Det finns alltid ei råd

Publisert: 2017-09-20 19:05
Del:

Mamma sa ofte «Det finns alltid ei råd» når ting verka fastlåste, når ein sau hadde sett seg fast i gjerdet eller smørkinna streika.

Ja, det finst jamnast ei råd. Om ein vil eller har gode hjelparar. Det er ikkje tvil om at mamma sitt munnhell galdt det godes teneste.


No har regjeringa snudd meininga i munnhellet aldeles på hovudet.

For regjeringa har slett ikkje leita etter ein utveg i det godes teneste. Tvert om.

Det osar uhyggje lang veg av ei regjering som greier å framstilla eitt av verdas beste land som ein stinkande pøl av fordommar, inhumanisme og vondskap.

Nei, det er ikkje eg som har funne på det. Dette er ikkje venstresosialistiske fantasiar.

Det har seg altså slik, kunne Klassekampen fortelja her om dagen, at regjeringa i 2014 lanserte ein kampanje retta mot potensielle asylsøkjarar frå Somalia. Ein informasjonskampanje, vil vel regjeringa Solberg I seia. Via Facebook, høyrespel, plakatar, ein dokumentarfilm og teikneseriar lanserte dei rett og slett nordmenn som rasistar. Klassekampen har no fått tak i teikneserien. Avisa refererer at i teikneserien møter vi Hassan som prøver å søkja asyl i Noreg, men han vert utsett for rasisme, vert utnytta i ein svart arbeidsmarknad og frys i den kalde norske vinteren.

Eg kjem i hug då regjeringa Bondevik II med Erna Solberg som asylminister reduserte velferd for asylsøkjarar med avslag til at ingen skulle svelta eller frysa - «i hel. » Det var ikkje umenneskeleg nok med at ingen skulle svelta eller frysa.

95 tjukke sider utgjer teikneserien på somali. I 2014 og 2015 vart den utdelt blant studentar i åtte somaliske byar. «Det er på ingen måte vår hensikt å overdrive, men å realitetsorientere potensielle migranter uten grunnlag for beskyttelse i Somalia,» sa statssekretær (i Justisdepartementet) Gulati til Klassekampen i 2014. Når han vert oppringd no, har han ingen kjennskap til teikneserien og ynskjer heller ikkje å kommentera den. Det er ikkje å undrast på. Denne regjeringa har jo gjort asylretten så trong at knapt kvoteflyktningar fyller vilkåra for asyl. Innvandringsministeren vil utfordra menneskerettane, og dagens statsminister ville som flyktningeminister ikkje la seg diktera av FNs høgkommissær. Det er like før vi lengtar attende til «oransjemannen» Pål ? Lønseth og hans føresette Grete Faremo. Sosiolog Stine Sandnes, som har skrive masteropppgåve om teikneserien om Hassan, seier i Klassekampen at det er openberrt at kampanjen vart laga for å skremma somaliarar frå å søkja asyl i Noreg. Noreg har ingen utleveringsavtale med Somalia, som ikkje nett er paradis på jord. Konflikt og terror pregar landet - som vi altså prøver å skremma også dei som er forfylgde frå å røma ifrå. Moralen synest å vera at vi her oppe på Oljeberget vårt, vi har trekt stigen for tryggleik og velferd opp etter oss. No har land lengre sør nokså effektivt stengt grensene mot nord, slik at regjeringa kan sola seg i glansen av at skræmselspropagandaen med rasisme som ingrediens, den har verka. Det finst forresten fleire kampanjar også, men dei fell det for langt å koma inn på her.

Enn så lenge må vi diverre slå fast at når regjeringa Solberg I skulle finna ei råd for å gjennomføra asylpolitikken sin, nekta dei seg ingenting, sjølv ikkje å framstilla Noreg og nordmenn som rasistar. Med helsing den norske stat.

Det er så langt frå mamma som det er råd å koma. Ho var klok, mamma. Og ho fann i grunnen alltid ei råd - i det godes teneste.