Kan vi ikkje berre eta vaflar, då?

Publisert: 2017-08-23 09:23
Del:

Eg er grueleg glad i vaflar. Og når eg lagar vaflar, er det ikkje noko lett-produkt. Men gode vert dei, vaflane, det seier i alle fall dei vaksne ungane. Og så lurer eg meg sjølv ved å ta oppi ein neve havregryn eller to og innbiller meg at vaflane mine nærast er som sunnhetens apostlar å rekna. Eg er forresten litt streng på det med vaflar. Det må vera fem vaflar i ei plate, ikkje fire. Med fire får eg ikkje den ekte, gode vaffelkjensla. Du kan seia at eg er ein vaffelpurist. Men du får meg ikkje til å seia at vaflar er ein norsk verdi. Vaflar er ein norsk tradisjon på line med blautkake og flatbrød og poteter og komler/raspeballar. Og fisk i ymse fasongar. Det er fisken og det småskala landbruket mellom bakkar og berg som har fødd oss nordmenn i generasjonar. Fiskarbøndene livnærte seg og sine av begge delar. Og fiskarbonden, det var ho mor, slik ho seier det, omvisaren på Ærfuglmuseet på Nes på Vega (i Nordland).

Mat er viktigare jamvel for vestlendingen enn samferdsel. Og Lofotfisket er ikkje «berre» eit nordnorsk fenomen. Tørrfisken «måtte» i hundreår innom Bergen på veg søretter til varmare land. Slik tente fiskebaronane her store pengar. Fiskebaronane i dag er kvotebaronane. Fiskekvotar, altså retten til å fiska, har vorte ei omsetjeleg «vare» på ein marknad. Desse kvotane er så dyre at dei effektivt hindrar rekruttering til fiskaryrket for vanlege folk, og eigarskapen vert samla på stadig færre hender. Aldeles i blåblå ånd, men kvotebaronveldet vart ikkje sett i verk av Solberg og Jensen. Både AP og LO har vore pådrivarar for å sikra kvotebaronane privilegia deira, ikkje minst då AP-medlemen Kjell Inge Røkke fekk kjøpa opp store trålkonsesjonar frå midt på 90-talet. Trålarane skulle, og det var avtalen, levera fisk til industrien langs kysten. Men den avtalen vart ikkje oppfylt lenge. Fisken vart filetert om bord i trålarane, eller han tek ei rundreise tur-retur Kina før han endar opp i frysedisken. Plikta til å levera vert systematisk ikkje overhalden, og staten grip ikkje inn. Tvert om. Fiskeriminister Per Sandberg er tydeleg på at trålarane heilt skal sleppa å levera fisk til industrien på land. Enn så lenge har SV med Troms-representant Torgeir Knag Fylkesnes i spissen greidd å laga så mykje spetakkel i Stortinget at Solberg og Jensen ikkje har fått gjennom at kystfolket ingen rettar skal ha til fisken i havet. Og no vaknar AP-tilhengjarar i nord som ser at partiet deira ingen garantist er for at fisken skal vera folkets ressurs. Dei har sett at fisken bokstaveleg tala glir ut or hendene deira. Kvinner som har arbeidd over 40 år med filetering, misser arbeidet og endar opp som minstepensjonistar. Røkke enda på si side opp med 1,6 milliardar i forteneste då han til slutt selde seg ut. Sådan er kapitalismen når ikkje sosialdemokratiet utfører si historiske oppgåve med å setja effektive grenser for marknadsmakta.

Fisken kjem vi til å ha til dommedags ettermiddag. I den lange historia vert olja berre eit mellomspel. Fisken er både til mat og forteneste. Fisken er både den gamle og den nye olja. Så viktig er fisken at han må vera folkets eigedom, og det bør grunnlovsfestast. I staden for at ein kan kjøpa og selja kvotar, må kvotane leverast inn att til fellesskapen når ein er ferdig som aktiv fiskar. Dei trålarane som ikkje leverer fisk til industrien på land, må mista retten til å fiska. Så viktig er fisken at kontrollen over fiskeressursane er med på å avgjera fordelinga av makt og ressursar i heile samfunnet, aller mest i nord, men også for alle oss andre. Det tener ingen andre enn kvotebaronane at fisken fer halve verda fram og så attende før vi kjøper han i frosne firkantar i butikken. Og nei, dette er ikkje nostalgi og romantisering av fisket som ein gong var, dette er kampen om framtidas fiskeripolitikk!

