Klassesamfunnet lever - igjen!

Publisert: 2017-06-08 11:00
Del:

Klassesamfunnet lever. Overskrifta er å finna i sjølvaste avisa Klassekampen, så då må det vera interessant. Ikkje visste eg at klassekampen (med liten k) var førd til endes, ikkje visste eg at han var daud, kven som gravla han og kvar helst. Men ein garva sosialist gjer seg sine tankar. Karl Marx er rett nok død. Men klassekampen? Not!

Arbeid mot kapital. Arbeidarmakt mot kapitalmakt. Folkemakt mot kapitalmakt. Det høyrest forhistorisk ut, seier du? Mon i kven si interesse, i så fall? Uansett skal det vera slik at innanfor forskinga har klasseomgrepet og klasseanalyse sove ein tornerosesvevn. På 1980-talet, skriv Line Madsen Simenstad i nett avisa Klassekampen,var sosiologien oppteken av at dei faste sosiale skiljelinene var på veg mot å bli erstatta av noko meir flytande.»Sosiologen Zygmunt Bauman som oppfann omgrepet «flytande modernitet» hevda at vi ikkje lenger henta identitet frå stillinga vår i arbeidslivet, men frå forbruket vårt. Det høvde nok godt, midt i jappe-tida, og når 68-arane hadde etablert seg godt oppe på den sosiale rangstigen.

Fleire økonomiske kriser seinare har sosiologen Jørn Ljunggren redigert boka «Oslo – ulikhetenes by.» I bydel Vestre Aker tener innbyggjarane i snitt meir enn dobbelt så mykje som innbyggjarane i Grorud aust. Dei har høgare utdanning, færre er trygda og mest ingen mottek sosialhjelp. Borna er flinkare på skulen og har betre tenner. Dei gamle lever lenger, og dei unge er meir nøgde med grannelaget sitt. Det er mindre kriminalitet og støy. Foreldre held saman – og folk får sjeldnare kreft. Dette er klasseskilnader. Og klasse handlar nett om systematisk skeivdeling av gode og byrder – og fortel om noko meir enn berre inntekt, yrke eller utdanningsbakgrunn.

«Klasseforsking har fått en oppvåkning internasjonalt også, spesielt de siste årene hvor det har vært mye oppmerksomhet om eliter,» seier Ljunggren i Klassekampen 26. mai. Vidare sier han at han «insisterer på å bruke klassebegrepet på en analytisk måte, som et begrep som handler om folks ressurser og livssjanser, ikke om ideologi». Godt. Klassesamfunnet er ikkje ei eventyrforteljing.

Høgre-statsråd Torbjørn Røe Isaksen skreiv i Aftenposten i februar: «Hvis jeg hadde vært på venstresiden, ville jeg sagt at det var et klasseskille i skole-Norge.» Ja, men det har venstresida i Noreg sagt i årtider, det. Kvifor har ikkje Torbjørn Røe Isaksen høyrt? Utdanningseksplosjonen som Statens Lånekasse utløyste på60- og 70-talet, og som let unge frå lågare klassar ta allslags utdanning, den utdanningseksplosjonen har for lengst stoppa. Skulen har ikkje lenger greidd å gjera noko med sosial ulikskap. Eller med klassesamfunnet, som det i botn og grunn er – og har vore heile tida.

Internasjonalt har sosiale og økonomiske skilnader auka – og i Noreg også. Men det er ikkje noka naturlov, som høgresida helst vil framstilla det som. Politikk verkar. Vi kan faktisk sjå spor av SV i Finansdepartementet i utviklinga av sosial ulikskap. Den blå-blå regjeringa fører ein politikk for auka skilnader, mellom anna gjennom skattepolitikken. Den «flytande moderniteten» renn heilt tydeleg ein veg – og er med det ikkje flytande lenger. «Når det blir slutt på oppgangstidene, blir det klart at klasseskillene ikke er borte,» seier sosiolog Magne Flemmen, også i Klassekampen. Han meiner at den auka akademiske (og politiske) interessa for klasse vitnar om ei avpolitisering av klasseomgrepet. I dag står omgrepet fjernare frå sine marxistiske røter og er meir «spiselig» for fleire typar forskarar. Meiner Flemmen. Ja, når systematiske skilnader vert umoglege å oversjå, då kjem ein heller ikkje unna klasseomgrepet?

Blant studentar i USA, der den såkalla identitetspolitikken har stor oppslutnad, betyr ny-omgrepet «classism» diskriminering av ein person på bakgrunn av klasse. Identitetspolitikken handlar elles om ulike identitetar, så som kjønn, hudfarge og seksuell orientering – framfor klasse. Ein vil altså fyrst jobba mot diskriminering av ulike minoiritetar og vanskelegstilte – mot sexisme, rasisme, muslimhets, heterosexisme, transfobi og diskriminering av funskjonshemma. I ein slik samanheng blir problemet fyrst og fremst folks holdningar til arbeidarklassen. For ikkje å snakka om filleproletariatet, skulle ein tru! Eller? Når det gjeld tiggar-migrantane, erkjenner ein vel langt ut på høgresida at det grunnlegjande handlar om fattigdom og utanforskap, ikkje om holdningar. Sjølv om holdningar er viktige i møta mellom dei som tiggar og dei som gje - og storsamfunnet. Vel. Klasse er ikkje holdning. Klasse er ikkje kjensle. Klasse er realitet. Beinhard realitet. Også i 2017. Sosiale skilnader og sosial urettferd viser oss at klassesamfunnet lever. I verste velgåande. Og det let seg altså ikkje løyna lenger. Det er bra. For det mange ser, kan mange kjempa mot.