Det verkar, så vi legg det ned!

Publisert: 2018-02-07 11:00
Del:
Ulvsnesøy. Eg hugsar fengselsavdelinga på øya frå eg arbeidde på sosialkontor her i byen på 80-talet. Eg hadde klientar også som hadde vore der, eller var der. I all ettertid har eg nikka stillsleg til meg sjølv når eg har høyrt Ulvsnesøy vorte nemnt: Ja, så bra at dei framleis finst.

Men no skal ikkje Ulvsnesøy finnast meir. Det er visst for dyrt. Det hjelper ikkje at det faktisk verkar. Neidå. Eg må seia eg lurer fælt på reknekunstane til desse som har funne ut at Ulvsnesøy er for dyrt. Sant å seia trur eg at svaret er gjeve føreåt, og så vert reknestykket laga deretter. Ein kan bli varm i toppen av mindre! Her driv Noreg og sender fangar til Nederland og greier visst ikkje å fylla opp plassane der – medan fengselsplassar her heime står unytta. Og no skal altså Ulvsnesøy leggjast ned. Eg googla Ulvsnesøy, og her er informasjonen om Bergen fengsle avd. Osterøy:

«Open avdeling Osterøy Bergen fengsel avd. Osterøy er plassert på Ulvsnesøy, som ligg i Sørfjorden, mellom Bruvik og Vaksdal. Avstanden er ca. 5 mil i retning aust for Bergen. Avdelinga har eiga båtdrift som går i rute mellom Ulvsnesøy, Bruvik og Vaksdal. Avd. Osterøy har 31 soningsplassar, av desse er 9 for kvinner. Hovudbygget rommar to bu einingar for kvinner i tillegg til administrasjon, vaskeri, hovudkjøkken samt felles matsal og tv-stove. Mannlege innsette er fordelte på 5 eigne hus. Grunnlaget for soninga bygger på normalitetsprinsippet. Det er ynskjeleg at innsette i størst mogeleg grad tar ansvar for seg sjølve. Det gjeld vask av klede og ansvar for mat og reinhald på eige hus. Alle er ansvarlege for å bidra til eit godt miljø. Betjentane i avdelinga nyttar ikkje uniform. Vidare er det felles lunsj og middag for innsette og tilsette. Når det gjeld sikkerheit vert den m.a. ivareteke gjennom mest mogeleg samhandling og eit godt miljøarbeid. Verdigrunnlaget til Bergen fengsel, avd. Osterøy byggjer på at vi trur at alle domfelte kan endre si åtferd, og at endra måte å tenkje på gjer endring i åtferd. (Mi utheving) Vi er derfor oppteken av at vi som tilsette skal vere engasjerte i vårt arbeide, og at vi må vere i stadig utvikling for at vi til ei kvar tid skal kunne gjere ein best mogleg jobb for samfunnet og den innsette. Under soninga må innsette arbeida aktivt med å førebu lauslatinga og tida etter. Alle blir tildelt kontaktbetjent som bistår med framtidsplan og nettverksbygging. I fengselet er det aktivitetsplikt, innsette møter til arbeid i drift / gard eller på skule. Arbeidstid er frå klokka 08.15 til 14.30. Avdelinga har ei eiga skuleavdeling underlagt Åsane videregående skole.»

Ulvnesøy vart oppretta i 1881 som ein straffeanstalt/skuleheim for «slemme gutter.» Opphaveleg namn var Ulfsnesøens Opdragelsesanstalt i Nordhordland for vanartede og forvildede gutter. Inga finkjensle i namnet der, nei. «Vanartede» og «forvildede», nesten i klasse med «monster.» Men likevel ikkje heilt. Og humanismen viste seg etter nokre tiår også for Ulvsnesøy: I år 1900 fekk anstalten ny status i samsvar med Lov av 1896 om forsømte barn (Vergerådsloven) og vart då til Ulvsnæsøens Skolehjem for forsømte Gutter. Forsømde gutar altså. Ein heilt annan og inkluderande dåm over det enn dei «vanartede» og «forvildede.»Rett og slett ei erkjenning av at dei «forsømte» var born som andre born – men altså forsømde. Ikkje nokon galne eller monstrøse eigenskapar ved gutane – det var føresette som hadde forsømt seg. Lov av 1951 om spesialskoler gav grunnlag for nyordning ved at staten overtok drifta for Ulvsnesøy skole for gutter med tilpasningsvansker. Og då kan vi spørja om humanismen tok ein pause, for no er det gutane som har tilpassingsvanskar det er fokusert på. Uansett: I 1965 vart namnet igjen forandra, då til Ulvsnesøy off. Skole. Gutane som budde og gjekk på skulen vart sende dit av styresmaktene på grunn av omsorgssvikt eller åtferdsproblem. Skulen vart lagd ned i 1981, og frå 1982 har det vore fengsel på Ulvsnesøy. Like til no, når Justis- og beredskapsdepartementet vil leggja ned fengselsavdelinga. Berre på trass? Fordi det er ubehageleg å bli påmint at human soning verkar? Ulvsnesøy er til dømes det fengselet/den avdelinga som har flest gjennomførte eksamenar på vidaregåande- og høgskulenivå. Samarbeidet mellom skule og arbeidsdrift på avdeling Osterøy er godt. Bergen fengsel avdeling Ulvsnesøy har 100% sysselsetjing. Betre kan det ikkje bli. Regjeringa seier sjølv i erklæringa si at dei «vil styrke det kriminalitetsforebyggende arbeidet og rehabilitering av straffedømte.» Og: «Regjeringen vil arbeide for et mer rehabiliterende straffegjennomføringssystem ved at det legges større vekt på innhold i soningen.» Ser du – det passar som hand i hanske for Ulvsnesøy.

På Ulvsnesøy sonar både kvinner og menn. Soningsforholda for kvinner rundt i Noregs land er mildt sagt så ymse. Det handlar om trakassering og også overgrep frå menn. Vi veit at mange kvinnelege fangar har negative opplevingar med menn også før soning. Så kva med å gjera Ulvsnesøy til ein soningsstad for kvinner? Det kunne ha vore regjeringa sitt bidrag til 8. mars-feiringa om ein månad, veit eg? I alle fall skal eg skriva meir om nett dette i ei eiga spalte. Uansett kan vi jo ikkje finna oss i at regjeringa driv politikk etter eit slags ordtak om at « Det verkar – difor legg vi det ned!»

Oddny I. Miljeteig