Med husmannsånd inn i Acer?

Publisert: 2018-01-18 07:53
Del:
«Acer»? spør du. Nei, det er ikkje noko eg har funne på som ein uskjøneleg motsats til nynorsk. Diverre. Acer er EUs energibyrå/energiunion, altså EUs byrå for samarbeid mellom energiregulerings-styresmakter. Dette samarbeidet vil regjeringa ha Noreg inn i. Altså: Noreg skal bli ein del av EUs energiunion. Det er mildt sagt avståing av suverenitet. Mildt sagt. Noreg er i særklasse når det gjeld regulerbar fornybar energi. Vatnet, veit vi. Fossefall i smått og stort som gjev oss straum til dommedags ettermiddag. Inga kraft er reinare og mindre risikabel enn vasskrafta.

For eit godt hundreår sidan vart norske bønder lurte opp i stry til å selja fossekrafta si på billegsal. No vil regjeringa at Noreg som sådan skal gjera det same. Rekninga skal Noregs innbyggjarar betala i form av høgare straumpris – og utkonkurrering av kraftkrevjande industri her til lands. Fagforbundet Industri Energi meiner straumprisen vil auka med mellom 10 og 40 øre per kilowatt-time som fylgje av nye kraftkablar til utlandet –og Acers regelverk. Noregs vassdrags- og energidirektorat påreknar at prisen vil auka med tre øre på kort sikt. Galematias? Javisst. Men det er noko merkeleg når det kjem til EU: Då gjeld ikkje sunn fornuft og folkevit lenger.

I går demonstrerte fleire LO-forbund og –avdelingar utanfor Stortinget – mot at EU skal få kontroll over norske kraftressursar. Kravet er at Stortinget må leggja ned veto mot å tilslutta Noreg EUs energiunion. Regjeringa meiner at tilslutnaden til Acer skal vedtakast med simpelt fleirtal i Stortinget. Då trengst einast Høgre, FRP og AP, så er den saka i boks. SV, Senterpartiet, KrF, Raudt og MDG har sagt at saka ikkje er så enkel. «Grunnlovens paragraf 115 slår fast at overføring av makt til overnasjonale organer som Norge ikke selv er medlem av, krever tre firedels flertall i Stortinget. Dette er en åpenbar avgivelse av suverenitet,» sa jussprofessor Erik Holmøyvik ved universitetet her i byen i avisa Klassekampen i går.

EUs energiunion har som mål mest mogleg fri flyt over landegrensene. Målestokken for den frie flyten er om prisane vert utlikna mellom landa. Vert Noreg med i Acer, vil det vera EUs organ som får råderett over om det skal byggjast fleire kraftkablar mellom Noreg og EU. Norske kraftprisar er altså lågare enn i EU. EU-kommisjonen skriv at berre ein får ein infrastruktur «uten tekniske eller regulatoriske hindringer», vil «energileverandørene konkurrere fritt og tilby de beste energipriser» (Klassekampen måndag).

Ein rykande fersk rapport utarbeidd av kunnskapssenteret De Facto seier at tettare integrering i EUs straummarknad kan gjera at Noreg går frå å vera blant landa med lågast straumpris til å bli blant dei med høgast straumpris. Roar Eilertsen i De Facto forklarer at norsk natur gjev større utgifter ved utbygging og vedlikehald av straumnettet enn i andre land. Det er berre å la augo sveipa over landskapet her i landet for å skjøna det. Ekstrautgiftene gjev utslag i høg nettleige som vert lagd på toppen av sjølve straumprisen. Eit hopp i kraftprisane kan få store konsekvensar for den kraftkrevjande industrien i Noreg. Og så skal Stortinget gje den kraftkrevjande industrien banesår – med opne augo og simpelt fleirtal? Eg må seia det er ein bakvend fri flyt!

Norsk vasskraft kan, i motsetnad til til dømes vind- og solkraft, justerast gjennom døgeret, gjennom at ein styrer kor mykje vatn ein slepper igjennom. Det gjer at ein kan henta ut såkalla «flaskehalsinntekter» frå utvekslinga mellom Noreg og andre land. I dag går desse inntektene attende til norske forbrukarar i form at lågare nettleige. Men De Facto-rapporten seier at Acer-medlemskap kan endra dette. Flaskehalsinntektene skal einast nyttast til å sikra overføringskapasiteten. Noreg kan påleggjast å nytta desse inntektene til å byggja fleire kablar til EU i staden for til lågare nettleige. Allereie har vi bygd overføringskablar til Sverige, Danmark og Nederland i tillegg til at to kraftkablar til Storbritannia og Tyskland er under bygging – og ein kabel til Skottland er under behandling.

Dersom Arbeidarpartiet går i lag med regjeringspartia, som no også omfattar Venstre, kjem ikkje norske styresmakter til å styra norsk kraftpolitikk meir. At også Arbeidarpartiet ser ut til å meina at dette er eit spørsmål som ikkje har med Grunnlova og suverenitetsavståing å gjera, det er til å grina av. Viss omgrepet «norske interesser» skal ha noka meining i anna enn idrett, ja, så må Stortinget seia nei til å innlemma Noreg i Acer og behandla saka etter Grunnlova. Bevare oss vel!

Oddny I. Miljeteig