Den himmelske freds plass

Publisert: 2017-08-01 13:14
Del:
Mormor var et menneske som gikk stille gjennom livet, dyrket sine georginer og roser og lærte meg noe viktig som heter folkeskikk samt å være snill mot mennesker. To enkle råd sendte hun meg ut i verden med.

«Det kommer ingenting inn i en lukket hånd. » og «Folk er folk gutten min, glem aldri det. »

Så takk til mormor som er mitt moralske kompass. ? Når som helst kan jeg lukke øynene og fremkalle henne for mitt indre øye, kjenne duften av liljekonvall fra parfymen hun tok en dråpe av i halsgropen hver morgen.

Og takk til det myke fanget hennes, den himmelske freds plass. »

Sven Henriksen, skodespelar og skribent, busett i Mo i Rana, er mannen bak ovannemnde liner. Eg har funne avsnittet ovanfor i ei helgespalte han hadde heilt nyss i Rana Blad.

Sven Henriksen er oppteken av å telja sine velsigningar. «Count your blessings» er eit ordtak på engelsk, og det gjer både oss og språket vårt rikare om vi tek det med oss som vårt.

«Lær oss å telja våre dagar, så vi kan få visdom i hjarta. » Omlag slik står det i Bibelens salme 90, vers 12. Eg hugsar eg valde det bibelordet til mamma si gravferd. «Lær oss å telja våre dagar, så vi kan få visdom i hjarta. » «Å telle våre dager handler om å sette pris på hver enkelt av dem. Telle og summere alt som er verdt å minnes langs livsveien; både gledene som glitret, motgangen vi lærte av og mennesker som beriket livene våre. Å telle våre dager er å takke for dagene som har gått, og å leve de som er igjen så godt som mulig for oss selv, for menneskene rundt oss og for verden. » Slik sa han det, presten Per Anders Nordengen i ein radio-morgonandakt.

Ferien kan vera ei tid for ettertanke. Anten ein ligg på stranda, sit på altanen, i gyngestolen, går i fjellet eller i hagen eller tunet med kaffikoppen el ler eit vassglas. For den som har det travelt til kvardags, er det godt å ha gjerandslause dagar i ferien. Då kjem tankane til ein utan at ein treng jaga dei vekk avdi det er annsame oppgåver som trengjer seg på. Diktaren Jan Magnus Bruheim har skrive eit dikt om «Den annsame»: Han har ikkje stund til å stogge og ikkje tid til å sjå. Menneske som han møter dei ansar han aldri på. Mangt har han å rekkje over. Det gjeld um å fara fort. Mykje var det å gjera. Det auka dess meir han fekk gjort. Så lid det til endes med dagen. Han står der, studd over stav og spør: Kva har livet gjeve og kvar har det vorte av? Slik jaga han gjennom livet utan å få det fatt. Ei glede sprang etter på vegen men nådde han aldri att.

Særskilt siste to verselinene gjorde inntrykk på meg: «Ei glede sprang etter på vegen, men nådde han aldri att. » Enn å tapa ei glede avdi ein ikkje let henne nå seg att?

Dei siste to åra, gjennom og no etter kreftsjukdommen, når eg prøver å finna att kreftene mine, har eg naturleg nok tenkt - og tenkt - og tenkt. Eg har jammen hatt tid til å tenkja - og om eg skulle ha ynskt det, har eg ikkje kunna springa frå tankane. Ei tid tenkte eg mykje på at om livet skulle ta slutt no, kva då? Det var så mykje eg ikkje hadde fått gjort, stader eg hadde drøymt om å reisa, til dømes. Men så tenkte eg, slik eg har lært av mannen min: «Gjort er gjort. » Ja. For det er det. Og så tenkte eg på livet mitt, på barndommen, ungdommen, val av ektemann - og å bli vald av han eg valde, born, familie, jobb, tillitsverv, heimegarden. Ja, og så mannen min sitt Helgeland, det som også har vorte mitt.

Og jammen har eg vorte bestemor også! «Kanskje du kan prøva å tenkja på før og etter at du vart farmor, i staden for før og etter kreften,» sa svigerdotter mi til meg. Det var minsanten eit godt råd! Og det har eg bestemt meg for å prøva å fylgja.

Opplevingane treng ikkje vera store for å vera gleder. Det har eg i alle fall lært dei par siste åra om eg ikkje visste det før. Eg er eit kvardagsmenneskje. Ikkje det at eg ikkje set pris på helg og fest, men kvardagane er flest. Eg trivst i grunnen godt i kvardagen. Og skulle eg ikkje få oppleva Cuba, ja, så fekk ikkje Fidel Castro oppleva Tøsse (barndomsheimen) i Åkrafjorden heller! Ikkje alle dagar er gode, men det er ofte eit kvart lite godt i dei fleste dagar. Det har eg også lært meg, sjølv i den hardaste cellegift-tida.

I globaliseringas tidsalder er det mest ikkje grenser for det vi kan oppleva. Det kostar for kloden, då. Og klimaet. Difor også kan det vera greitt å setja pris på kvardagen. Bokstaveleg tala. Og det kan henda, om vi kjenner etter og ser oss ikring berre pittelitt i vårt næraste, at vi kan finna vår eigen himmelske freds plass.

Eit bestemorsfang - eller noko heilt anna. Berre du kan finna din og eg min. Måtte du kjære lesar, ha mange gode sommardagar framfor deg!