Hushjelpstafett for heiltid?

Publisert: 2018-01-17 13:03
Del:
Hushjelpstafett. Smak på ordet. Nei, det er ikkje eg som har funne på det. Det er, såvidt eg veit, Dagens Næringsliv på leiarplass som har funne på det.

Når NHO har sin årskonferanse like etter nyttår, får vi ofte presentert arbeidskjøparsida på sitt ærlegaste, råaste og tidvis mest vulgære. Eitt år hadde dei plassert ein stressless på scenen – for å symbolisera det arbeidande folkets ibuande latskap. Ja, det hadde dei, NHO.

I år var det kvinnenes deltids arbeidsliv det skulle talast om. For no har arbeidskjøparane oppdaga den store ubrukte verdien som ligg i kvinners deltid. Tenk det! Hadde dei høyrt på Berit Ås for 40 år sidan, ja, så kunne kvinners arbeidsliv og med det heile arbeidslivet ha sett annleis ut i dag. Men det kunne sjølvsagt ikkje falla NHO og dei inn.

Og når eg skriv «og dei», så er det sjølvsagt Spekter eg tenkjer på. Arbeidskjøparorganisasjonen med det med vilje uskjønelege namnet. Uskjønelege namn er ofte uskjønelege med vilje. Og kanskje trur Spekter-direktør Anne Kari Bratten at vi ikkje skjønar kven ho eigentleg representerer når ho kjem med sine programmatiske åtak på kvinner i arbeidslivet, ja, at det er nærast ein regnboge-organisasjon ho står i spissen for? Her eit året tok ho for seg sjukepleiarane, som ho meinte heller ville sitja på kafe enn å jobba heiltid. Ho sa ikkje eitt ord om dei titusenvis av kvinner som ikkje får anna enn deltid uansett kor mange vakter dei shoppar for å få inntekter til å gå opp med utgifter. I år var det ein meir uspesifisert kvinnehop ho tok for seg; dei som heller vil shoppa på CC Vest enn å jobba. Kor CC Vest er? Det visste ikkje eg heller, men eg har fått fortalt meg at kjøpesenteret ligg på Oslo Vest, i gåavstand frå Vinderen og Blommenholm – omlag. Det er ikkje ein aktuell shoppe-stad for så mange av oss. Men deltids-kvinnene vert stigmatiserte så det held. Kor mange deltids hjelpepleiarar og butikktilsette som er gifte med manne-direktørsjiktet som har heimeverande «trofe-kone», det veit eg ikkje om nokon har forska på. Fordi det ikkje er vits i, liksom!

Det var årets Spekter-Bratten. Årets Skogen Lund i NHO handla om: Au-pairar. Ikkje om å tryggja rettane til au pairar som er i Noreg på kulturutveksling – for det er det dei faktisk er. Au pair-ordninga er ei kulturutvekslingsordning, og au pairane skal ikkje jobba meir enn 30 timar for veka. Vertsfamilien betaler lommepengar, standard er 5600 kroner i månaden.

NHO-direktøren meiner at fleire norske kvinner bør ha au pairar for sjølve å koma seg ut i full tids jobb. Og: at fleire familiar kan dela på ein au pair, slik at det vert (endå) rimelegare. Det betyr, såvidt eg kan skjøna, at NHO ikkje erkjenner at au pair-ordninga er kulturutveksling, men ser på au pairane som hushjelper på billegsal. Det er faktisk sjokkerande. I alle fall er Dagens Næringsliv så sjokkerte at dei på rosa papir refsa NHO for forslaget om «hushjelp-stafett.» Og då må sjølv NHO skjøna at dei har gått for langt!

Regjeringa bryr seg ikkje om misbruk av au pair-ordninga. Ja, for au pairar vert grovt utnytta. Så grovt utnytta vert dei at 21 personar i fjor vart ilagde karantene! Det betyr at ein vertsfamilie grovt eller fleire gonger har brote vilkåra for au pair – og vert utelatne frå å ha au pair i inntil ti år. 2. juni i fjor vedtok Stortinget, på forslag frå Karin Andersen frå SV, at karantene kan gjelda for alltid om brota på vilkåra er grove. I 2016 vart 29 personar ilagde karantene. Utlendingedirektoratet(UDI) sine heilt ferske tal (Klassekampen i går) viser at talet på au pair-løyve har gått ned frå 1181 i 2016 til 963 i 2017. Nett no vurderer UDI karantene for 43 personar. Både vertsfar og vertsmor tel i statistikken.

Caritas Noreg driv au pair-senter i Oslo med avdelingar i Bergen, Stavanger og Drammen etter at Norsk Folkehjelp måtte leggja ned sitt senter avdi regjeringa/stortingsfleirtalet kutta løyvingane.

Au pair-ar er ei sårbar gruppe. Søkjer dei om å få byta familie, må dei betala gebyr på 5.300 kroner – altså ein månads «lommepengar.» Slik institusjonaliserer staten utbyting.

NHO meiner norske kvinner skal laga seg «au pair-stafett» for å delta meir i arbeidslivet. Så skulle ein i det minste tru at NHO ville sjå ironien i at få kvinner jobbar så mykje som au pair-ane, ja opp imot 60 timar, seier Caritas. Og hugs: Dess meir dei jobbar, dess dårlegare vert timeløna!

Eigentleg meiner eg at vi alle bør greia vårt eige husarbeid, fattig eller rik, om vi har nokolunde helse. Det skjønar eg at ikkje alle er samde med meg i, og det er heilt greitt. Men det vi alle i så fall må vera samde om, er at skal vi ha betalt hjelp i huset, ja, så får det skje med ordna forhold, med løn og arbeidsforhold etter tariff. Også hushjelper skal ha sjukeløn og pensjon – faktisk.

Det ser ikkje ut til at vi i Noreg er i stand til å tilby ei anstendig au pair-ordning. Då bør vi skrota ordninga. Om NHO synest det er greitt å utnytta unge kvinner frå Søraust-Asia (for det er derifrå au pair-ane no stort sett kjem), ja, så bør faktisk ikkje ei blå regjering stilla opp som tafatt tenarskap for Kristin Skogen Lund i hennar særeigne «hushjelpstafett.»

Oddny I. Miljeteig