Patriarkatet trugar kvinners liv

Publisert: 2017-06-28 09:30
Del:

Eg skulle gjerne ha skrive ei ekte solskinshistorie i spalta i dag når det i skrivande stund er fyrste finversdagen i Bergen sidan mai månad. Regn dei fyrste 26 dagane av juni månad er rekord. Og no, på den 27. dagen, då skin sola frå morgonen av. Så kvifor må eg absolutt skriva noko så alvorleg nett i dag? Det er avdi eg ikkje kan la vera. For ein artikkel frå Bistandsaktuelt fall meg i auga nett her om dagen, og eg må dela med deg bodskapen den formidla. Vi må altså rett og slett opp på føtene og kjempa 70-, 80- og 90-talets kvinnekampar omatt! Over heile verda.

Ho som seier dette, er Phumzile Mlambo-Ngcuka, leiaren for UN Women, FNs kvinneorganisasjon. Og kvifor nemner ho 90-talet? Fordi verdskvinnekonferansen i Bejing i 1995 gjorde grensesprengjande vedtak som å jobba for å avkriminalisera kvinner som tek abort. I tillegg vart jenters situasjon og oppvekstvilkår i fattige land for fyrste gong sett tydeleg på dagsorden. Hadde Bejing-konferansen vore i dag, ville vi ikkje ha kome så langt i kvinnekrava, meiner Phumzile Mlambo-Ngcuka.

Allereie i 1994, i Kairo, hadde berebjelken vorte lagd for FNs befolkningsfond, (UNFPA) med kvinners seksuelle og reproduktive rettar som hovudfokus. «Hadde vi reist til Kairo i dag, ville ingen snakket høyt om seksuelle og reproduktive rettigheter. Man ville i stedet snakket mer diffust om helse,» seier leiaren for UN Women i Bistandsaktuelt. FNs befolkningsfond er ein av organisasjonane som Trump-USA har trekt all støtte til, til liks med alle andre internasjonale organisasjonar som jobbar med spørsmål knytte til abort («The Global Gag Rule»). Obama fjerna regelen etter Bush den yngre, Trump gjeninnførte den. Republikanarane i USA er slett ikkje raudstrømper, og knapt blåstrømper.

I eit større perspektiv meiner Mlambo-Ngcuka at kvinnekampen har vunne mange sigrar med å innføra nasjonale lover mot diskriminering av kvinner, men at lovene i mange land har lite gjennomslagskraft. Til dømes finst det lover som skal sikra kvinner like økonomiske rettar, men samstundes har ikkje kvinner same arveretten som menn, og det er vanskelegare for kvinner å ta opp lån, sjølv om kvinnene er meir pålitelege enn menn til å betala attende. Når det gjeld kvinners seksuelle og reproduktive rettar, seier FN-toppdama at dei som bestemmer over kvinners kropp, dei er stort sett menn, like til topps i FN-systemet.

Tilbakeslaga forklarer Mlambo-Ngcuka med populisme, misbruk av religion og nasjonalisme, til dømes i Latin-Amerika, USA, Russland, Midtausten. Populistiske mannlege leiarar har vunne fram med sin bodskap – noko som har oppeldna dei som før har gøymt seg «i skapet» med kvinnefiendslege holdningar. Dei som sit ved makta, brukar også religion, ultra-nasjonalisme og andre gammalvorne ideologiar for å rettferdiggjera patriarkatet – fordi kvinner har teke noko frå menn, eller, som vi høyrer det her på berget: Likestillinga har kome for langt. Men går vi til statistikkar for løn eller leiande stillingar, er det menn som råder. Som alltid før.

Ut ifrå eigne røynsler som forkjempar for sjølvbestemet abort i Sør-Afrika på 90-talet, meiner leiaren for UN Women at grasrotarbeidet i bygd og by er einaste vegen fram. Ein må vera i blant folk over tid, ikkje koma utanifrå med den rette læra og så dra att. Dette minner meg om bergenske Chiku Ali og Kvinnefronten sitt arbeid mot kjønnslemlesting i Tanzania; eit arbeid som føregår år etter år i og mellom landsbyar, etterkvart meir og meir av innbyggjarane sjølve.

Når Mlambo-Ngcuka vert spurd om kva som er den viktigaste kampsaka for kvinner i verda nett no, peikar ho på kjønnsbasert vald som den aller mest umenneskelege forma for diskriminering. »Vold mot kvinner er en folkehelseepidemi. Det er et menneskerettighetsbrudd. Det er et økonomisk problem. Det er alt i ett!» Då ho og medsystrene hennar vann fram i Sør-Afrika slik at landet vedtok ei ny abortlov i 1996, vart dødsfall knytt til utrygge abortar redusert med 90%. Titusenvis av kvinneliv har vorte berga!

Leiaren for UN Women er ikkje pessimist på kvinnekampens vegner. Ho meiner at kvinnekampen alltid vil gå i bylgjer. Så må vi no kjempa for å behalda det vi, på globalt nivå, har oppnådd sidan 70-talet. Og som ein motsats til Trump-administrasjonens reaksjonære kvinnepolitikk (mi formulering), held Mlambo-Ngcuka fram den nederlandske statsråden som starta #She decides – og som raskt breidde om seg. Kvinner let seg ikkje formana til underkuing, ikkje ein gong til. Ikkje i det store biletet. Heller ikkje i det små.Her heime hugsar vi 2014-toga 8. mars som sette 70-tals-toga aldeles i skuggen etter regjeringa sitt åtak på abortretten.

Kampen for kvinners rettar handlar om kvinners helse – og liv. Vald mot kvinner er verdas største folkehelseproblem. Heile verdas, ikkje «berre» kvinners. Det er difor eg må skriva om nett dette på den aller fyrste juni-soldagen i Bergen i 2017.

Oddny I. Miljeteig