Marcus Thrane - eit jusismord

Publisert: 2017-10-18 13:20
Del:
Nei, dette er ikkje same spalta som for ei veke sidan. Dette er ei ny. Men sidan eg har hatt som eit «oppheng» på Marcus Thrane sidan tidleg åtti-tal, tenkte eg det kunne høva seg med to BA-spalter på rad no ved 200-års jubileet for hans fødsel (14. oktober). I april 1949 henta dåverande Gerhardsen-regjering heim Thranes jordiske leivningar frå USA til Vår Frelsers Gravlund i Oslo. Laurdagen som var la LO-leiar Hans Christian Gabrielsen og AP-leiar Jonas Gahr Støre ned krans på Marcus Thranes gard på æreslunden. LO i Oslo sette heile førre veke i Marcus Thranes teikn – og til hans ære. Det fortente han, Noregs fyrste store arbeidarorganisator.

21 år gammal, med 30 riksdalar i oppspart formue, sa Thrane opp kontorist-jobben sin og reiste på danningsreise til Tyskland, Sveits, Frankrike og Storbritannia. Avisa Klassekampen skreiv laurdag at Thrane på danningsreisa såg den langt framskridne industrialiseringa og vart kjend med den gryande utopiske sosialismen på kontinentet. Undervegs livnærte han seg som gatemusikant, heilt til han vart arrestert som lausgjengar utanfor Paris. I fengselet lærte han seg flytande fransk, og vel heime att, byrja han som språklærar. Slike møtte han kona si, Josephine. På sine eldre dagar skulle Marcus Thrane skildra 1840-åra som ei god, men rastlaus tid: «Verden vi levde i syntes snudd på hodet, selve samfunnsordenen var gal. Jeg følte et sterkt personlig ansvar for å forbedre ting, men HVORDAN og HVA visste jeg ikke.»

Vendepunktet kom i 1848, då Februarrevolusjonen rasa fyrst i Frankrike – og så Tyskland, Ungarn, Sveits, Italia og fleire med. I Danmark vart eineveldet avskaffa og alle menn fekk røysterett, skriv Lars U.L. Vegstein i Klassekampen. I Christiania kom det til gateopptøyer, om enn ikkje noko imot det som synte seg andre stader i Europa. Men Marcus Thrane hadde forstått HVORDAN og HVA: Skulle ein ny og rettvis samfunnsorden koma i stand, måtte vanlege folk organisera seg politisk. Han byrja i det små, med møte heime hos seg og Josephine i Drammen 17. desember 1848. Arbeidarane frykta represaliar og våga ikkje koma til ein offentleg møtestad. Allereie seinare på vinteren var dei likevel så mange at Thrane måtte leiga møtelokale. På halvtanna år hadde thranittarrørsla 30.000 medlemer i 400 foreiningar. Det var like mange som røysta ved stortingsvalet i heile Noreg i 1850, og samanlikna med folketalet var thranittarrørsla like stor som arbeidarrørslene i Tyskland og Frankrike. Aldri før hadde «småfolket» (i Thrane si nemning) organisert seg for å samla makt bak politiske krav. Thranes metode var ikkje revolusjonen. Han var reformist. Han ville fjerna fattigdommen, ikkje rikdommen, skriv historikar Mona Rigvej. Arbeidarforeiningane oppretta sparekassar, sjukekassar, allmuebibliotek, kurs i lesing, skriving og rekning, songforeiningar og føredragsverksemd. I tillegg utgav dei si eiga avis, som formidla ein heilt annan røyndsom enn borgarpressa. Arbeidarforeiningane handla altså om at «småfolket» lærte seg opp til å bli deltakarar i politiske avgjerdsprosessar.

Thranittarrørsla var ein skule i demokrati. Dei formulerte ein petisjon som vart overlevert kongens stathaldar i Noreg i mai 1850. Petisjonen foreslo ei rekkje reformer: betre skule for born av allmugen, allmenn verneplikt, reform av husmannsvesenet, redusert toll på korn. Det absolutte hovudkravet var røysterett for alle menn, også dei eigedomslause. Forslaget var radikalt. 6,5 prosent hadde røysterett til det fyrste Stortinget i 1850. I takt med at talet på husmenn og eigedomslause auka, fekk færre og færre røysterett. Kongen avviste petisjonen. I juni 1851 samla utsendingar frå landets arbeidarforeiningar seg til møte for å diskutera korleis dei kunne få framdrift i krava sine. Politispanarar var til stades på møtet og rapporterte om revolusjonær stemning. Det var ikkje rett; møtet avviste jamvel eit forslag om demonstrasjon framfor Stortinget.

Likevel var dette «tildragelsen» styresmaktene hadde venta på. Fyrst i juli vart Marcus Thrane og 143 andre medlemer av arbeidarforeiningane arresterte. Thrane vart seinare dømd til fengsel for å «vilde anstifte en Revolution.» Dommen var eit reint justismord, skriv Thrane-biograf Mona Ringvej. Høgsterettsdommarane greidde ikkje å finna at Thrane/arbeidarforeiningane hadde oppfordra til revolusjon. Likevel dømde Høgsterett Marcus Thrane til fengsel for «hans virksomhed i det hele.» Fengselsdommen vart thranittarrørslars død. Men 30 år seinare kom dei fyrste fagforeiningane. Og dei kunne inkje justismord stogga – sjølv om kapitalkrefter og politisk høgreside også i dag gjer sitt verste for å svekka fagrørsla. Leksa er den same gamle, 200 år deretter.

Oddny I. Miljeteig