Regjering med beinkrok på matoppgjeret

Publisert: 2017-06-01 10:30
Del:

DEN LILLE BONDEN

Det er den lille bonden

som er taperen i verden.

Det er den lille bonden

som har falt i alle krigene,

den lille bonden, hvor han bor i verden

som de tok jorden fra og brente garden til

på vei til krigene sine. Han de tok sønnene fra

og kledte dem i karnevalsklær og lot dem dø

for tanker han ikke kjente, eller brød seg om

eller ikke ville vite.

Det er den lille bonden som skal flytte ut fra dalen sin

til samlebåndene og fabrikkhallene.

Det var den lille bonden de tok kuene fra

og åkeren til den nye motorveien.

Det er han som ligger våken om nettene

for å betale lånene sine til bankene

så de kan bygge de svære husene som ligner slott.

Det er han de har jaget inn til byene

og fylt de digre blokkene med (Han tilpasser seg nok).

Det er den lille bonden som har mjølket kuene

og plukket stein fra alle åkrene

hvor vi makelig nå kan så og høste.

Det var den lille bonden som visste hvordan bygget såddes

og hvordan kalvene ble til.

Han vet om skyene og vinden, og vinteren

om den ble streng. Humringen av hester

kjente han godt. Nå kjenner han traktoren

og rentene på lånet, når det skal betales.

Men døren har han ennå litt på klem, den lille bonden.

Han hører når graset gror

og når jorden på nytt skal føde.

Han som har tapt. Til nå.

men som vi kanskje må spørre snart

om veien. Dit vi kom fra.

Der det gror.

Korleis dette meisterlege diktet av den ein av førre hundreårs aller største poetar har gått under radaren min til no, det begrip eg ikkje. Ja, dette er Rolf Jacobsen sitt dikt. Merete Furuberg, leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, ho har lese diktet for seg sjølv og andre i tiårsvis. Bergljot Bruåsdal Hesvik frå Kvinnherad, ho også i Småbrukarlaget, likeeins. Ikkje rart. Dette er ein bauta over dei som lagar maten. For det er den vesle bonden, både kvinne og mann, som før verda. Familielandbruket. Rett og slett. Familielandbruket. Det som den politiske høgresida helst hadde sett gjort om inkje. Dei omtalar småbøndene svivørdsleg som «deltidsbønder.» Men kva er gale med det når Noreg ser ut som det gjer? Her på Vestlandet gjer topografien og geografien at det ikkje er mange stader industrilandbruket kan laga levebrød. Og om det så kunne? Industrilandbruket har store ulemper. Kjempetunge maskinar, sprøyting og kraftforbruk utarmar jorda og skiplar balansen mellom jord og husdyr, til dømes. Bøndene er vår viktigaste yrkesgruppe. Vi har bruk for det dei lagar til kvart måltid. Kvart einaste måltid. I all overskodeleg framtid.

I år vart det brot i jordbruksoppgjeret. Landbruksmeldinga, som Stortinget hadde oppe tidlegare i år, slo fast at inntektsgapet mellom bønder/småbrukarar og oss andre skal tettast. Så la landbruksminister Jon Georg Dale fram eit «tilbod» som aldeles ikkje ville tetta noko som helst inntektsgap. Med det spente han beinkrok på både bøndene og Stortinget. Landbruksministeren «belærer» oss om at inntektstilbodet til bonden er prosentvis høgare enn inntektsauken for lønsarbeidarar. Jaha. Men kva hjelper det når bonden sine inntekter i utgangspunktet er så mykje lågare? Då hjelper det ikkje med prosent. Det må kroner til, også for bøndene! SV meiner at Stortinget burde senda heile oppgjeret attende til regjeringa og krevja at Dale og dei la fram eit tilbod i tråd med Landbruksmeldinga. Men det ville Stortingsfleirtalet ikkje. Berre SV ville det. Sjølv om eg er SV-ar, skjønar eg ikkje at ikkje heile opposisjonen, inklusive støttepartia, ville fylgja opp sitt eige, ferske fleirtal frå Landbruksmeldinga. No står det att å sjå om Stortingsfleirtalet torer å behandla jordbruksoppgjeret – eller om dei toar sine hender og seier at det er no syrgjeleg, men ein øydelegg forhandlingsinstituttet om Stortinget blandar seg inn. Skal Stortinget venda landbruket ryggen og godta kva som helst frå ei regjering for ikkje å «øydeleggja forhandlingsinstituttet»? Dette oppgjeret er då eit reint diktat, både overfor bondeorganisasjonane og det Stortingsfleirtalet som har sagt at staten skal syta for at inntektsgapet mellom landbruket og oss andre skal tettast!

Bondeorganisasjonane har brei støtte. Dei har aksjonert framfor Stortinget med fleire tusen bønder og andre i markeringa. Den norske bonden er ikkje grådig og prøver å grava til seg urimelege fordelar. Den einaste bonusen den norske bonden får, det må vera den i Yatzy!

Det spesielle ved det norske landskapet er kulturlandskapet; bøar og rydja bakkar og beita utmark. Det er det som skil norske fjordar frå fjordlandskap elles på kloten og gjev oss store turistinntekter! Rett nok har storsamfunnet teke altfor mykje av vår knappe matjord til storvegar og asfalt. Men vi kan framleis ha ei rimeleg sjølvberging her i landet, om berre vitet får rå i Storting og elles. Det er eit galskapens vågestykke å pressa bøndene vekk frå landbruket. Norsk landbruk er også eit sunnare landbruk med lite antibiotikabruk på dyr. No bøyer Stortingsfleirtalet kne for EU og vil gje Unionen auka tollfrikvotar for ost og storfekjøt. AP og KrF toar sine hender og vert med på EU-laget. Javel, dei vil krevja «kompenserande tiltak». Men dei vert lett vekke i neste sving.

Vonleg får Noreg ei ny regjering til hausten. Og vonleg vert dei ei regjering som set norsk matproduksjon i høgsetet. Noreg har ikkje råd til å ha ei regjering som spenner beinkrok på både Stortinget og bøndene og maten!

Oddny I. Miljeteig