Svartelista frå Betlehemsmarkene

Publisert: 2018-01-10 08:23
Del:
Lik mange andre har eg i årevis hatt eit ynskje om å reisa til Palestina og for den del Israel. Eg kjenner meg høgtidsstemd berre ved tanken. Enn å få vitja Fødekyrkja i Betlehem, Nasareth, Golgata, Galilea, Hebron, Genesaretsjøen, Jerusalem – der heile barndommens Bibelsoge står i kø. For eit kristent menneskje kan det knapt finnast eit mektigare reisemål. Og ein kan vera ukristeleg som berre det og likevel oppleva det stort å vitja stader som høyrer hundreårs av kulturhistorie til.

Då eg var liten, var Bibelsogelandet mest like kjent som vårt eige land for meg. Ikkje eigentleg, sjølvsagt, men gjennom Bibelsoga på skulen og møte- og stemnedeltaking elles kjende vi på at det var heimsleg med Bibelsogelandet.

Ikkje noka konflikt er så sår og kjenslevar for meg som Palestina-Israel. Det er vondt nok i seg sjølv å sjå Israel utvikla seg frå «kibbutz-riket» som unge valfarta til på 60- og 70-talet til eit apartheidregime og steinhard okkupant av palestinske område med ulovlege busetjingar og ein justis overfor palestinske borgarar som ingenting har med eit demokrati å gjera. Og så er det Jesu heimland attpå.

No skal Israel stengja tilhengjarar av den internasjonale boikott-rørsla ute frå Israel og Palestina. 20 organisasjonar frå ti land er sette på svarteliste. Mellom desse er den internasjonale boikottkampanjen (BDS-kampanjen) sine avdelingar i Italia, Frankrike, Tyskland, Chile og Sør-Afrika.

Sør-Afrika, ja. Det er nett frå kampen mot apartheid i Sør-Afrika at den globale rørsla for boikott, desinvesteringar og sanksjonar mot Israel (forkorta BDS) hentar inspirasjon. BDS-kampanjen fremjar ein ikkje-valdeleg, pro-palestinsk boikottstrategi. Kampanjen oppmodar til ulike former for boikott av Israel, til dømes av varer og tenester, eller akademisk boikott. Med «Apartheidfrie sonar» krev BDS-kampanjen at Israel må retta seg etter folkeretten og menneskerettane.

Sjølvsagt er israelske styresmakter heftige motstandarar av boikottkampanjen. I tillegg til BDS-kampanjen omfattar svartelista til dømes Jewish Voice for Peace, USAs raskast veksande jødiske organisasjon med 15.000 betalande medlemer og 250.000 støttespelarar, skreiv avisa Klassekampen i går. Ein annan svartelista organisasjon er American Friends Service Committee, kvekarorganisasjonen som i 1947 fekk Nobels fredspris for hjelpa si til jødar under nazismen. War on Want, ein britisk organsiasjon som arbeider for sosial rettferd og mot krig er også svartelista. Det same er Palestine Solidarity Campaign, ein britisk organisasjon som vert støtta av Labour-leiar Jeremy Corbyn, blant andre.

Den norske Palestinakomiteen står på svartelista. Leiaren, Kathrine Jensen seier til Klassekampen at israelske styresmakter fram til no har halde korta tett til brystet og nekta å sei kva aktivistar frå kva propalestinske boikottorganisasjonar dei vil stoppa på grensa. Sjølv har Jensen vorte nekta innreise til Israel og Palestina tidlegare – med grunngjevinga at ho har utgjort ein tryggingsrisiko. Då har ikkje boikottspørsmålet vorte nemnt. No er svartelista ei stadfesting på at det er frykta for boikottkampanjen som ligg bak. Boikottkampanjen får stadig større støtte også i jødiske miljø, seier Kathrine Jensen til Klassekampen og trekkjer fram Jewish Voice for Peace.

Dagen før israelske styresmakter offentleggjorde svartelista, vart Liv Snesrud frå Kirkens Nødhjelp stoppa på grensa. Snesrud som har vore Kirkens Nødhjelp sin landrepresentant i Palestina tidlegare, har budd i Israel i fleire år. Laurdag fekk ho ikkje løyve til å reisa innatt i Israel.

Tilfeldigvis var utanriksminister Ine Eriksen Søreide på statsbesøk i Israel samstundes med at svartelista vart kjend. I møte med statsminister Nethanyahu tok ho opp spørsmålet om innreisenekt, og ho seier til Klassekampen at norske styresmakter vil halda fram med å ta opp kritikken av svartelistinga med Israel.

Ei gruppe Palestina-vener frå Bergen har i fleire månader no trena for å vera med på Palestina Maraton sist i mars. Hadde eg vore i betre fysisk form, ville eg ha vore med, som ei solidaritetshandling. Og ja, det er ulike distansar dei skal springa. Ikkje alle spring full maraton – kjære folk, det er ikkje for gud-og-kvarmann! Skal no desse stengjast ute og ikkje få vera med på maraton-tilskipinga? Det får vi inderleg ikkje tru. Noko meir fredeleg enn å springa maraton kan då vel knapt tenkjast!

Dei israelske styresmaktene skal i fylgje avisa Haaretz ha «finjustert» dei som står på svartelista frå å gjelda «medlemer» til å gjelda «ledere og nøkkelaktivister». Jajamennsann.

Eitt kan vi i alle fall slå fast: Boikottkampanjen sitt arbeid, til liks med andre freds- og menneskerettsorganisasjonar sitt arbeid, det verkar. Palestinakomiteen sitt solidaritetsarbeid også. Hadde det ikkje vore så himmelropande gale, ville eg ha sagt at det er ei ære å stå på denne svartelista.

Israel likar å kalla seg Midt-Austens einaste demokrati. Det demokratiet er særdeles frynsete. Å svartelista fredelege menneskerettsaktivistar gjer altså ikkje eit demokrati. Og å svartelista fredsæle menneske frå Betlehemsmarkene, sjå det finst det ingen som kan overgå symbolkrafta i. Julekrybbene våre er ikkje rydda vekk etter jul. Dei står der som minnet om Barnet i krubba. Krafta frå Betlehemsmarkene er Barnets kjærleikskraft. Det er denne Israels styresmakter vil trumfa med svartelista si. Faktisk er det det.

Oddny I. Miljeteig