Låginntekts-evangeliet

Publisert: 2017-12-05 14:18
Del:
Måndag las eg om Den «Omvendte Julenissen» i Grenland i Skien. NRK melde på nett at den « Omvendte Julenissen» har fått utplassert handlevogner i mellom 60 og 70 matbutikkar i Grenlands-området i Telemark. I handlevognene er det skrive forslag til matvarer som kundar kan gje vekk til medmenneske som treng matvarer no i førjulstida. Seks år har Runar Abrahamsen drive med prosjektet. No har det vorte så stort at han får hjelp frå fleire. Folk som treng mathjelp, skriv NRK på nettsida si, tek sjølve kontakt med Omvendt Julenisse. Gruppa undersøkjer så om dei må bidra med ein gong, eller om familien kan venta til rett før jul.

«Du ser behovet veldig fort når du kommer til et hjem og åpner kjøleskapet og det nesten ikke står noe inne der, og du ser øynene på dem som tar imot.» Eg hugsar på kva Wenche Berg Husebø i Bergens eiga Aksjonsgruppe mot sosial nød sa til meg for mange år sidan: «Du greier ikkje å skjula eit tomt kjøleskåp for ungane!»

Dei åtte hjelparane i Omvendt Julenisse lagar klar både to og tre fulle bananøskjer til kvar familie som skal vara til siste veka før jul og over nyttårsaftan. Dei formidlar også vidare klede og gåver. Gruppa reknar med å runda hundre familiar i år. Kva er grunnen til at folk treng hjelp frå «Omvendt julenisse»? « Det skyldes alt fra samlivsbrudd til feilutbetalinger fra NAV. Det kan være naboen din.» Seier Runar Abrahamsen, som ber matbutikkundar om å kjøpa litt ekstra og donera i den spesielle handlevogna.

Dei godt og vel hundre familiane i Grenlandsområdet er ikkje åleine om ikkje å få pengane til å strekkja til før jul. I ei undersøking som nyleg vart gjennomført av forbruksinstituttet SIFO, kjem det fram at drygt tre prosent av Kari og Ola fortel at dei ofte eller somme gonger dei siste 12 månadene ikkje har hatt nok å eta, sa forskar Silje Elisabeth Skuland nyss til tv2.no.

Det betyr at rundt 150.000 nordmenn siste året har gått svoltne avdi dei ikkje har hatt pengar nok til mat. Forskinga har også vist at 40% av Ola og Kari har nedprioritert mat for andre ting: «Det kan være veldig vanskelig å unngå å kjøpe julegaver til de minste, så da lar man kanskje være å spise selv som forelder. De har lite penger, og det er mange krav om at folk skal kjøpe gaver og at det skal pyntes. Det er noen som går en vanskelig tid i møte nå,» sa Skuland til tv2.no.

Både Blå Kors og Frelsesarmeen melder at fleire og fleire vender seg til dei for å få hjelp til mat. Det er særleg i dei store byane, skjønar eg. Eg har sjølv høyrt Frelsesarmeen her i byen seia nett det same, og som fleire av mine medrepresentantar i bystyret, har eg stått «grytevakt» for Frelsesarmeen i adventstida. Fyrste gongen la eg forresten merke til, og det var påfallande, at dei som kom med handleposar frå rimelegare butikkar, dei var det som oftare tok turen bortom julegryta enn dei med handleposar frå dyrare butikkar. Du kan seia at eg såg det eg ville sjå, men eg hadde altså ikkje tenkt i dei banar der eg stod ved julegryta. 150.000 menneske i Noreg har altså mangla mat siste året. Dei har lagt seg svoltne, dei har slett ikkje ete middag. Samstundes seier Statistisk Sentralbyrå at vi må slutta å bruka omgrepet fattigdom i norsk statistisk samanheng. Javel. Det er ikkje om å gjera for meg å «fattigkjenna» flest mogleg menneske. Slett ikkje. «Exposed to poverty» er visst det engelske uttrykket. «Utsett for fattigdom» eller «på randa av fattigdom» er begge greie nok omsetjingar. Forskaren Rolf Aaberge ved det statistiske sentralbyrået sa for ei tid attende at han meinte fattigdom var eit tenleg uttrykk å bruka.

Vi må passa oss slik at vi ikkje definerer vekk fattigdom – språkleg. For no skal det heita «låginntekt» - i statistisk samanheng. Kva forstår du med «låginntekt»? For meg er uttrykket synonymt med låg inntekt, altså låg løn. Ein person med låg inntekt/låginntekt har ikkje god råd, men greier seg. Med låg inntekt kan ein jamvel ta seg råd til ein Syden-tur i ny og ne, ikkje kvart år, gjerne, men altså i ny og ne. Det er låg inntekt. No veit vi at lågløna har stått stille i årevis, at skilnadene aukar (sjølv om statsministeren visstnok skal ha sagt det motsette) og at dei med lågast inntekt sakkar til attars. Men framleis er det slik i Noreg at er ein i full jobb, så går det økonomisk rundt. Sjølv om det ser spøkje ut om ikkje dei lågast løna får reell lønsauke og kan ta innpå dei som tener meir.

Kollapsar økonomien om kjøleskåpet ryk, ja, då snakkar vi etter mitt skjøn om fattigdom. Ikkje for å stempla folk, men fordi det er ein realitet. Finn vi på pynte-omgrep om fattigdom, ja, då tek vi frå folk jamvel det å vera fattig. Det er det ultimate svik overfor fattigdommen, at storsamfunnet ikkje vedkjenner seg den. Og har vi ikkje fattigdom, då er det vel heller ikkje vits i, eller legitimt, å setja inn tiltak mot fattigdom? Middelklassens og overklassens sjølvbedrag vil i så fall ta frå fattige endå meir. Heldigvis har vi framleis Karin Andersen frå SV på Stortinget. Den dama let seg ikkje dupera av lurendreieri-debattane om fattigdom. Ho lanserer i staden dei tre B-ar mot fattigdom: Barnetrygd, barnetillegg (til uføretrygda) og bustøtte. Ja, å auka og vedlikehalda desse tre B-ane, det er ein treffsikker politikk mot fattigdom. Å auka dei tre B-ane vil lyfta tusenvis av medborgarar ut or fattigdom – og for den del: over på låginntekt. Å auka sosialhjelpa til SIFO-sats, altså det det ovannemnde forbruksinstituttet har pårekna at ein må ha per månad for å greia seg, nøkternt, men greia seg – det vil også lyfta medborgarar ut or fattigdom.

Som samfunn må vi faktisk tola å sjå fattigdom i kvitauga – i vårt land. Vi må ikkje la låginntekts-evangeliet tilsløra augo våre, anten vi er forskarar, medborgarar eller politikarar. Elles kjem fattigdommen i Noreg til å auka, medan vi kallar fattigdom noko anna og med det sviktar dei som treng velferdsstatens bistand på det grovaste. God adventstid!

Oddny I. Miljeteig