Brexit – kva no, Noreg?

Publisert: 2017-12-13 09:46
Del:
Storbritannia betaler dyrt for å sleppa ut or EU. Ein kan meina kva ein vil om skilsmålet mellom EU og Storbritannia, men det er ikkje tvil om at det kostar. Nesten som eit slikt såpeopera-skilsmål i filmstjerneklassen. Britiske media påreknar at rekninga Storbritannia må betala, vil koma på omlag 50 milliardar pund, dvs. 560 milliardar kroner, altså 6,2% av heile det britiske statsbudsjettet i 2017.

Theresa May har måtta gje seg på nesten alle punkt i harde tak med president Juncker i EU-kommisjonen før fase to av forhandlingane no kan starta. Han Juncker, han har nok greie på pengar, skatteparadis-bakgrunn som han har. Og Storbritannia må betala heile skilsmålsrekninga. Britane skal mellom anna betala for pensjonsforpliktelsane til EU-tilsette, sin del av underskotet på EU-budsjettet og endå meir. Theresa May har også gått med på å gje EU-domstolen domsråderett i saker som vedkjem EU-borgarar sine rettar i Storbritannia – i åtte år etter brexit. Spørsmålet om grensa mot Irland er skuva ut i tid.

EU er altså ikkje noko ein melder seg ut av. Det er EU-moralen etter brexit-forhandlingane så langt. Sjølv om Storbritannia melder seg ut. Fordi dei har hatt folkerøysting som har sagt det.

I fase to skal det forhandlast om ein framtidig handelsavtale mellom Storbritannia og Unionen. Det er interessant for Noreg på meir enn ein måte. Storbritannia er ein av våre fremste handelspartnarar, og Noreg vil uansett forhandla med britane om ein handelsavtale. Minst like interessant er det å sjå på kva avtale britane endar opp med med EU. For ein avtale vil det bli. Og den treng ikkje bli som EØS-avtalen, den som EU-partia i Noreg omtalar nærast med religiøs fanatisme. Sist ute i så måte var vel næringsminister Monica Mæland i Stortinget nyss – i store bokstavar.

No er ikkje Storbritannia og Noreg så like, nødvendigvis. Og det har ikkje fyrst og fremst med å gjera at Storbritannia ikkje har nynorsk som skriftmål. Storbritannia har så langt vist seg i verdssamfunnet med ein svært liberalistisk politikk, dei har motsette interesser av Noreg når det kjem til landbruk og fisk – og dei har i liten mon vore opptekne av menneskerettar og rettvis handel overfor fattige land. Dette kan kanskje endra seg, skreiv tidlegare Nei til EU-leiar Heming Olaussen i avisa Klassekampen i går, dersom Jeremy Corbyn sin radikale versjon av Labour skulle vinna neste val. Men det er framleis i det blå, i alle fall er det blått styre enn så lenge i Storbritannia.

Britane vil ha ein ny, bilateral og såkalla balansert handelsavtale med EU. Det er det mange av oss EØS-motstandarane her til lands som vil også – for Noreg sin del. Men for britane og EU sin del, kan ein sjå for seg fleire alternativ, slik Heming Olaussen gjorde i Klassekampen i går:

1. EØS. Avtalane gjev fullt tilgjenge til marknaden begge vegar. Problemet vil vera hovudprinsippet i EØS: Det er EUs lovgjeving som gjeld. Per i dag er, som vi veit, Noreg forplikta til å implementera alt EØS-relevant lovverk i eige nasjonalt lovverk. Noreg implementerer forordningar frå EU i rasande fart – fortare enn mange av EU-medlemslanda. Husmannsånd og EU-lydnad hand i hand! Eg greier ikkje heilt å sjå for meg britane på same vis?

2. Ein eigen, gjensidig og balansert handelsavtale. Eit pluss for britane og nasjonal sjølvråderett – men EU kan vera redd for smitteeffekten av ei slik løysing. EU er jo ikkje nett «poppis» blant store folkegrupper i mange land, så britane bør slik sett ikkje få ein for god avtale. No har EU inngått eit 30-tals slike avtalar heilt opp til våre dagar med land kring i verda – og Storbritannia er mykje større, nærare og meir økonomisk interessant enn dei fleste andre land. Så kanskje likevel?

3. WTO – verdas handelsorganisasjon. WTO regulerer allereie i dag ein god del av handelsvilkåra medlemslanda imellom. Dette vil vera løysinga ein fell ned på dersom alt anna feilar, seier Heming Olaussen – men vil nok bli sett på som eit nederlag for begge to. Det skjønar eg godt – Tuppen og Lillemor tek seg dårleg ut i verdssamanheng!

4. Ein avtale via Efta. Så langt har ikkje Storbritannia vist noka interesse for å trø innatt i sin tidlegare plass i Efta, der Noreg, Island Liechtenstein og Sveits er med. Senterpartiet og Nei til EU har her heime uttala at Noreg bør ynskja Storbritannia velkomen i Efta. Vi i SV meiner at dette alternativet i så fall bør konsekvensutgreiast – sidan Storbritannia dels har motsette interesser av Noreg og oppfører seg meir liberalistisk enn sjølv EU. Så langt.

EØS-tilhengjarane i Noreg har tufta argumentasjonen sin på at det ikkje finst alternativ til EØS. Det er einast EØS-avtalen, den heilage kua, som sikrar norske eksportinteresser til EU. Dersom det faktisk kjem eit alternativ, ein bilateral avtale eller ei Efta-løysing, vil EØS-argumentasjonen falla saman som eit korthus. Difor bed sikkert både statsminister Solberg og den norske EU-statsråden Berger Røssland i kveldsbøna si om at skatteparadis-Juncker må halda stand og oppføra seg trumpete overfor britane. Dersom dei bed kveldsbøn, då. Eg veit ikkje.

Uansett, ei ansvarleg regjering og eit framtidsretta Arbeidarparti kan ikkje lata som om britane sin brexit ikkje betyr noko for Noreg. Det vil vera strutsepolitikk som sviktar norske interesser og norske innbyggjarar. Difor bør i det minste alle parti kasta av seg husmannsånda som til no har prega stortingsfleirtalet og posisjonera Noreg for den nye handelspolitiske situasjonen som vil koma rett utanfor stovedøra vår!

Oddny I. Miljeteig