Hundreårs skam

Publisert: 2017-12-20 14:50
Del:
I det eg sette meg til for å skriva spalta, las eg på nettet at handball-esset Nora Mørk kjempar for å ta tilbake sjølvbiletet og livet sitt etter at ein ukjend mann hacka telefonen hennar via ein app og stal nakenbilete av henne. Bileta har vorte spreidde utan at Nora Mørk har hatt nokon som helst kontroll på det. Til dagbladet.no fortel Mørk at ho til sist ikkje var i tvil om at ho måtte gå vidare med saka: «- Det er tre grunner til det. Det er for å ta tilbake kontrollen over livet mitt og det er også fordi jeg er utrolig forbanna, skuffa, lei meg og frustrert. Jeg gjør det også for mange av de andre jentene der ute som har vært utsatt for det samme som meg, sier Mørk.»

Handballjentene er vår alles tøffingar, fulle av kollektivt liv og humør – og styrke. Snart 50 år etter at den nye kvinnerørsla lanserte slagordet «Det private/personlege er politisk!», sit stadig nye generasjonar unge kvinner fast i det ei raudstrømpe som meg vil kalla patriarkatets påførte skam. Nora Mørk har måtta gå sine rundar, fortel ho. Heldigvis snakkar ho no. For denne slags kan ikkje teiast i hel, det må talast i hel, for å låna endå eitt slagord frå 70-talets kvinnerørsle.

70-talet var også dei tøffe kvinners tiår – og FNs kvinnetiår. I Noreg vart abortlova vedteken i 1978. Abortlova handlar om at kvinner skal ha råderett over eigen kropp. Det kjennest rart å skriva noko så nesten platt sjølvsagt – men vita at framleis står kampen i mange land om sjølvbestemt abort. 70-talet var framgang for kvinner, før tilbakeslaget viste seg i ulike framtoningar, det vere seg skjønnheitstyranniet, eteforstyrringar, ein kvinneundertrykkjande moteindustri som ikkje endra seg, deltids yrkesliv – og så pornoen og prostitusjonen, då. Traffickinga. Hallikindustriens internasjonale kamp for legalisering av betalt valdtekt – som prostitusjonen jo er. Det gjenstridige rettsstellet som framleis i Noreg held kvinner ansvarlege for valdtekt – fordi «dei oppmuntra til det» gjennom påklednad, sminke – og gå åleine heim om kvelden. Nei, vi snakkar altså ikkje om reaksjonære imamar . Vi snakkar om det krittkvite, norske rettsstellet som framleis ligg som ei tvangstrøye over kvinners fridom og frigjering. Andrea Voll Voldum frå Lærdal sprengde av seg tvangstrøya då ho tala ope ut om at ho hadde vorte gjengvaldteken – og at overgriparane vart frikjende.

Det handlar om skam. Sjølvsagt handlar det om skam. Slik det har gjort i generasjonar, ja, i hundreår. Er det noko som er internasjonalt, er det kvinneundertrykkinga. Poeten Kjersti Ericsson har uttrykt det på sterkaste vis i diktet By oss ikke noe smått:

«By oss ikke noe smått

noe halvt

Be oss ikke ta til takke!

Vi kommer her

med gløden fra alle bålene i oss

svien fra alle slagene

og støvletrampene mot hjertet

med sulten i de ulevde livene

og den forferdelige heten

i vår aldri gjengjeldte kjærlighet.

Stå ikke i veien for oss

når vi kommer for å vende jorda

med voldsomme spatak

når vi kommer for å dyrke den

på vårt vis.

Stå ikke i veien for oss

for vi eier morgendagen!»

Sterkare frampeik kunne ikkje #metoo-kampanjen ha fått – når den som ei u-planlagd flodbylgje har rasa over fleire kontinent og gjeve styrke til kvinner som har bore skam, sorg, fortviling og maktesløyse inni seg i årtider. Fleire generasjonar har visst, som einskildpersonar og som fortrulege veninner og systrer. Men dei har tagd – i avmakt og ei slags felles skam. Danske Suzanne Brøgger, forfattar og feministikon, sa til Klassekampen i går om #metoo-kampanjen : «jeg har tenkt endelig. Det har alltid vært så mye skitt som bare fikk passere. Da jeg så #metoo, så jeg først og fremst at den ødeleggende skitten ble trukket ut av mørket.»

Suzanne Brøgger var, skriv Klassekampen, på sitt vis #metoo før #metoo fanst. Brøgger «har skrevet om seksualiteten og om det grenseoverskridende i nesten 50 år.» I debutromenen «Fri oss fra kjærligheten» (1973) skildra Brøgger ei valdtekt ho var offer for som ung journalist på reportasje i Usbekistan: «Fordi jeg beskrev det, ble jeg et mål for angrep som gikk ut på at jeg var en slut.» «Det jeg gjorde den gang, er det samme som andre i dag gjør med #metoo». Jeg stod alene. Det gjør de heldigvis ikke i dag. Men noen av de reaksjonene jeg fikk den gangen, er de samme som kvinner får i dag. Altså: «Det sier hun bare for å få oppmerksomhet.»

#metoo-kampanjen kan bli ein milepæl for kvinners truverde og fridom. Som ei av dei no godt vaksne kvinneforkjemparane som opplevde 70-talet, ynskjer eg så inderleg at #metoo kan bli eit kvantesprang for avskamming og for kvinners frigjering. Det ville vera på tide.

Oddny I. Miljeteig