Handlingsplan mot slaveri – no!

Publisert: 2017-11-30 11:25
Del:
Hadde du spurt meg då eg var småjente og las «Onkel Toms hytte» og «Huckleberry Finn» om det skulle finnast slaveri i verda når eg var 60+, ja, så hadde eg trudd du hadde vorte rar. Og eg hadde radt sprunge til mamma og fortalt om det ubegripelege spørsmålet. For slaveriet var då slutt for lenge sidan?

I vaksen alder har eg røynt at slaveriet aldri har vore slutt. Kvinner og born har alltid vore selde som sex-slavar. Og dess betre kommunikasjonane har vorte, grenser nedbygde og verda vorten «mindre», dess fleire har kunna vorte tvinga til slaveri og tvangsarbeid i den velståande delen av verda. Eg har lese at årleg er ein halv million kvinner og born traffikerte til porno- og sexindustrien i Europa. I Søraust-Asia lever menneske som slavearbeidarar i den konfeksjonsindustrien som syr kleda våre – under livsfårlege arbeidsforhold. Og det er ikkje einast billegklede som vert produserte av slavearbeidarar. Det kan like godt vera dyre designklede. Ikkje rart at kledeprisane i botn og grunn ikkje har auka på 20 år!

I vårt land også finst uverdige arbeidsvilkår. Sosial dumping har gjort byggjeindustrien i Oslo til nærast ei «no go-sone», og sjukepleiarar frå Baltikum vert utnytta på det grovaste. Au-pair-ordninga har for lengst degenerert til ein underbetalt hushjelp-industri av kvinner frå Filippinane og Thailand – ikkje berre, rett nok, men meir enn gale.

Men no. No er det «moderne» slaveriet eit steg vidare. «Moderne» forresten eit høgst misvisande omgrep når det kjem til slaveri. Slaveri er slaveri og dermed basta! I april la den internasjonale migrasjonsorganisasjonen IOM fram ein rapport som synte at flyktningar i Libya vert selde som slavar på auksjonar – for 200 til 700 dollar. Den amerikanske fjernsynskanalen CNN har i ettertid vore i Libya og grave i saka – og fått syn for segn. Flyktningar frå land som Nigeria, Senegal og Gambia vert haldne attende av menneskesmuglarar og selde på auksjonar som slavar. Menneskesmuglarar har altså vorte slavehandlarar – i bokstaveleg forstand! Slavane vert tvinga til å arbeida m.a. i private heimar, fabrikkar, landbruket, gruvedrift og på bordell.

I 2014 pårekna FNs arbeidsorganisasjon ILO at 21 millionar kvinner, menn og born var fanga i slaveri. 4,5 millionar vart utnytta seksuelt. 26% av slavane var yngre enn 18 år. The Global Slavery Index 2016 rekna med at 45,8 millionar menneske blir haldne som slavar. ILO påreknar at tvangsarbeid åleine genererer eit overskot på 150 milliardar årleg. 100 milliardar av denne blod-profitten skriv seg frå utnytting av i hovudsak kvinner og born i sexindustrien! Slaveriet er den kriminelle verksemda som veks raskast i verda. Narkotika kan seljast og konsumerast ein gong – menneske kan utnyttast igjen og igjen.

Etter at EU allierte seg med den libyske kystvakta for å hindra potensielle asylsøkjarar i å ta seg sjøvegen til Europa, blir migrantar og flyktningar ikkje «berre» sende attende til grufulle fengsel i Libya – no vert dei også selde som slavar på auksjonar på minst 10 stader i Libya, meiner CNN. Høyrde vi «hjelpa dei der dei er»? Til å bli slavar? Vi kan ikkje «ta imot heile Afrika». Argumentet ser og høyrer eg ofte. Gjerne fylgt av eit «Vi må hjelpa dei der dei er.» Ja, kva gjer vi så for dei «der dei er»? Det nådelause svaret er: Ingen verdas ting! Tvert opp: Grensene sør i Europa er bolta og stengde, slik at regjeringa Solberg kan sola seg i glansen av ein dramatisk nedgang i asylsøkjarar til Noreg. Lidingane til migrantane som vert haldne fanga i Libya er ei krenking av menneskeætta, sa FNs menneskerettssjef Zeid Ra'ad Al Hussein til nyhendebyrået AP i førre veke. Boko Haram og ISIL/Daesh har bortført og hjernevaska tusenvis av born og unge kvinner. Somme er frigjevne eller har greidd å røma. Andre er framleis i terroristanes grep. Det er fælsleg.

Flyktningekrisa er ikkje mindre. 65 millionar menneske er på flukt. Det er berre det at flyktningane ikkje når Europas og Noregs grenser! «Ute av auga, ute av sinn?» Det kan sjå slik ut. Og no går mi utfordring til regjeringa og alle andre som vil «hjelpa dei der dei er». Kva gjer de? Kva er forslaga og tiltaka dykkar – no? Ein ven av meg reiser til Bekaa-dalen i «juleferien» sin for å hjelpa. Han samlar inn pengar til mat m.m. Venen min er som meg ein av dei som vil ha ein human norsk flyktningepolitikk. Men han reiser altså dit «dei» er også. Det går an å ha to tankar i hovudet samstundes!

Med den såkalla «strenge» flyktninge- og asylpolitikken, skaper Noreg slavar i Libya. Det er den brutale sanninga. Og Noreg anno 2017 skriv seg inn i ein 350 år gammal slavetradisjon: Frå 1670 til 1802 vart 100.000 slavar transporterte over Atlanterhavet på danske og norske skip. Det fyrste dansk-norske slaveskipet, «Cornelia», sigla for ein bergensk kjøpmann, Jørgen Thormøhlen. I 1674 frakta det 103 slavar på den fyrste slavefrakta under dansk-norsk flagg. Du veit om Thormøhlens gate? Og Møhlenpris? Fanden sit i detaljane, historia sit i gate- og stadnamn. I vår by ber gater og byområde namnet til slavefraktarar. Tenk det!

No skal det seiast at i 1792 vedtok Danmark-Noreg ei lov som forbaud handel med slavar. Med det vart vi fyrste landet i Europa som forbaud transatlantisk slavehandel. Det er då noko. Men slaveriet i dei danske koloniane vart ikkje forbode før i 1848. Og med det skulle slaveriet ha vore historie for både Danmark og Noreg. Det er det altså ikkje. Noreg må vedta ein handlingsplan mot slaveri og slavehandel. Ja, du les rett. Og slett ikkje berre Noreg. Men vi får feia for eiga dør. Etablera ein human flyktningepolitikk. Og finna konkrete måtar å hjelpa slavane der dei er. Handlingsplan mot slaveri og slavehandel – no! Det er min parole. Vonleg din også.

Oddny I. Miljeteig