Marcus Thrane i 200 år!

Publisert: 2017-10-13 16:05
Del:
Du hugsar namnet litt vagt? Sjølv om Marcus Thrane vel ikkje har ei gate oppattkalla etter seg i Bergen? Eller har han det, berre at eg ikkje hugsar det? Uansett er det på laurdag 200 år sidan Marcus Thrane vart fødd i Kristiania, i ein rikmannsheim. Han var såleis fire år yngre enn Ivar Aasen. Begge vart dei forkjemparar for demokrati nedanfrå, Aasen ved å skapa eit skriftspråk på «norsk folkemåls grunn», Thrane ved å stifta dei fyrste arbeidarforeingane, tredve år før dei fyrste fagforeiningane.

Denne veka vert Marcus Thrane-dagane skipa i Oslo, av LO i Oslo og fleire andre organisasjonar og lag. I dag lanserer Magnus Marsdal pamfletten «Thrane og kampen om friheten.»

«Viss du ikkje er føre di tid, kjem den aldri!» plar SVs fyrste leiar Berit Ås seia. Sitatet høver så absolutt til Marcus Thrane og hans liv og verksemd. Etter fleire månaders opphald i Paris (og kanskje også i England), kom Thrane i desember 1837 attende til Noreg, tok artium som privatist og vart student i 1840. Etter å ha studert teologi ei kort stund, byrja han saman med kona si Josephine Buch som lærar, fyrst på Lillehammer i 1841, i 1846 i Åsgårdstrand og i 1847 på Modum.

På Modum låg ei av landets største industriverksemder, og den sosiale nauda og dei økonomiske forholda ved Blåfargeverket bidrog til politiseringa av Thrane. Frå 1. august 1848 tok han over redaksjonen av avisa Drammens Adresse i Noregs største industriby og fekk her kontakt med arbeidarklassen, skriv Pax Leksikon. Dei kritiske artiklane hans skræmde abonnentane bort, og han vart oppsagd frå nyåret 1849. Alti i redaksjonstida hadde han byrja å gjera førebuingar til å organisera underklassen, og han byrja med å stifta den fyrste arbeidarforeininga i Drammen 27. desember 1848. Denne foreininga danna opptakten til «thranittarrørsla» - den fyrste organiseringa av underklassen i Noreg.

På denne tida var den norske underklassen 50.000 husmenn, 146.000 tenestefolk og 47.000 dagarbeidarar på landsbygda, 11.600 by-arbeidarar (stort sett dagløna, men også laste- og losssearbeidarar), 14.000 tenestejenter og læregutar. Mellom 1815 og 1845 auka befolkninga med 50%, og mange bondesøner måtte bli husmenn. Dei kjende seg urettvist behandla og vart eit nytt uromoment blant husmennene. Den sosiale urettferda vart skjerpa under den kriseperioden som byrja i 1847 og varte ved i fem år. Krisa råka fyrst og fremst eksporten og særleg trelastindustrien. Eksportnedgangen vedkom ikkje berre dei 4.250 arbeidarane i trelastindustrien, men også småbrukarar og husmenn som hadde skogsarbeid og køyring som attåtarbeid. Talet på fattig-understøtta auka sterkt, og einskilde stader rådde rein hungersnaud. Tvangsauksjonar skapte hatstemning. Krisa råka også industrien elles. Meir enn ein tredel av arbeidarane ved Blåfargeverket vart oppsagde, og også ved Sølvverket i Kongsberg vart det oppseiingar. I februar 1848 fann den franske revolusjonen stad, og det politiske klimaet vart rysta og gav grorbotn for ei sosial reising av underklassen i Noreg (Pax Leksikon). I mai 1849 grunnla Marcus Thrane Arbeider-Foreningernes Blad. Og på eitt og eit halvt år greidde Thrane å verva 30.000 medlemer til arbeidarforeiningar over heile landet, skreiv Klassekampen måndag. Historikar Mona Ringvej, som sjølv har skrive ein biografi om Thrane, svarer på spørsmål om korleis Thrane greidde å mobilisera så mange som han gjorde: «Det er et mysterium. Alle klør seg i hodet over det. Myndighetene syntes også det var sjokkerende. Men han traff nok en nerve i befolkningen. Jeg tror det var det enkle og konkrete ved foreningene som tiltrakk folk.» Thrane reiste rundt, eg hadde nær sagt som om han skulle ha vore Hans Nielsen Hauge, og kalla arbeidarane inn til møte. «Da sa han at hvis dere går og klager, må dere heller gå sammen, så kan vi gjøre noe med det. Dere kan starte en sykekasse, og så kan vi skrive inn til avisene. Folk ble satt i gang umiddelbart med å bedre sin egen tilværelse.»

Arbeidarforeiningane prøvde å gjera seg nytte av ytringsfridommen til å be om reformer. Thrane sitt klasseomgrep var eintydig, og han skilde mellom dei «tærande» og dei «nærande» klassar. I artikkelen «Statsbygningen» framstod arbeidarklassen tydeleg som samfunnets og statens berande klasse, som vart utnytta av parasittane frå andre klassar. Desse reiste seg som ein pyramide på arbeidarklassens skuldrer. Thranittarrørsla var altså ei radikal rørsle som ville snu maktforholda i samfunnet. Dette tolte ikkje styresmaktene, og i juli 1851 vart Marcus Thrane og hans næraste medarbeidarar arresterte. Thrane vart dømd til fengsel i fire år i april 1854. Då Thrane sat fengsla, redigerte kona Josephine Arbeiderforeningernes blad, så ho var Noregs fyrste kvinnelege avisredaktør.

Då Trane slapp ut or fengsel i 1859, prøvde han fåfengt å reorganisera arbeidarforeiningane. Likevel: Thranittarrørsla var fyrste gong i det moderne Noreg at ein underklasse protesterte mot øvrighetsstaten, seier historikar Frank Meyer i Arbeiderbevegelsens arkiv. Slik sett var Marcus Thrane altså føre si tid – og difor kom «hans» tid etter han. Organisering nedanfrå, det er folkeopplysning og demokrati på sitt beste. Slik sett har vi framleis mykje å læra av Marcus Thrane, 200 år etter hans fødsel.

Oddny I. Miljeteig