Anyone But Corbyn? Hah!

Publisert: 2017-06-14 10:30
Del:

Det forundrar knapt nokon i heile verda at spaltisten har eit varmt hjarta for Jeremy Corbyn i Storbritannia, slik eg hadde det for Bernie Sanders i USA og Jean-Luc Melenchon i Frankrike. Eg plar til vanleg forfekta kandidaturet til damer, men berre når dei står for ein politikk det går an vera tett på utan å halda seg for nasen. Og for å seia det slik: Det finst ikkje vanskeleg når valet står mellom Theresa May og Jeremy Corbyn.

Overskrifta har eg forresten stole frå Klassekampen laurdag som var. Hugsar du at Tony Blair, du veit han som var bestis (utan hermeteikn) med Bush den yngre, han heldt seg med ein «spin doctor» ved namn Alastair Campbell? Uansett din politiske ståstad, kjære lesar, kan vi sikkert semjast om at Tony Blair med sitt «New Labour» ikkje nett oste av sosialdemokratisk politikk i klassisk forstand av ordet. Tvert om. Tony Blair sin politikk var så langt ifrå sosialdemokratiet som det går an å koma – utan å hamna i Thatcherismen. Og Alastair Campbell har fått mykje av æra for det som lenge var Tony Blairs suksess. Etter at Ed Milliband gjekk av som leiar for det britiske Labour Party, greidde Campbell å halda seg «nøytral» til det påfylgjande leiarvalet – ei stund. Men så sprakk det for han, og han lanserte overskrifta ABC: «Anyone But Corbyn.» Og Blair sjølv, han var slett ikkje likare. Då det såg ut til at Corbyn kom til å vinna leiarvalet, då formulerte den tidlegare statsministeren seg slik: «Har du Corbyn i hjarta ditt, få deg ein transplantasjon!» Lite statsmannsaktig, spør du meg.

Så er det då også lenge sidan det var noko statsmannsaktig over Tony Blair. Eller noko som vitnar om anstendighet over propagandasjefen Campbell. Medan Corbyn var i leiinga i demonstrasjonane mot Irak-krigen i 2003, fora Campbell på vegner av Blair, presse og innbyggjarar med vilt overdrivne påstandar og regelrette lygner som skulle rettferdiggjera invasjonen av Irak.

Corbyn vann uansett leiarvalet i 2015, i fyrste runde, med 59,5 % av røystene. Etter Brexit-røystinga vart Corbyn skulda for å ha drive ein for veik kampanje for «remain»-sida av sine mange motstandarar i parti-eliten. Ja, eg veit «elite»-omgrepet er utbrukt om dagen, men nett i dette høvet passar det, meiner eg. For det var nett personar med posisjonar som ei/n føre og hi/n etter fall Corbyn i ryggen. Hugsar eg rett, påstod somme av dei til og med at det ville vera ulovleg viss Corbyn skulle stilla omatt i eit nytt leiarval. Uansett, det gjorde han – og han vann, i fyrste valomgang, og no med 61,8 prosent av røystene. For under eitt år sidan. Men det såg spøkje ut på meiningsmålingane. Og då Theresa May skreiv ut nyval 18. april, kunne ho gjera det i trygg visse om at Labour låg på 24 prosent oppslutnad og milevis bak Tory-ane. Etter alle solemerke å døma, skulle Theresa May og dei konservative kunna surfa behageleg inn til ein soleklår siger. Labour stod i fåre for å bli utsletta, og Theresa May ville skaffa seg autoritet og styrke til Brexit-forhandlingane med EU.

No veit vi fasiten. Det gjekk ikkje slik Theresa May og alle andre trudde 18. april. Den venstrevridde, halvveges rufsete utsjåande Corbyn, han som skulle vera «un-electable», han var altså ikkje det likevel. Det skjedde noko på grasrota. Ikkje på det profesjonelle politikarplanet, men på grasrota. Nett som med Bernie Sanders i valprosessen til Demokratane i USA. Ein månad før valet som var no 8. juni, var det tydeleg at Labour var i siget. Corbyn var i siget. Og, ironisk nok for Campbell/Blair: I forkant av valet gjekk sonen til Alastair Campbell ut i avisa The Guardian med støtte til Corbyn, skreiv Yohan Shanmugaratnam i Klassekampen laurdag. Somtid fell eplet langt frå stamma.

16 % gjekk Labour fram i ein valkamp på under to månader og det sjølv etter ein svært skiten valkamp mot Corbyn. Tabloidaviser som The Sun og Daily Mail skulda Corbyn for å vera terrorsympatisør. Men det nytta ikkje. Labour fekk sin største framgang i val sidan 1945! Og kor hadde Corbyn største framgangen? Jo, blant dei unge! Ei meiningsmåling utført rett etter valet, viste at Labour fekk heile 67 % av røystene i aldersgruppa 18-24 år og 58 % i gruppa 25-35 år. I gruppa 35-44 år fekk partiet 50 %. Theresa May og dei konservative vann blant folk over 55 år. Jeremy Corbyn var slett ikkje avleggs, slik motstandarane i hans eige parti og i kommentariatet unisont hadde hevda. Tradisjonsrik venstresidepolitikk fengde altså dei unge og yngre under slagordet: « For dei mange, ikkje dei få.» Til dømes 400 milliardar til helsestellet dei neste fem åra, skulemat, skatteauke for dei rike og nasjonalisering av jarnbanen.

No driv Theresa May og skal regjera med det mest reaksjonære partiet i parlamentet: det nord-irske unionistpartiet. Og med reaksjonært meiner eg reaksjonært. Det er visst så gale at sjølv mange av dei konservative held seg for nasa og lurer på koss dette skal gå. Kanhende må det bli nyval snart? Det kan i alle fall ikkje vera Corbyn imot, for på sylferske meiningsmålingar leier Labour no over dei konservative. Med Corbyn som partileiar. Corbyn ja, kven elles?

Oddny I. Miljeteig