Fattigdom er fattigdom!

Publisert: 2017-08-02 12:30
Del:
Det får altså vera måte på. Nytale er noko skit. Eufemisme heiter det visst også – når eit omgrep har vorte så belasta/ubehageleg at somme finn på eit nytt for det. Og er det makta som finn på det nye ordet, ja, så vert det lett det nye som vert gjeldande. Og er det ei slags overmaktssemje om at det gamle ordet var «ekkelt» og «støytande», ja, så fester ikkje det ekle og støytande seg så lett til nytalen. Men ein spade er ein spade – og ikkje ei greip!

I dag gjeld det fattigdom. «Dei fattige har de alltid iblant dykk». Slik pålag, sa han det, snikkarsonen frå Nasaret. Men det var før Statistisk Sentralbyrå si tid. (Og for den del: før Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre, han med prosentrekninga, veit de.)

For det er nemleg slik at medan EU og OECD, som knappast er å rekna blant revolusjonsromantikarane, publiserer fattigdomstal, så har sjølvaste det norske Statistisk Sentralbyrå gått over til omgrepet «låginntekt.» Byrået meiner omgrepet «fattig» blir for sterkt i norsk samanheng. Det var då dagens sentralbanksjef Øystein Olsen var direktør for SSB at det blei bestemt at statistikkavdelinga skulle gå vekk frå omgrepa fattigdom og fattigdomsgrense. Låginntekt – det høyrest slett ikkje så gale ut som fattigdom. Og det er nett meininga. For «fattigdom» kan gje assosisasjonar til levekårstilhøva frå ei fjern fortid eller tilhøva i mange utviklingsland. «Fattige var folk som opplevde naud og levde omtrent på eksistensgrensa, medan inntektsfattigdom i Europa i dag betyr at ein har avgrensa muleheiter for å kunna delta aktivt i samfunnslivet,» sa forskar Rolf Aaberge ved SSB til avisa Klassekampen tidlegare i sommar. Aaberge forskar på det han sjølv omtalar som fattigdom, og han meiner praksisen til SSB kan skapa forvirring både fordi den ikkje samsvarer med resten av Europa og fordi SSB også publiserer rapportar/artiklar med fattigdomsomgrepet i staden for «låginntekt.»

Fattigdom er å ha for lite pengar, seier Mikkel Grüner, SVs gruppeleiar i Bergen bystyre. Fattigdom let seg ikkje utrydja språkleg! Slik sett er det positivt at fattigdomsomgrepet ikkje er utrydja i Statistisk Sentralbyrå. SSB brukar same fattigdomsdefinisjon som EUs Eurostat, nemleg at ein person har mindre enn 60% av medianinntekta, altså den midterste inntekta i eit land. Det nøyaktige omgrepet til Eurostat er «risk of poverty». EUs ministerråd vedtok i 1975 at fattigdomsgrensene skal vera avhengige av den generelle levestandarden i medlemslanda. Ei abolutt fattigdomsgrense betyr at ein lever på eller under eksistensminimum, at ein kan risikera å svelta i hel. Ser vi på tiggarane frå Aust-Europa, er vi for mange sitt vedkomande heilt nede på/under den absolutte fattigdomsgrensa. Og vi må heller ikkje gløyma at norske borgarar på «låginntekt» også kan oppleva eit tomt kjøleskap!Det er ikkje tilfeldig at sosialhjelpa har ei ordning med «øyeblikkeleg hjelp». Då sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa i regjeringa Bondevik I la fram ei stortingsmelding om fattigdom, var ein av dei store diskusjonane kor fattigdomsgrensa skulle setjast, meiner eg å hugsa. Det er, for å seia det forsiktig, ein billegare debatt bokstaveleg tala enn ein inkluderande debatt om tiltak mot fattigdom.

Bergensdama Wenche Berg Husebø er ikkje i tvil om at vi må snakka om fattigdom. Fordi det ikkje å kunna gjera det som folk flest gjer, er utanforskap i bokstaveleg forstand, det vere seg å reisa på sommarferie eller gå på kino ein dag. Berg Husebø er ein veteran i kampen mot fattigdom og seier at då ho byrja med dette arbeidet i 1994, rekna ein med 12.000 born som levde med foreldre under fattigdomsgrensa. I dag er det 100.000 born. «Me skal snakka om fattigdom, og me skal snakka om barnefattigdom på ein slik måte at dersom ikkje foreldra var fattige, hadde heller ikkje borna vore fattige,» sa Berg Husebø til Klassekampen i juli.

Auka sosiale skilnader, at dei rikaste dreg frå alle, at dei fattigaste sakkar etter, at lågtlønte knapt har fått reallønsauke i Noreg på fleire tiår – og altså 100.000 born under fattigdomsgrensa. Det er også ein fasit i det valkampen vert blesen i gong. Og kva seier statsministeren sitt parti? Jo, dei vil endra måten å rekna ut fattigdom på. Tenk det! Det er sanneleg min hatt fordelingspolitikk av verste Høgre-merke. Og det seier ikkje så lite.Torbjørn Røe Isaksen, kunnskapsministeren, er dårlegare i prosentrekning enn meg. Kva det betyr, kan ein sakta diskutera, men eg veit i alle fall at ein femdel er mindre enn ein firedel. Når det då er nett Røe Isaksen som lanserer Høgres fattigdomsoffensiv, er det dubbel grunn til å vera på alerten. Og han er attpåtil partileiingas verdikonservative alibi, ikkje fordi han er dårleg i rekning, men fordi han vert sedd på ideologen i toppen. Jaujau. No brukar Høgre ideologen til å skuggeleggja fattigdomsomgrepet endå meir enn Statistisk Sentralbyrå – for Høgre vil rekna inn verdien av offentleg skule, barnehage og helsetenester i inntektsomgrepet. I alle fall fattigdomsomgrepet. Då skal visst talet på fattige halverast – med eit pennestrok. Og nei, Kristin Halvorsen sa aldri at vi kan fjerna fattigdom med eit pennestrok. For det kan fattigdom ikkje. Men vi veit mykje om kva som verkar. Vi veit at å auka barnetrygda monaleg, vil hjelpa monaleg. Likevel har ikkje barnetrygda vore auka sidan 1996. Nei, SV fekk ikkje det til i regjering. Men vi har aldri slutta å prøva. Det handlar ikkje om å telja annleis, men prioritera annleis. Om å vita at ein spade er ein spade. Og at fattigdom er fattigdom. Basta.

Oddny I. Miljeteig