Penger skal ikkje gi politisk makt

Publisert: 2017-07-11 15:00
Del:
Visste du at høgresida var dei som fyrst snakka om ulikskap – lenge før nokon andre begynte å snakka om det? Kristin Clemet, leiaren for Civita, ho påstår så, med høgresidas nedervde arroganse. Det er tydeleg at høgresida ikkje nøyer seg med å ha prøvd å erobra fridomsomgrepet. Dei har fått blod på tann og går friskt laus på ulikskapen også. Det gjeld kampen om kva folk flest legg i omgrepet ulikskap. I Noreg er «ulikskap» ikkje eit positivt ladd omgrep. Vi er eit lite land med gjennomsiktige forhold, og vi er eit land som historisk har greidd å minska ulikskapane. Vi har gjennom generasjonar hatt fellesskulen der rik og fattig for det meste har møttest. Våre folkevalde har også kome frå folk flest, jamvel på Stortinget. Vi har hatt sterke organisasjonar og rørsler i Noreg, som har spela på lag og redusert makta og definisjonsmakta til embetsstanden og overklassen. Arbeidarrørsla, den frilynde rørsla med ungdomslaga, mållaga og bonde- og småbrukarorganisasjonane – og lekmannsrørsla som starta med gründeren Hans Nielsen Hauge. At høgresida var dei fyrste som snakka om ulikskap er sjølvsagt reinspikka tøv. Det burde den intellektuelle Kristin Clemet vera det fyrste til å vita. Vonleg har ho høyrt om Karl Marx og Friedrich Engels, Marcus Thrane, Rosa Luxemburg og dei streikande fyrstikkarbeiderskene frå 1889. Einar Gerhardsen kan ikkje ha gått Kristin Clemet hus forbi. Det var han som, då han vart spurd om kva som var det viktigaste han hadde oppnådd i politikken, svara at det var at ingen lenger trong stå med lua i handa. Dei herskande tankar er dei herskandes tankar. Skreiv filosofen Karl Marx. Den blå-blå regjeringa fører ein politikk for auka skilnader og seier ope at det er ikkje farleg med større skilnader i Noreg. Regjeringa syter for at dei rikaste sit att med meir og dei arbeidande med mindre. Skatteletten kjem dei rikaste til gode, fleire mellombelse stillingar og kontraktar om stilling utan løn mellom oppdrag dreg dei arbeidande ned. Rikdom er resultatet av hardt arbeid, vert det sagt. Spørsmålet er: Kven sitt arbeid? Kven sitt arbeid er det som skaper rikdommen til dei få? Det skulle vera barnelærdom at det er arbeidsfolk sin innsats som skaper dei få sin rikdom. Eg las nett at eigedomsmeklarar svara at millioninntektene deira skuldast stor arbeidsinnsats og mange arbeidstimar. Herre min hatt! Dersom rikdom skulle fordelast etter arbeidsinnsats, skulle hundretals millionar kvinner (og menn) i Afrika ha vore millionærar, alle som ei(n). Og dei som arbeider i det norske familielandbruket skulle ha vore i den norske lønstoppen. Det er dei definitivt ikkje. Pengar er makt. Og nedervde pengar gjev makt, ikkje berre pengemakt, men også politisk makt – i voggegåve. Dei ti prosent rikaste i Noreg eig 70% av all finanskapital.77% av Noregs rikaste har arva formua si. Og arv har vorte viktigare: Medan 26% av dei ein prosent rikaste i 1993 hadde foreldre som også hadde vore blant dei mest formuande, hadde prosentdelen auka til 42% i 2010. No aukar dei sosiale skilnadene raskare i Noreg enn gjennomsnittet for OECD-landa. Dei på toppen dreg ifrå, dei i botnen vert hengjande etter. No er det på hengjande håret at mange norske arbeidsfolk greier å syta for seg sjølv med ei arbeidsinntekt/full stiling. På hengjande håret. Omgrepet «working poor» har vi så langt kunna reservera for andre land. Men det er så langt. Ein periode til med blå-blått fleirtal i Stortinget – og vi vil tydeleg sjå «working poor» også her. Allereie veit vi om sosial dumping og kjeltringtilstandar innanfor byggjebransjen. No har dei skruppellause superprofittjegarane kasta augo på barnehagar, barnevern og omsorgstenester for eldre og menneske med utviklingshemming. Det smakar ikkje godt, spør du meg. I USA ser vi under Trump eit grelt fåmannsvelde av milliardærar som tek den politiske makta rundt presidentens bord. Attpåtil skal dei representera den fattige og forsømde delen av folket, som dei arbeidslause i rustbeltet, der industrien ein gong blømde. Det kan ikkje gå i hop. Ikkje over tid. Og dei sosiale konsekvensane kan bli skræmelege. Det paradoksale er at overklassen i Sverige og Noreg er større enn i til dømes USA. Vi har fleire rike og superrike (dei med over 100 millionar dollar) per innbyggjar enn USA. Altså har eit godt regulert arbeidsliv med ei sterk fagrørsle også ført til meir rikdom for dei rike. Men fagrørsla har sikra både politisk og fagleg makt som har utfordra overklassen si makt. Dei andre folkelege rørslene har også gjort sitt. Ni av ti i den norske arbeidsstyrken har framleis fast jobb. Fagrørsla organiserer 50% av arbeidsstokken. Men organisasjonsgraden er minkande, særleg blant unge og i privat sektor, skreiv Hannah Gitmark frå Tankesmia Agenda i Klassekampen i går. Pengar er makt. Men pengar må ikkje vera ein snarveg til politisk makt. Det trengst ei sterk fagrørsle som kan syta for at også folk flest får ei løn å leva av. Og det trengst politikk som hjelper til med ei rettvis fordeling som hindrar fattigdom. For i demokratiet skal kvar røyst vega like mykje. Eit demokrati kan aldri vera eit rikmannsvelde. Det har vi eigentleg visst i alle fall sidan Karl Marx på 1800-talet. Kristin Clemet sin freistnad på å erobra ulikskapsomgrepet politisk, må vera eit varsku-rop til alle som ynskjer eit demokratisk Noreg. Ja, så dramatisk er det! Oddny I. Miljeteig