Betre føre var enn Acer

Publisert: 2018-02-01 08:00
Del:
Here we go again! Det kan vera du synest eg har dårleg fantasi, når spalta denne veka skal handla om det same som førre veke: Acer. Men det er altså med vilje, og det er mange andre saker eg kunne ha tenkt meg å skriva om. Så kva er det med Acer, som vi knapt har lese om og høyrt om? Mellom anna er det at Acer er så lite omtala i media. Og det er alvorleg, når regjeringa vil ta vårt rennande vatn og leggja vasskrafta inn under EUs energibyrå til like evig tid som vatnet renn. Acer er EU-byrået for samarbeid mellom energiregulerings-styresmakter. Å gje Acer råderett over norsk kraftpolitikk er ein lekk i å få Noreg inn i EUs energiunion. Det er ikkje småtteri!

Regjeringa, dei ser på Acer-tilknyting som småtteri. I alle fall ikkje suverenitetsavståing etter Grunnlova. Paragraf 115 i Grunnlova seier at det må tre firedels fleirtal til i Stortinget når det kjem til suverenitetsavståing. Paragrafen er brukt berre ein gong: Då Noreg sa ja til EØS-avtalen i 1992. Du veit EØS-avtalen – den som regjeringa Gro Harlem Brundtland med støtte frå norsk høgresida og alt dess vesen meinte skulle vera ein mellombels avtale til det norske folk «tok til vit» og var mogne for EU-medlemskap. Men då hadde Gro Harlem Brundtland og dei gjort opp renkning utan vert, som vi veit. Per i dag er det, såvidt eg hugsar, fleirtal blant veljarane i alle norske parti mot EU. Det er difor alle tilhengjarpartia går så stilt i dørene når det gjeld medlemskap i EU. Men det betyr ikkje at dei ser på EU-spørsmål i tråd med det norske folks nei til union i 1972 og 1994. Så stilt som råd prøver dei å få Noreg til å knyta seg tettare og tettare til unionen. Ingen er så «flinke» til å ta inn EU-forskrifter og forordningar i norsk lov og regelverk – som Noreg. Det er pinleg, spør du meg, og med fullstendig forakt for altså to folkerøystingar.

No gjeld det altså sjølve vaskkrafta, den evig fornybare. I mars skal Stortinget altså røysta over om Noreg skal verta med i dette EU-byrået for energiregulering som heiter Acer. Det vil regjeringa at Stortinget skal gjera med utgangspunkt i paragraf 26 i Grunnlova som gjeld mindre omattande suverenitetsavståing. Kan du tenkja deg? Ser du for deg Noreg med fossar og elvar som er utbygde i stort og smått? Og heile vår kraftkrevjande industri? Det skal ikkje mykje fantasi til for å tenkja seg at å gje frå seg kontrollen over vasskrafta, det må vera suverenitetsavståing i stort.

Jussprofessor Eivind Smith, som er det næraste vi i Noreg kjem Grunnlova «in person», meiner at regjeringa medvite unngår å seia at Acer-tilknyting de facto er suverenitetsavståing. Reint konstitusjonelt, ikkje politisk. «Utgangspunktet er at regjeringa gjerne ville ha vore med i EUs energibyrå. Men vi er ikkje med i EU,» sa professoren i Klassekampen måndag.

Nei vi er ikkje med i EU. For å koma rundt at Acer-tilknyting er suverenitetsavståing til nett EU, har regjeringa konstruert fylgjande system (og hald deg fast, for dette ser meir ut som eit politisk nachspiel enn seriøs politikk): Esa, Eftas overvakingsorgan, skal senda Acer sitt vedtak vidare i eige namn, men slik at innhaldet ikkje blir endra. Vedtaka skal rettast til ei ny avdeling i Vassdrags- og Energidirektoratet (NVE) som skal vera uavhengig av styresmaktene. Ja, det skal liksom vera så uavhengig, altså. Eller nøytralt. Byråkrati og ikkje politikk. Men byråkratisk organisering er i botn og grunn politikk. Og ikkje minst her. For: Korkje regjeringa eller departementet skal kunna nytta den makta til å styra forvaltningsapparatet som elles fylgjer av Grunnlova, og den norske lovgjevande makta skal ikkje kunna gjera om på sjølvstendet – ordrett attgjeve frå Klassekampen, slik at eg ikkje skal gå i ball i formuleringane. Eg har lese både ein og fem gongar. Og det er berre til å slå fast: Slik vil regjeringa lura både demokratiet og folket!

Jussprofessor Eivind Smith meiner det er tale om «vedtak som får direkte innverknad i nasjonal rett i Noreg og som grip inn i den råderetten over forvaltningsapparatet som Grunnlova legg til den lovgjevande makta. Den nye Reguleringsstyresmakta (RME) skal vera uavhengig av politisk styring på eit vis som ikkje gjeld for noko anna uavhengig organ i forvaltninga.» (Klassekampen måndag)

Acer skal fyrst og fremst prøva å oppnå semje med nasjonale reguleringsstyresmakter. I praksis er det difor ikkje sikkert at retten til å treffa vedtak vil ha all verda å seia. «Men det er jo nett når ein er usamde, slik at vedtak vert naudsynt, at dette kan bli dramatisk,» slår jussprofessoren fast. Han er også kritisk til at dei konstitusjonelle spørsmåla vert møtte av regjeringa med reint praktiske motargument. « Dei går sterkt inn for ordninga fordi dei meiner det er ei god ordning. Om dette er riktig, har eg som jurist ikkje noko standpunkt til. Men om regjeringa er så sikker på at ho har rett i sitt syn, bør det jo ikkje vera noko problem å bruka paragraf 115.» Seier Eivind Smith.

Regjeringa har ikkje fleirtal i Stortinget. Som så ofte elles, har det mykje å seia kva Arbeidarpartiet meiner og gjer. Arbeidarpartiet plar vera EU-lydige – på tvers av veljarane sine (dei også). Eg har den vona at sosialdemokratane denne gongen vil tenkja demokrati, Grunnlov og konstitusjon og slik sett både går inn for paragraf 115-behandling og mot å leggja norsk vasskraft under EU-forvaltning. Det er på høg tid at vårt største parti tek innover seg at det å gjera norsk vasskraft EU-styrt via Acer er ein bakvegen-strategi for å gjera Noreg endå meir til EU-medlem. Og vi har då ikkje noko demokrati å avgje via byråkratisk forordning, har vi? Betre føre var enn Acer!

Oddny I. Miljeteig