Barnefattigdom er fattigdom

Publisert: 2017-08-16 11:11
Del:

Barnefattigdom, kva er no det? Det er eit merkeleg omgrep, er det ikkje? Smak på det. Ein gong - og ein gong til. Det skurrar, ikkje sant?

Sjølvsagt gjer det det! For born har ikkje sin eigen økonomi i Noreg, uansett om det finst barnetrygd og barnebidrag aldri så mykje.

Born er foreldres/føresettes økonomiske ansvar. Er born fattige, ja, så er foreldra også fattige.

Eg veit ikkje korleis barnefattigdom har oppstått som omgrep. For det handlar om born i fattige familiar. Men eg kan tenkja meg ei årsak. Og det er å peika på kven fattigdommen går mest ut over. Eg trur det kan likjast med asylborn-omgrepet. Asylborna var usynlege i asylpolitikken inntil, ja, inntil ei gruppe born og unge i asylsøkjarfamiliar her i Bergen laga sin eigen organisasjon, for sine interesser. Eg er ikkje sikker på at asylborn-omprepet oppstod nett her i 2003, men sidan har det i alle fall funnest.

Barnefattigdom og asylborn, begge omgrepa har til felles at dei kan slå pusten utor oss.

Og når det gjeld barnefattigdom, så er det 98.000 av dei i Noreg i dag, rekna slik ein reknar fattigdom i Europa. Legg vi saman innbyggjartalet i Askøy, Os og Fjell, kjem vi ikkje til 60.000, eingong. 98.000 er berre 30.000 færre enn Stavanger har innbyggjarar.

Fattigdom er å ha for lite pengar, seier Mikkel Grüner, gruppeleiar for SV i bystyret her.

Ja, så enkelt er det. Ein kan definera og rekna så mykje ein vil - og Høgre vil no endra fattigdomstalet med å rekna annleis, det vil seia med ein pennestrok. Nei, Kristin Halvorsen har aldri sagt at fattigdom kan fjernast med eit pennestrok! Det hjelper ikkje kor mange gongar dei på høgresida repeterer det. Sist fredag var det Helge Andre Njåstad og Terje Breivik frå FRP og Venstre som påstod det - i debatt på Etnemarknaden. Det vart ikkje sant - ikkje då heller. Men Høgre vil altså redusera talet på fattige born med eit pennestrok. Eg kan ikkje anna enn brumma oppgitt - med utestemme. For barnefattigdommen i Noreg er tredobla sidan 2001. Og i 1994 meinar eg å hugsa at det var tale om 12.000 fattige born i heile Noreg. For mange det også, sjølvsagt - eitt fattig barn er eitt for mange. Ein fattig familie er ein for mange!

UNICEF, av alle nøkterne organisasjonar, har no lese partiprogramma for å finna ut kva politikk partia har for born og unge. Sjølvaste Aftenposten slo opp over to sider i går at dei tre største partia ikkje nemner tiltak mot barnefattigdom. Barnefattigdommen i Noreg er tredobla sidan 2001. Ein ny rapport laga på oppdrag frå Barne-, ungdoms-og familiedirektoratet viser ekstremt store skilnader i barnefattigdom mellom Oslos grannelag.

Rapporten viser den såkalla «nabolagseffekten»: nærmiljøet born veks opp i, påverkar i seg sjølv borns mulegheiter seinare i livet. I Oslo bur eitt av fem born i fattige familiar. På Tøyen i Oslo veks to av tre born opp i fattige familiar. Og vi snakkar ikkje om «mellombels» fattigdom, slik som dårleg råd i ein etableringsfase hos unge. Nei, vi snakkar om vedvarande fattigdom, eller låginntekt som Statistisk Sentralbyrå kallar det - for at det skal høyrast betre ut og ikkje få oss til å tenkja på «born i Afrika.»

Nei, eg tullar ikkje, eg berre kallar ein spade for ein spade og ikkje ei greip. Oppvaksen på småbruk i Åkrafjorden som eg er, veit eg skilnaden på spade og greip. Og fattigdom er fattigdom, uansett kva ein måtte finna på å kalla det for at det ikkje skal verka «støytande.» I den regjeringsperioden som no snart er til endes, har uføre, som for det meste ikkje har høge inntekter, mist barnetillegget i uføretrygda. Det betyr at dei har gått titusenvis av kroner rett ned. Og då er det ikkje ufint å minna om at når Noregs rikaste menn har kravd skattelette, så har dei fått det - og Frp vil attpå gje 65 milliardar til i neste periode. Men når uføretrygda bad om å få behalda barnetillegget, då sa regjeringa nei. Då hjelper det ikkje å laga ordningar med låne-skiutstyr og den slags. Det vert symbolmarkeringar som ikkje gjer noko med fattigdommen i seg sjølv. Og det er det vi som storsamfunn må gjera.

Barnetrygda, den mest ubyråkratiske velferdsordning som tenkjast kan, den har stått stille sidan 1996. I kroner. Det betyr at barnetrygda er sterkt redusert på desse åra. Hadde barnetrygda vorte regulert om ikkje meir så i takt med løns- og priasauken, ville Noreg hatt 18.000 færre fattige born.

SV greidde ikkje å få heva barnetrygda då vi var med i regjering. Vi hadde ikkje nok gjennomslagskraft. Men vi veit kor viktig barnetrygda er når det gjeld å nedkjempa fattigdom, så vi gjev oss ikkje. Ved valet no er auke i barnetrygda, og då spesielt for familiar med mange born og einslege forsørgjarar, ei av våre fem viktigaste saker. Det er på høg tid at dei som har minst, får plussar som merkast!

Frp seier at innvandring er hovudårsaka til barnefattigdom. Jaha? Det er rett at halvdelen av borna som lever i fattigdom, er born av innvandrarar. Men 50.000 er altså kliss etnisk norske. Som om det skulle ha noko å bety, forresten. Men Frp graderer born ut frå etnisitet og synest det er heilt greitt.

Høgre meiner at arbeid er viktigaste tiltaket mot fattigdom. Ja, det har no fagrørsla og for den del venstresida og Ap sagt i «1000 år», men når sysselsetjinga går ned, kva då? Og kva med dei som ikkje kan jobba? Ap sa til Aftenposten at barnehage, skule og aktivitetar

med målretting av tiltak i dei områda som har størst utfordringar er klassisk omfordelande Ap-politikk. Det er også sant. Men kvifor ikkje syta for at dei som er fattige, får meir pengar? Å auka barnetrygda vil lyfta fattige barnefamiliar ut or fattigdom. I neste stortingsperiode må fattigdommen ned og skatteletten ned. Rett og slett. Og uansett kva slags fiffige definisjonar og nytale du skulle verta møtt med, hugs at barnefattigdom er fattigdom og ikkje noko anna!