Småe skilnader byggjer landet

Publisert: 2017-07-12 09:00
Del:

«Vi er de tusener som bygger landet, det blev oss kjært i dagens strid. Vi bar det fremad i savn og armod. Nu bygger vi den nye tid.».

Arne Paasche Aasen er forfattaren bak arbeidarsongen «Vi bygger landet.» Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har songe han, og refrenget kan eg i alle fall utanboks. Songen er like sann i dag som då han var ny på 1930-talet. Både fordi det er dei tusenar som byggjer landet, og avdi det er dei tusenar som må byggja landet om vi skal ha gode levekår for alle. Det trengst at all/e tilgjengeleg/e arbeidskraft/arbeidsfolk får arbeid slik at alle kan vera sikra eit leveleg og verdig inntektsnivå. Ja, også for dei som er sjuke, gamle og uføre.

Ulikskapane i Noreg aukar. Dei rikaste dreg ifrå, dei fattigaste får mindre. Dei superrike skyt beint fram til vers, dei siste fire åra også hjelpte av skattelettane frå dei blå-blå, Venstre og KRF. Eit samfunn med høg tillit blant innbyggjarane, og mellom innbyggjarane og styresmaktene, må tuftast på småe skilnader. Den nordiske modellen, som det heiter også internasjonalt, har nett ei slik historie. Sterke fagforeiningar er ein føresetnad for småe skilnader. For om skilnadene skal bli småe eller store, handlar om kampen om meirverdien, om overskotet, om kampen mellom arbeid og kapital.

Skilnadene aukar no fort i Noreg, også i internasjonal samanheng. Innvandring er ein av dei viktigaste drivarane bak dei auka ulikskapane, seie professor Grete Brochmann ved Universitetet i Oslo. Ho leidde i vinter eit utval sett ned av Solberg-regjeringa for å sjå på kva langsiktige verknader innvandring har på det norske samfunnet. Det finst to sett innvandring: Arbeidsinnvandring og flyktningeinnvandring. Blant dei siste tel både kvoteflyktningar og asylantar med.

Samfunnsøkonomisk har arbeidsinnvandringa vore ein stor vinst for Noreg, men den har hatt ulik verknad for ulike grupper, sa Brochmann i Klassekampen torsdag. «Arbeidsinnvandringen har ført til lavlønnskonkurranse. Gjennom arbeidsinnvandringen fra EØS har vi fått en stor tilførsel av arbeidskraft. I noen bransjer har dette bidratt til en dårligere lønnsutvikling.» I utgreiinga peikar Brochmann-utvalet særskilt på reinhald, byggje- og anleggsverksemd og transport som bransjar som har vorte meir konkurranseutsette. Slik verkar arbeidsinnvandringa dubbelt opp: Den kan både hindra lønsvekst, samstundes som fleire i Noreg arbeider på relativt låge løner. For eiga rekning legg eg til seinare års «mani» med å rekna lønstillegg i prosent og ikkje i kroner. I landbruksoppgjeret nyleg svikta Venstre «kronetilleggsalliansen» og berga regjeringa med prosenttillegg – slik at bøndene ikkje vil ta innatt den mindrelønsutviklinga dei har å ta att.

Dei som kjem til Noreg som flyktningar, har naturleg nok høgare risiko for å hamna utanfor arbeidslivet - og dermed enda blant dei med dårleg økonomi, seier Brochmann-utvalet. Den viktigaste årsaka er at fleirtalet blant dei som kjem, har relativt lågare kvalifikasjonar. Dei slit med å få arbeid, har låg opptening av pensjonsrettar og vil dermed vera blant dei som får lågast alderspensjon. Flyktningar endar også, igjen naturleg nok, spør du meg, raskare på uføretrygd enn andre innvandrarar og nordmenn. Difor må det satsast tungt på utdanning og kvalifisering, slik at flyktningar kjem i produktivt arbeid og ikkje på varig låginntekt. Seier Brochmann. Eg veit ikkje kva utslag det gjer at andre generasjons innvandrarar, i alle fall frå somme grupper, tek høgare utdanning meir enn etnisk norske unge.

Uansett, forskjellane aukar også når innvandrarbefolkninga blir halden utanfor statistikken, seier Statistisk Sentralbyrå. Dette inneber at det har blitt større forskjell mellom den tidelen som har høgast inntekt og den tidelen som har lågast inntekt, både når innvandrarbefolkninga er med og ikkje. Aage Aaberge i SSB åtvarar imot å bruka desse ulikskapsmåla kategorisk avdi dei ikkje fangar opp dei aller rikaste. Det er dei r som har drege mest ifrå . Lønsutviklinga i botn har stått nesten stille dei siste ti åra, viser studiar frå Senter for lønnsdanning. Dei i toppen har fått auka totalinntektene nesten dobla frå 1989 til 2010. Hanna Gitmark i Tankesmien Agenda seier at også ein fersk studie om sosial mobilitet som Frischsenteret står bak, viser at ulikskapen aukar blant nordmenn. Her finn forskarane at dei som i utgangspunktet har minst, blir hengande etter – også blant nordmenn. Og sjølv om halvdelen av borna i låginntektsfamiliar har innvandrarbakgrunn, har altså den andre halvdelen ikkje det.

Skal vi byggja landet, må vi føra ein politikk som minskar ulikskapane og gjev dei lågast stilte både ei verdig innkome og høve til å koma ut or låginntekta. Ein god offentleg skule og Statens Lånekasse for utdanning er like viktige for dagens unge som for min generasjon. Og altså småe skilnader. Småe skilnader gjev trygleik, von og sjølvkjensle til alle, også til dei som ikkje høyrer til overklasse eller middelklasse. Og vi må hugsa at landet ikkje er bygd ein gong for alle. Men legg vi småe skilnader til grunn, kan kvar generasjon, på nytt og på nytt, byggja landet – for seg og for alle. Meir framtidsretta går det ikkje an å vera. Då får heller dei rikaste tola å bidra meir til felleskapen enn i den blå-blå skattelettes tid.

Oddny I Miljeteig