Fattigdom er ikkje ordkløyveri

Publisert: 2017-11-21 13:44
Del:
NRK har visst bestemt seg. Eller ikkje. I valkampen utbasunerte dei såkalla NRK-faktasjekkarane i Detektor at det var «delvis feil» av SV (og NRK, regjeringa og «heile verda» ) å seia at det er nesten 100.000 fattige born i Noreg. Same dag som faktasjekkarane skulle «ta» SV for opphaussing av fattigdom, hadde forresten NRK sjølv brukt nett same fattigdomstalet som SV, klokka tidleg om morgonen. Då var sikkert ikkje faktasjekkarane oppe. Uansett: No skal det ikkje vera nokon konkurranse å koma opp med det høgaste fattigdomstalet i Noreg. Til det er fattigdom langt for alvorleg. I den norske fattigdomsrøyndommen handlar det heldigvis sjeldan om å ha for lite mat over lang tid. Men Frelsesarmeen melder om at fleire og fleire kjem for å få matposar hos dei. Vi skal hugsa det også.

I går hadde, såg eg, NRK ei solid sak om fattigdom på nettet. Bakgrunnen var ein ny rapport frå Nav, lagd fram i sist veke. Rapporten viser at stadig fleire born opplever at pengane til mamma eller pappa ikkje strekkjer til. Utpå føremiddagen hadde NRK «pynta» på saka og lagt inn den atterhalds-definisjonen som «låginntekt» er. - og ikkje «fattidom.» «Låginntekt» er eit tøyeleg omgrep. Det kan vera at du lever 50 eller 60% under den midterste inntekta (medianinntekta) i eit land – alt etter kva definisjon staten vel å nytta.

Velvel. Viss vi ikkje skal nytta fattigdom for dei 100.000 borna, får vi seia som den reviderte gårsdagssaka i NRK at fleire og fleire born altså opplever at mamma eller pappa sine pengar ikkje strekkjer til. Då har vi ikkje eingong nytta det feilaktige omgrepet «barnefattigdom». Born er ikkje fattige. Det er foreldra som er fattige – eller har ein økonomi som balanserer på ein knivsegg. Dersom økonomien din bryt saman om kjøleskåpet eller vaskemaskina gjer det, då har du ein økonomi som er utforbi knivseggen. Som alltid når eg skriv om fattigdom, vel eg å sitera leiaren i SVs bystyregruppe i Bergen, Mikkel Grüner: «Fattigdom er å ha for lite pengar.» Eg trur dei i NRK skulle ha gått på eit lite kurs hos Mikkel Grüner om at fattigdom ikkje er ordkløyveri, men altså å ha for lite pengar.

Då eg jobba på sosialkontor på 80-talet, pla eg seia at det «er den siste hundrelappen du kjøper kjøtpålegg for.» Det kan høyrast ut i dag for dei fleste som les spalta, at ei slik utsegn høyrer heime på 1800-talet. Hadde det berre vore så vel! Vi som lever i allminneleg velstand i Noreg, må vera audmjuke overfor at medborgarar lever i det vi alle vil kalla fattigdom. Det er ikkje skammeleg for dei. Dei er ikkje late eller unnasluntrarar. Mykje truleg har dei helseplager, dei som lever i «vedvarande låginntekt.» «Eksponerte for fattigdom», heiter det vel i EU. Så er det sagt også. Når uføretrygda misser barnetillegget, kan det vera grepet som bikkar dei utføre det økonomiske stupet. Og då er det altså regjeringa som har teke «grepet.»

Noverande regjering er forresten meistrar i å definera fattigdom og arbeidsløyse som den einskilde si skuld. Lågare ytingar skal motivera dei arbeidslause og uføretrygda til å koma seg ut i jobb. Hallo? Ein uføregtrygda er då ikkje uføretrygda for at uføretrygda er for høg? Ein uføretrygda er uføretrygda fordi han eller ho er vedvarande sjuk/har for dårleg helse til å vera i arbeid. Heilt eller delvis. Å verta uføretrygda i Noreg er ein lang prosess som nesten tilsvarar den ein kamel må gjennom for å koma seg gjennom nålauga. Så strengt er det.

Har du høyrt om nokon som vert frisk av å vera fattig? Ikkje eg heller. Og det skal eg jammen seia, for min eigen del, at hadde eg fått barbert inntekta mi i tillegg til å vera langvarig sjuk og sjukemeld, ja, så hadde garantert helsa mi vore endå dårlegare. «Kvar dag har nok med si møda», sa Snikkarsonen i Bibelen. Har ein for lite pengar, greier ein ikkje å leva etter det. Då vert dei manglande pengane det ein tenkjer på morgon, middag og kveld – for ikkje å seia natt. Og då har vi den vonde sirkelen gåande. Veit vi at vi har nok pengar til at vi får endane til å møtast, då får vi straks meir krefter og overskot til å møta kvardagen med.

No aukar forskjellane i Noreg. Dei rike dreg i frå – og dei rikaste endå meir. Dei lågtløna sakkar til attars, og dei fattige endå meir.

Bystyret i Bergen vedtok i ca 1986 at sosialhjelpssatsane i Bergen skulle auka slik at ein sosialhjelpsmottakar skulle ha att 80% av minstepensjon når bukostnader var betalte. Det skjedde aldri. Dei fagre orda vart aldri meir enn magre realitetar, og sosialhjelpssatsane stod bom fast i eit tiår. Den store innsatsen til Aksjonsgruppa mot sosial naud, frå 1995 og eit tiår frametter, den gjorde at bystyret faktisk auka satsane slik at det mona. Men då det borgarlege byrådet gjekk på, då gjekk satsane ned etterkvart. Og no er det slik at dei fattige borna i Bergen som får tildelt såkalla aktivitetskort, dei må utlevera både namn og personnummer i t.d. ADO Arena, der dei ikkje får vera meir enn 25 om gongen i vatnet og må venta på opprop når det vert deira tur. Slik er sentrumsbyrådets fattigdomspolitikk. Det er så stigmatiserande at ein kan grina blod. Takk og lov er Robin Hood-huset alltid på vakt på dei fattiges parti!

Å veksa opp i fattigdom betyr å leva opp i sosial utestenging, og det handlar om utanforskap, seier psykologspesialist og tidlegare barneombod Reidar Hjermann til NRK. Det handlar om korleis ein utviklar sjølvbiletet sitt – og korleis ein set mål for si eiga utvikling og drøymer om si eiga framtid. Ein barndom utanfor, ja, den ber ein med seg heile livet. Og den kan bli dyr for samfunnet. Men aller mest for barnet når det har vorte eit vakse menneske.

Fattigdomsdefinisjonar er ikkje ein konkurranse i elende-skildringar. Ein fattigdomsdefinisjon må ha som mål å vera ein reiskap til å lyfta folk ut or fattigdom, for den del or vedvarande låginntekt,og til å berga alle i Noreg frå å balansera på ein økonomisk knivsegg. Det er humanitet, rett og slett.

Oddny I. Miljeteig