Ikkje eitt barn å missa til PISA!

Publisert: 2017-08-30 09:41
Del:

PISA-testane har sett grå hår i hovudet på norsk skule. Aldri har så mange investert så mykje for så liten vinst. Det er ikkje å ta munnen for full. No har norsk skule vorte rigga for PISA-testane, og så viser det seg at «vi» ikkje gjer det betre no enn for 15 år sidan, då Noreg fekk «PISA-sjokket» over kor dårleg «vi» gjorde det.

PISA er sjølve berebjelken for det som har vorte test- og målehysteriet i skulen og som slit ut både elevar, lærarar og foreldre. PISA har i grunnen gjort den norske skulen like skeiv som det skeive tårn i den italienske byen Pisa – og det skeive tårnet er i det minste ein turistattraksjon. PISA med store bokstavar er eit måleprogram for å måla kor flinke elevar er i lesing, matematikk og naturfag og vert gjennomført i regi av OECD. I PISA-verda er det ingenting som heiter «gagns menneske» eller gagnlege menneske, som den norske Mønsterplanen i si tid sett opp som det fyrste bodet for fellesskulen. PISA gjer skulen trongare og fattigare. Og når PISA-tankegangen styrer, vert det også slutt på leiken for 6-åringane. Då 6-åringane gjorde sitt inntog i skulen, var lovnaden at det var leiken som skulle vera skulekvardagen deira. Det er ikkje slik lenger no – den norske skulen har ikkje plass til det leikande mennesket. Det handlar om prestasjonar og testar og konkurranse – det instrumentelle mennesket. Men det instrumentelle mennesket er ikkje eit heilt menneske. Og nei, små menneske kan ikkje vera det testande menneske på skulen og det heile mennesket etter skuletid. Så viser då også undersøking etter undersøking at born og unge vert stressa, vantrivest og ikkje kjenner seg heime i skulen. Og det gjeld ikkje berre gutane, som skulen definitivt ikkje er tilpassa. Det gjeld jentene også. «Flink pike»-syndromet er på ingen måte daudt!

Lærarane får stadig, frå regjeringa og deira støtteparti, høyra at dei ikkje er gode nok. Det er ikkje for få lærarar i skulen, er mantraet, det er for få gode lærarar. Herre min hatt! No gjer regjeringa sitt aller beste for å avskilta tusenvis av høgkompetente, røynde lærarar med tilbakeverkande krav om vidareutdanning. Ja, og så er det denne firaren i matematikk, då, som øydelegg for svært dyktige unge menneske som ynskjer å bli lærarar, om enn ikkje i matematikk.

Den norske skulen har vorte hersa og herja med av eine utdannings- og kunnskapsministeren føre og hin etter. Einkvar skulestatsråd, si reform, liksom. Det er ikkje langt frå sanninga. Gudmund Hernes, Trond Giske, Kristin Clemet. SV sine statsrådar i den raud-grøne regjeringsperioden er altså heiderlege unntak i så måte. Vi opplevde at skulen måtte ha ro og at lærarane måtte få tillit. Diverre stod telje- og målstyringssystemet i vegen til sjuande og sist. Og det har vore uråd å få gjennomslag for noko så enkelt som at det må vera færre elevar per lærar i grunnskulen. Det har attpåtil vore lagt fram forskingsresultat som har skulle påvisa at elevar lærer like godt nærast uansett kor mange elevar læraren har. Det er sjølvsagt tull. No er vi fleire parti som går til val på å avgrensa talet på elevar per lærar etter ein nasjonalt sett standard. SV, som er det næraste for meg å ta som døme, vil ha maks 15 elevar per lærar på 1. til 4. trinn og maks 20 elevar per lærar frå 5. til 10. steg. Tidleg innsats for dei som treng det er avhengig av at det finst nok kvalifiserte lærarar til å sjå og høyra. NKVS – altså det nasjonale kvalitets- og vurderingssystemet, har ført til einsretta og teoritung undervisning – og eit snevert syn på kunnskap, støypt i PISA si form.

PISA-testane – og alle testar som byggjer på dei – må ut or skulen. Læraren må, for å seia det slik, avbyråkratiserast og få handlingsrom til å vera det læraren er best på: Å vera lærar. Det må rett og slett gjennomførast ei tillitsreform som gjev læraren yrket sitt att – og borna ein lærar som ser dei som dei menneska i utvikling dei er. Nei, eg meiner ikkje at læraren skal vera i foreldra sin stad og ha ansvar for å oppseda elevane. Så er det sagt også. Born er like ulike som vaksne, og læraren må ha tid og rom for å sjå dei ulike blomane i Vårherres hage.

Ein teoritung skule har for lite rom for praktisk læring, fysisk aktivitet og trivnad i skuledagen. Eg trur vi må gå vegen (attende?) til ein variert skuledag som gjev plass for kreativitet, djupnelæring, leik og rørsle. Ja, og så skulemat, då. Du er gjerne lei av å lesa at eg skriv om skulemat. Men no er det vel einast Noreg og Albania som ikkje har eit skulemåltid, og det er ikkje nett ein fyrtårn-status å higa etter? Anten vi er born eller vaksne, vi arbeider best med greitt blodsukker. Eit vanleg, sunt skulemåltid gjev eit betre læringsmiljø. Det seier seg sjølv. Det er ikkje tilfeldig at det står fat med frukt, grønt, neter og meire til på dei fleste konferansar med respekt for seg sjølve. Men born og unge skal altså ikkje få noko i magen? Ein kan gjerne seia at det er foreldra sitt ansvar. Men når ein veit at det slett ikkje fungerer for alle elevar, ja, kvifor ikkje då la elevane få mat?

Tidsklemma, er du eller har du vore i den – tidsklemma? Den dag i dag skjønar eg ikkje korleis mannen min og eg fekk kvardagen til å gå rundt då vi hadde tre ungar i barnehage og skule. Det var i helgene vi måtte ta oss innatt og få kledevask og husreingjering gjort slik at vi var i balanse til måndag morgon. Og ungane hadde lekser som måtte gjerast etter fotballtrenging og andre aktivitetar. Det var lange arbeidsdagar. Ikkje minst for ungane. Enn om dei kunne ha gjort leksene på skulen – med kompetente lærarar til å hjelpa seg? Dei skulane som har prøvd skulelekser i staden for heimelekser, dei ser ut ut til å ha gode røynsler, det eg veit. Ein skuledag med skulelekser, skulemat og meir fysisk aktivitet er ein god stad å byrja med ein ny skuledag. Du kan kalla det reform om du vil, med mindre teoritung læring. Men det må gå an å gjera endringar utan at dei skal verta trekte brått ned over hovuda til elevar, lærarar og foreldre. Og så har eg tru på at endringar går lettare når ikkje ein statsråd på «død og liv» skal ha oppkalla ei «reform» etter seg – for historiebøkene. Eitt er eg uansett viss på: Vi har ikkje eitt barn til å missa til PISA!

Oddny I. Miljeteig