Maten er for viktig til å gjerast til storindustri, det vere seg fisken i havet eller matproduksjonen på land. Klimaendringane minner oss harhendt på at vi ikkje kan dura fram og tru at vi i vår velstand her oppe på det nye oljeberget alltid vil vera sikra overflod av mat. Vi må forvalta fiskeressursane med vit – og det gjer vi best med kortreist fellesskapstankegang. Og vi må slutta med å leggja matjord under asfalt i eit forrykande tempo, slik vi har gjort i årevis allereie. 3% av arealet vårt i Noreg er dyrkbart. Det er ikkje all verda. Det er nærast verd si vekt i gull, det dyrkbare arealet vårt. Men som storsamfunn behandlar vi det som ei opphøyrssalsvare. Det kan kosta oss dyrt. Nei, dette er ingen svartmålande dommedagsprofeti. Det handlar om at vi må snu medan vi enno har tid!

Bønder har i generasjonar levd etter ein gyllen regel om å levera garden vidare til neste generasjon i betre stand enn då ein sjølv overtok. Den blåblå regjeringa er ikkje berre storbøndenes beste ven på kostnad av små og mellomstore bruk. Sjølv om dei er det også. Nifsare er det at dei vil leggja landet oppe for utanlandske oppkjøp slik at tilknytinga mellom bonden og garden vert broten. I mange land er det store finansselskap som eig jorda, og bonden endar opp som leiglending. Ein skulle tru at vi snakka om fortida, men diverre ikkje. I Danmark går gigantgardar konkurs – og er det då endå større finansselskap som kjem inn som neste eigar? Er husmannen på veg innatt i landbruket?

Norsk landbruk ligg i botnen internasjonalt når det gjeld antibiotikabruk. Vi har faktisk rein mat, samanlikna med nesten kva som helst land. Vi kan eta blautkokte egg utan å vera redde for salmonella. Vi kan drikka vatn frå springen – vi skal ikkje langt før det er helsefarleg! «Hobbybønder», blæs høgresida svivørdsleg ut gjennom begge naseborene. «Hobbybønder»? Det er min santen meg litt av ein «hobby», å syta for kortreist og helsesam mat og tryggja at vi framleis kan ha von om å nå ein sjølvforsyningsgrad på 50%. Men då må vi rekna skikkeleg. Ein reknar då ikkje importert kraftfor som norsk sjølvforsyning. Hallo?

Vi må slutta med å vera så likesæle når det gjeld matforsyning, både i dag og i morgon. Vi må sikra innmark, vi må sikra beitemark, vi må sikra at driftsulemper på grunn av små jordteigar, klimatiske forhold og veksttid vert jamna ut via tilskot. Vestlandslandbruket, fjellandbruket og det arktiske landbruket er ikkje mindre viktige enn det lettdrivne slettelandbruket på Jæren og flat-Austlandet. Små og mellomstore bruk avgjer sjølvforsyninga vår. Jordbruksoppgjeret er like viktig som lønsoppgjera elles. Minst! Og vi må ikkje tru at fri omsetnad av gardsbruk vil tryggja sjølvforsyninga vår. Det er som med fisken, matjorda må forvaltast og odlast i ein æveleg tidshorisont. Difor må bu- og driveplikta oppretthaldast til liks med konsesjonslovene og åseteretten. Vi må syta for nasjonale forbod mot genmodifiserte organismar som ikkje vert framstilte på ein etisk og forsvarleg måte. Helse og berekraftig utvikling må vera målestavane, ikkje industriell profitt og produksjon!

Når det nærmar seg val, vert politikk sett på spissen. Når det gjeld fiskeri og landbruk, treng vi at politikken vert sett på, ja, gjerne på spissen og ikkje druknar i ei slags velfødd likesæle. Vi må vita at vi er avhengig av eigen matproduksjon – og at vi ikkje kan overleva på vaffelkos jamvel om det skulle vera havregryn i dei!

Oddny I. Miljeteig