E 39 – Luftslott til meins

Publisert: 2018-02-21 13:53
Del:
Altså, det er jo ikkje så lett å skriva om noko anna enn skeiser i skrivande stund, dagen etter dagen då Fyllingsdalen og Bergen fekk sitt fyrste OL-gull nokosinne. I ein vinteridrett. Og så på 500 meter, distansen som svært få av norske skeiserennarar har meistra. Det er på langdistansane Noreg historisk har fostra dei største av dei største. Men no har Håvard Lorentsen, fyllingsdølen, teke gullet med ein hundredels margin. Og ein hundredel er nok – og godt (som) gull. Sverre Lunde Pedersen har teke bronse. Det er imponerande, det også. Bergen og omland har ingen naturgjevne føremonar når det kjem til skeising. Tvert imot. Det er naturstridig med skeising her som vi ikkje eingong har ein innandørs kunstisbane.

Sidan spalta ikkje skal handla om skeising, får eg koma på sporet ved å seia at det slett ikkje var naturgjeve at Kjell Storelid frå Stord skulle ta to sølvmedaljar i OL i 1994, heller. Berre Johan Olav Koss slo stordabuen på 5.000 og 10.000 meter i Vikingskipet den gongen. Storelid har vorte kåra til århundrets idretssutøvar på Stord, meiner eg å hugsa. Det er vel fortent.

I vebbyggingas OL er det meininga at ferjefri E 39 skal ta gull. Området mellom Bergen og Stavanger skal gjerast til ein arbeidsmarknad, visst – utan omsyn til miljø- og klima. Og tvers over OL-sølvvinnarens sommarøy Stord skal det byggjast fire felts motoverveg. Det vert sagt at dette er framtida – og at det er det som skal til for å gjera Vestlandet til ein reell storregion. Frå Kristiansand til Trondheim skal skal vestkysten samlast – ferjefritt. Utan ei einaste svele!

I Nasjonal transportplan 2010-19 var målet å gjera E 39 ferjefri innan 20 år. I februar 2016 kom Statens vegvesen sin rapport «Utviklingsstrategi for ferjefri og utbedret E 39». 20 års-perspektivet stod fast, men kostnadene var auka frå 150 milliardar til 340 milliardar. Statsminister Erna Solberg sa at kostnadene måtte ned. Næringsminister Monica Mæland, som i den raud-grøne regjeringsperioden nærast stilte seg i spissen for ein vestlandsk separatisme (men utan nynorsk), mælte ingenting i mot. Rogalendingane er mest opptekne av Rogfast til 17 milliardar og av å samla mest mogleg rundt Stavanger-regionen. Det er til meins for Bergen, som må sjå større naturgjevne utfordringar i augo når det kjem til Hordfast til 35 milliardar. I Sogn og Fjordane er kryssinga av Sognefjorden og Nordfjord dei store prosjekta. I Møre og Romsdal er det lagt inn ferjefritt samband mellom Ålesund og Molde. Då ny Nasjonal transportplan for 2018-29 kom i vinter, var det ikkje sett årstal for når E 39 skulle bli ferjefri.

I går skreiv avisa Klassekampen at Statens vegvesen legg ny strategi for ferjefri E39: Strekninga er tidlegast ferjefri i 2050. Då er det langt fram, som han sa, mannen i ordtaket, han såg seg attende.

Ferjefri E 39 kan ikkje byggjast på rutine. Som Klassekampen skreiv i går: Dei lange fjordkryssingane er teknologisk krevjande, og det tek tid å utvikla og kvalitetssikra dei nye løysingane. Fylkesordføraren i Møre og Romsdal trur at kryssinga av Sognefjorden er prosjektet det no spøkjer for.

Her på Oljeberget har visst også høgresida funne ut at finansiering kan ha sine grenser. Ei ferdigstilling innan 2050 krev særs store årlege løyvingar, tre til seks gonger større enn det som er sett av fram til 2024 (Klassekampen).

Så er sjølvsagt spørsmålet: Er dette vitug bruk av pengar vi (nesten) ikkje har? Sei E 16, og eg meiner svaret er gjeve. Alle som brukar augo, må sjå at medan E 39 får stadig meir preg av luftslott, ja, så blør bokstaveleg tala alle som er avhengige av E 16 og ein oppgradert Bergensbane/Vossabane. Og dette prosjektet er slett ikkje luftslott. Det er nesten så ein kan mistenkja at E16/Vossebanen er for lite storfelt, for lite prangande, for lite utopisk. Det hjelper heller ikkje at dette prosjektet vil berga liv. Årleg. Ein skulle tru at kvart liv som vert berga, er like stort som ei medalje i OL, ja, jamvel større. Det er E 16 og Vossabanen som er samferdslepolitiske OL-gull. E 39 er luftslott, til meins for samfunnsgagnlege prosjekt.

Oddny I. Miljeteig