Skattekutt hjelper det?

Publisert: 2017-09-20 09:380
Del:

Skattekutt – hjelper det – og i så fall for kva?

No er det ikkje valkamp meir. I det eg skriv denne spalta, er ikkje valresultatet på noko vis klart, men sidan spalta som alltid er på onsdag, må eg omstilla meg frå valkamp til etter-valkamp utan å vita valresultatet. Det er ingen spøk.

Dei siste fire åra har det vore mykje snakk om skattelette. Regjeringa har oppført seg som om skattelette skulle vera ei bibelsk velsigning. Somme av oss andre meiner at skattelette betyr auka skilnader mellom folk. Og at skattelette-poltitikk er klassepolitikk. Meir til dei som har mest. No må eg skunda meg å vedgå at mitt parti, SV, vi vil ha skattelette for alle som tener 600.000 eller mindre. Det er ein Robin Hood-skattelette, så å seia.

Regjeringas skattelette har gått til dei rike – og rikaste. Dei sistnemnde har fått mest. Argumentasjonen til Høgre og FRP, og forsåvidt Vinstre og Krf også (for dei har vore med på leiken), er at skattelette vil gje investeringar som skaper arbeidsplassar. Formuesskatten, som vi skjønar er å likna med den sjuande landeplaga i det blå-blå evangeliet, skal vera særleg god på å laga arbeidsplassar når han vert kutta, skjønar vi.

Sidan 2014 har regjeringa kutta formuesskatten med 5,3 milliardar. 763 millionar av desse har kome til gode ei ekslusiv lita gruppe på 19 personar, har avisa Klassekampen funne ut. Dei 19 har Klassekampen funne fram til som «gjengangere på toppen av ligningslistene.» Avisa har teke utgangspunkt i hovudverksemda til dei 19 – for å sjå om og kor mange arbeidsplassar som er skapte i denne regjeringsperioden.

Vi kan ta fasiten med ein gong: 6,5 arbeidsplassar i pluss frå 2013 til 2016. Er vi i det rause hjørnet, rundar vi opp til 7 stillingar. Og då er vi rause, for dersom vi talar om kvinnerik sektor, veit vi at 50% stilling ikkje er teori! Men la gå då. 7 fleire arbeidsplassar for 763 millionar kroners skattelette.

Ikkje alle som er begunstiga med skattelettar har skapt fleire jobbar i det heile. Kjell Inge Røkke, som har fått formuesskattelette på 95 millionar pluss, står bak jobbar som er sterkt påverka av oljekrisa. I Aker-systemet er 7147 jobbar borte. Ferd-selskapet, som Johan H. Andresen og døtrene eig, går i minus med 2561 jobbar. Andresen seier at for Ferd «legger formuesskatten beslag på en relativt sett liten del av den likvide beholdningen av kapital, og er derfor ikke noe som påvirker investeringsviljen.»

Dei som har skapt jobbar så det monar, er mellom andre eigarane med formuer knytte til handels- og oppdrettsbransjen. I Johan Johannsons NorgesGruppen har talet på årsverk auka med 1666, medan oppdrettaren Gustav Witzøe oppgjev å ha auka talet på tilsette med 1900. Eg reknar med at dette er ekte, nye jobbar. Witzøe, som mellom anna eig oppdrettsselskapet Salmar, seier, skriv Klassekampen, at familien hans kunne ha skapt fleire arbeidsplassar utan formuesskatten.

Professor Jarle Møen ved Handelshøgskulen meiner at andre forhold enn formuesskatten styrer utviklinga i desse verksemdene, sjølv om han trur dei store skattelettane for det meste er reinvesterte og ikkje har gått til forbruk: «Til det er formuene for store. Mens øvre middelklasse tar seg et ekstra cruise hvis avkastningen på sparepengene blir for lav, er disse dømt til å investere. Så jeg tror pengene de sparer i formuesskatt skaper noen arbeidsplasser, men det ville pengene også gjort på statens hånd.....Min vurdering er at andre lettelser ville gitt større sysselsettingseffekt.»

Ikkje veit eg, hadde eg nær sagt. Professor Møen kallar Klassekampen si samanlikning mellom formuesskatten og pluss og minus i jobbskaping for ein «morsom øvelse» og meiner at desse storeigarane har nok eigenkapital til å realisera lønsame investeringsprosjekt – uansett formuesskatt.

Det vi veit for sikkert, er at skattetrykket i Noreg ikkje er spesielt høgt samanlikna med mange andre land. Det er altså ikkje slik at vi skattar dei rike «i hel.» Snarare er det dei med minst som vert skatta i hel. Eller kva skal vi kalla det når ei ufør mor misser barnetillegget og brått ikkje får månadlege, kvardagslege utgifter til å gå opp? I alle fall ikkje utan store forsakingar, som eiga tannhelse, klede og kosthald. Det er i den enden kronene tel for alvor. Og det vi veit for visst med pengane til dei som har lite av dei, er at kvar einaste krone vert brukt i landet og lokalt. Slik sett er det gjerne dei med minst sine pengar som gjer det mogleg for i alle fall dei handelsformuande å skapa sine arbeidsplassar, ikkje formuesskatten. Det er noko å tenkja på, kjenner eg, mellom vala endå meir enn i valkampen.

Oddny I. Miljeteig