Skal ein kunna kjøpa seg til sjølve livet?

Publisert: 2017-08-09 12:42
Del:

Måndags kvelden fekk endeleg helseministeren og Høgre eit positivt helsepolitisk oppslag i media: Høgre lovar å etablera «Pakkeforløp hjem» for å fylgja opp kreftpasientar som er ferdigbehandla, det vere seg om dei er friske av kreften eller det ikkje er meir å gjera. Kreftforeininga skryt, for dette har dei arbeidd for i fleirfaldige år. Og det er eit godt tiltak, det eg kan forstå.

Men eg må seia at eg vart forvirra. For det er jo ikkje dette debatten om eit todelt helsevesen i kreftbehandling står om? Og som har fylt media i skarp tevling med vaflar og brunost og andre «norske» verdiar i sommar? Dette kan då umogleg vera svaret på om eit hundretals brystkreftsjuke kvinner med spreiing skal få tilgjengeleg behandling som legg liv til åra og år til livet? Eg klikka meg inn på Anne Gine Hestetun, sjukemeld fylkesordførar og ei i målgruppa, si facebookside. Ho var ikkje forvirra. «Gje oss i fyrste omgang medisinane me treng!» las eg. Nettopp. Førebels betaler Anne Gine, og fleire med henne, sjølv for kreftmedisinen Kadcyla, ein sprikkdyr, men effektiv medisin – og som kreftlegen hennar ved Haukeland har sagt vil hjelpa henne. Fleire gjer altså som Anne Gine. Men ikkje alle kan det, noko vår sjukemelde fylkesordførar har sagt tydelegare enn dei fleste. Og midt i si eiga «handtering» (ja, eg finn ikkje betre omgrep) av sin sjukdom, er kampen for at alle skal få behandling uavhengig av lommebok fylkesordføraren sin kamp nummer ein. Kristin Mo, som mange av oss godt vaksne hugsar som tydeleg leiar for Forbrukarrådet, er ei av dei som ikkje har privatøkonomi til å betala hundretusenvis for same medisin.


Så kva då er denne nyheita om pakkeforløp? I alle fall ikkje svaret livstrugande sjuke brystkreftpasientar treng! Det er forresten ikkje lenge sidan helseministeren prøvde å stilla seg jamsides kjempande pasientar – ved å seia at han kjempa i laga med dei. Hallo? Han er då øvste ansvarlege i Helse-Noreg – ja, i grunnen er alt ansvar samla på hans og resten av regjeringa sine skuldrer i den foretaksmodellen spesialisthelsetenesta har vore belemra med sidan 2003. Rett nok er det oppretta, slik det er innan dette systemet, eit Beslutningsforum som har fått seg tildelt avgjerdsmakta til å godkjenna nye medisinar. Det er slik dei skuvar ansvaret frå seg, dei som vil ha foretaksmodellen. Beslutningsforum består av dei fire regionale helsedirktørane; frå Helse Nord, Helse Midt, Helse Vest og Helse Sør-Aust. Det er samstundes dei som er ansvarlege for budsjetta i sin region. Så der sit dei, stort sett menn, og skal bestemma over kvinners liv! Det har menn gjort altfor lenge alle vegar, spør du meg.

No skal det seiast at spørsmålet om godkjenning av nye kreftmedisinar ikkje er einast eit spørsmål om kvinnesjukdommar. Uhelbredeleg beinmargskreft er framleis nett uhelbredeleg, men ei rivande medisinsk utvikling gjev svært gode voner om at sjukdommen går frå å vera dødeleg til å bli kronisk. Men då må norske styresmakter ta nye medisinar i bruk, slik at, for å seia det beint ut: slik at pasientane lever lenge nok til at neste generasjons medisinar vert tilgjengelege! Innan blodkreftområdet er det også ei voldsom medisinsk utvikling. Stadig vert nye og betre medikament lanserte. Blodkreftforeininga uroar seg for at det omfattande byråkratiske godkjenningssystemet gjer at nye medisinar vert forseinka i sjølve systemet. Og med utviklinga av ei mengde nye medisinar vil forseinkingane i systemet vedvara også i framtida.

I Noreg har vi eitt av verdas aller beste helsestell. Uansett skavankar, vi ligg i toppen. Og vi har satsa politisk på eit universelt helsevesen som ikkje spør pasientar etter forsikring eller saldo på bankkonto. Spør du meg, er dette ein av dei norske verdiane vi må kjempa aller hardast for å vidareutvikla og ikkje byggja ned. Eit universelt system er avhengig av tillit og oppslutnad – og då kan det ikkje vera skilnad på kong Solomo og Jørgen hattemakar.

Avisa VG har fortenestefullt sett søkjelyset på det todelte helsevesenet vi no ser i kreftbehandling. Noreg er eit rikt land. Legemiddelindustrien, som både utviklar og forvaltar så mange av dei medisinane det her er tale om, tek seg utan tvil godt betalt for produkta sine. Kostnadene til legemiddel har stige med 25% på tre år, frå 21,3 milliardar i 2012, til 26,7 milliardar i 2016. Forhandlingane om pris på legemiddel føregår no i løyndom mellom Beslutningsforum og firmaet. Eit slikt forhandlingssystem er skreddarsydd for legemiddelindustrien. Det gjer at legemiddelfirma kan bruka godkjenning i eitt land til å pressa eit anna. Til dømes. Legemiddelindustriens fyrstedame i Noreg, Karita Bekkemellem, hevdar at Noreg har med dei lågaste medisinprisane i Europa, og at det hemmelege forhandlingsstystemet gir Noreg høve til å forhandla fram ein god rabatt som andre, større land ikkje får vita om.

Eg får seia det som det er: Dette trur eg ikkje det bitten på. Legemiddelindustrien gjev nok ikkje ved dørene til eitt av verdas rikaste land. Legemiddelindustrien kjempar for profitten sin, og det ser det ut til at dei gjer svært godt. No skal visst firmaet som eig Kadcyla, koma med sitt åttande tilbod til norske styresmakter. Åttande tilbod! Kvar dei har begynt priskravet sitt når dei kan koma med eit åttande tilbod, ja, det har vi vel knapt fantasi til å førestella oss. Ågerprisar skal vi ikkje betala – vi treng pengane til meir godt helsevesen, sjølv det nett no rike Noreg!

Helseministeren må tøffa seg opp, og regjeringa likeeins. For dei sit med ansvaret no for at menneske kan døy medan dei ventar på resultatet av dei hemmelege forhandlingane. Legemiddelindustrien må visa fram om dei har ein etikk (sjølv om vi ikkje trur på julenissen i august). På lengre sikt må det finnast eit nytt system for godkjenning av legemiddel. Og prisar må vi, folket, få vita. Men nett no må regjeringa syta for at dei alvorlegast sjuke menneska må få medisinen som legg liv til levetida og levetid til livet. Viss ikkje, får dei ta tølene sine og gå, midt i valkampen! Så får vi vona, enn så ekkelt det høyrest ut, at valkampen kan setja fart i både helsestatsråd Høie og statsminister Solberg. Eller er det slik at dei eigentleg vil ha eit todelt helsevesen der nokon skal kunna kjøpa seg til liv og andre ikkje?

Oddny I. Miljeteig