Kjære alle saman, i alle aldrar og fasongar – med hjarta på venstre sida (og blindtarmen på høgre)!

Publisert: 2017-08-23 10:03
Del:

Gatefest Møhlenpris 20.08.17

Kjære alle saman, i alle aldrar og fasongar – med hjarta på venstre sida (og blindtarmen på høgre)! Hjarteleg velkomne til gatefest – i Bergen, på nyrehabiliterte Møhlenpris skule! Enn at Møhlenpris skule står her og skin, nesten som eit Soria Moria og fortel at ungane skal ha det aller beste – og at ein skule skal skina som eit eventyrslott. Det har kosta kamp. Frå foreldre, nærmiljø, frå besteforeldre, tanter og onklar. Born og unge fyrst – det er eit slagord som ikkje kan knabbast – for det er vårt! og- det gjeld også asylborna!

Gatefest. Midt i valkampen. Ved innspurten. No gjeld det. Her skal batteri hurtigladast for å vara i tre veker til. Og det trengst. For dette vert tøft. Det var tøft for fire år sidan også, då Hordaland berga SV over sperregrensa og sikra både partileiar Audun, Karin Andersen og Kirsti Bergstø og Snorre Valen og fleire til plass på Stortinget. For der å vera ei reaksjonær, blå-blå regjering til pest og plage i samfulle fire år. «Eg er ikkje vald på Stortinget for å halda kjeft», seier Karin Andersen, som har vore mest på talarstolen av alle i fireårsperioden. Nei, ingen sosialist vert vald til Stortinget for å teia still. Og i år må vi greia å få fleire på Stortinget som ikkje skal halda snasken. Sperregrensa er ikkje så kritisk i år, men valkamp er ein forunderleg usikker ting, så me har ikkje eit einaste laurbær å kvila på. Ikkje eitt! Morgon, middag og kveld- og natt – oppe fyrst og sist i seng. Standsaksjonar. Debattar. Valbod og valtorg. Vafler og printa pannekaker. Karamellar for sosialismen! Regn i håret for sosialismen! Gummistøvlar for sosialismen! Vind og storm for sosialismen! Sydvest for sosialismen! Og eit solgløtt innimellom.

Kjærleik for sosialismen. Solidaritet utan kjærleik finst ikkje. Kjærleik er noko som raslar i graset på overskya dagar,seier poeto Ruth Lillegraven. Solidaritetens kjærleik er noko som smyg seg rundt sosialistiske gatefestdeltakarar.Kjenner de? Kameratar, gilde kameratar, det er kjærleikens solidaritet me heiser fana for – mot fattigdom, mot urettferd, for eit anstendig arbeidsliv, for den norske modellen, mot den umenneskelege asylpolitikken, mot sosial dumping og mot kapitalismens 1% community og FOR makt til folk. På valdagen gjeld alle sine stemmer like mykje. Alle som stemmer. Alle andre dagar er sosialistar i strid for at folketa og framtid sine røyster skal ha makt.Også dei som ikkje stemmer. I og utanfor Storting og kommunestyre – her og no – og for framtida. Klimaet kan ikkje stemma. Men folk kan stemma SV. Det er ikkje eit sært påfunn at Sosialistisik Venstreparti har kampen mot atomvåpen som eitt av våre fem hovudkrav til forhandlingar etter valet. Det er ikkje eit sært påfunn at vi har kampen for fisken, kysten og havet som eitt til. I førre periode vann vi Lofoten, Vesterålen og Senja og Mørebankane og dei. I neste periode kan vi vinna dei for godt! For våre born, barneborm og oldeborn, for framtidas arbeidsplassar – somme av dei finst allereie.

Kameratar! Det kostar å gå føre, å halda fram det ubehagelege. Men ingen politisk revisjon kan fjerna fattigdom i Noreg! Ikkje Torbjørn Røe Isaksen som vil fjerna fattigdom med eit pennestrok, med ein ny teljemåte. Han må dessutan læra seg brøkrekning fyrst – ein femdel er mindre enn ein firedel. Og til Erasmus Montanusane i såkalla faktasjekkar: Fattigdom kan ikkje definerast vekk! Og nei, det er ikkje svartmåling – det handlar om å sjå stadig veksande forskjellar mellom folk i kvitauga – og gjera noko med dei. Å auka barnetrygda vil minska fattigdom. Og ta ikkje frå fattige menneske endåtil retten til å definera seg som fattig! Det er det ultimate svik!

Kampen for feminismen og kvinnefrigjeringa. Kampen mot rasismen. Ingen rasistar i våre gater! Kampen mot ekstremismen, sekterismen, terrorismen. Det er seige kampar. Dei kostar. For somme kostar dei livet. Somme risikerer livet, det aller største eit menneske har. Vi står opp for demokratiet. Ei sterk fagrørsle og ei sterk venstreside må til for å vinna framtida – og nedrustinga og freden, livsvilkåra – og livet. Sosialismen kan ikkje vinnast ved dette Stortingsvalet. Men kvar røyst SV får ved dette valet er ei røyst til kjærleikens solidaritet. No har vi tre veker att å gjera det på. Og me, me må hanka inn så mange stemmer til Sosialistisk Venstreparti som berre mogleg og sikra at valkvelden er det EIN partileiar frå Hordaland som kan jubla, og han heiter Audun Lysbakken, VÅR Audun Lysbakken! God gatefest! Og hugs kjærleiken!

Oddny I. Miljeteig