiske uttrykket for diskriminering og fornedring av kvinner i vår tid, skriv Erik Lunde. Det er ikkje vanskeleg å vera samd med han i det.

I delstaten Maharashtra har dette kome til uttrykk på ein heilt spesiell måte. I mange år har det vore skikk å kalla uønska jenteborn for Nakusha. Som regel er det jente nummer to eller tre i familien som ber dette «namnet». Kva det betyr? Uønska. Kan du fatta og begripa – at foreldre får seg til å kalla barnet sitt for Uønska?

I ein indisk studie fortel somme av mødrene om korleis jentebarnet var eit stort vonbrot for dei, og at dei har neglisjert døtrene i oppveksten. Jentene fortel om trakassering og fornedring. Somme av jentene får ikkje gulløyredobbane som etter tradisjonen vert gjevne frå mor til dotter. Kontrasten er stor til gutane som kjem til verda etter fleire jentefødslar. Guten får gjerne namn etter ein guddom, det vert halde seremoni og fest.

«Det finnes ingen annen gruppe i historien som har blitt forfulgt og utslettet på denne måten», sier den indiske feministen Rita Banerji. I likhet med mange av de andre aktivistene som jobber med Indias savnede kvinner, reagerer hun på at den massive volden mot kvinner i India ikke vekker like stor avsky som vold og drap andre steder i verden. For Banerji og andre indiske aktivister er det uforståelig at vi ikke hever stemmer mot den systematiske utslettingen av jenter – skriv Erik Lunde.

«Eit godt namn er meir verd enn stor rikdom», heiter det i Salomos ordspråk. I alle fall er Nakusha eit «namn» som fortel historia om ein kultur av fordommar mot og diskriminering av jenter. Om vonbrotne foreldre som helst hadde sett at dottera ikkje vart fødd. Om ein oppvekst i konstant påminning om at foreldra dine ikkje ynskte deg. Om skam, fornedring og utstøyting.

I 2011 brukte styresmaktene i Marharashtra, på initiativ frå aktivistar og organisasjonar som arbeider for kvinners rettar, skuleregister for å samla 280 jenter og kvinner med «namnet» Nakusha til ein seremoni. Samlinga hadde eitt føremål: Dei uønska jentene og kvinnene skulle få skikkelege namn. Og det fekk dei. Det handlar om å gjera dei uønska synlege og gje dei tilbake verdigheita.

«Kvinner i alle lande» er mitt fremste 8. mars-mantra. Sagt på ein annan måte: «Ingen er fri før alle er fri.» Dei manglande millionar av jenter og kvinner i India må få ein plass i 8. mars-feiringa. Dei uønska også. Og så kan eg ikkje fri meg frå å undrast: Det må då faktisk merkast at det er for få kvinner i India? Det er då vel grenser for kor stårt mannsoverskot eit land kan ha, om enn aldri så stort land, før det viser seg som eit skikkeleg problem? Eller?

Uansett: Det folkemordet på kvinner, rett og slett ei kvinneutrydding, som vi ser i India, må ikkje få vera i fred for verdas internasjonale lyskastarar. Kvifor ikkje saka har fått særleg merksemd her heime, det veit eg ikkje. Men det må det verta slutt på. Nei til kvinneutrydding!

Oddny I. Miljeteig