Uffdå, Akasia!

Publisert: 2017-05-24 10:30
Del:

Barnehagetilsette streikar mot Bergen kirkelige fellesråd. Høyrest det ikkje merkeleg ut? Kvifor i all verda skulle barnehagetilsette streika mot Bergen kirkelige fellesråd? Har barnehagetilsette fått ein akutt, overveldande raptus av kyrkjemisnøye? Det ville då vera ein politisk streik av geopolitisk interesse? Men vi snakkar ikkje om politisk streik. Vi snakkar om – streik.

I utgangspunktet verkar det som reine bakvendtland at barnehagetilsette streikar mot Bergen kirkelige fellesråd. Og spør du meg, burde det ikkje berre vera i utgangspunktet. Som folkekyrkje har vi heilt andre ting å bala med enn å stella oss slik at barnehagetilsette streikar mot eit kyrkjeleg fellesråd. Ja, eg skriv «vi», for eg er ein kyrkjeglad medlem av folkekyrkja. Kvifor skal kyrkja, den norske, driva barnehagar? Og korleis har kyrkja stelt seg slik at barnehagetilsette sine organisasjonar finn det naudsynt å ta sitt sterkaste kampmiddel, streik, i bruk overfor det kyrkjelege fellesrådet? Endå verre: Koss kan det ha seg at kyrkja går til rettssak mot eigne tilsette i ei sak som gjeld pensjon? For det gjer Akasia.

Streik er aldri noko fagrørsla set i verk med lett hjarta. Ikkje i det private, og ikkje i det offentlege. Endå mindre i ideelle organisasjonar, vil eg tru. Eg arbeidde fleire år i Noregs Blindeforbund. Det er ein fantastisk organisasjon som kvar dag kjempar for betre livskvalitet for sine medlemer, dei blinde og svaksynte. Likevel vart det også i Blindeforbundet på eit tidspunkt streik. Eg veit ikkje om det var fyrste streiken i ein ideell organisasjon, men eg veit at streiken var både ekstra vond og ekstra vanskeleg. Fordi streiken ramma einskildmenneske som trong tenestene til dei som var i streik. Blant dei streikande var det NB både synshemma og sjåande. For dei synshemma var det sjølvsagt ekstra tøft å gå til streik mot sin eigen interesseorganisasjon, som dei jo var medlemer i. Men så vanskeleg kan det vera i arbeidslivet.

No streikar Sjukepleiarforbundet sine medlemer i Den norske kreftforening. Det er sjølvsagt ikkje eit streikeuttak Sjukepleiarforbundet gjer med eit knips. For uvegerleg vil streiken ramma menneske i ein svært vanskeleg livssituasjon.

Streikeretten er tett knytt til den frie organisasjonsretten og er eitt av dei fremste kjenneteikna på eit demokrati, sjølv om høgresida ofte stikk kjeppar i hjula for nett streikeretten. Den «tradisjonelle»streikande er ein mannleg tilsett i privat sektor. I privat sektor vert arbeidsgjevar ramma direkte i lommeboka. I offentleg sektor og ideell sektor er kunststykket å streika utan at det går for mykje ut over tredjeperson. No går det sjølvsagt ut over arbeidsgjevar at arbeidsgjevar ikkje kan tilby dei tenestene som dei har lova «tredjeperson.» Ein barnehage har ein kontrakt med foreldre om å tilby barnehageplass med kvalitet til barnet/borna. Ved ein streik vert denne lovnaden broten. Så kan ein stridast om kven si «skuld» det er, men uansett har ikkje arbeidsgjevar greidd å halda sin del av kontrakten med tredjeperson når dei tenesteytarane vert tekne ut i streik.

I Bergen er det ikkje kyrkja direkte som er arbeidsgjevar(motpart) for dei barnehagetilsette/Fagforbundet/Utdanningsforbundet. Det er Akasia. «Kirke bygger gigantkonsern,» skreiv avisa Vårt land i juli 2015. Jaha. Det einaste orda «kyrkje» og «konsern» burde ha til felles, er førebokstaven! Men Akasia er altså gigantkonsernet Vårt Land omtala. Med til konsernet høyrer 20 barnehagar, av desse ni kyrkjelydsbarnehagar (og 420 millionar i lån til oppkjøp og bygging av ny barnehage). Eg hugsar kyrkjelydsbarnehagane, i lag med dei barnehagane som høyrde med til Husmødrenes barnehager som det mest ideelle av drift ein kan tenkja seg. Det er ikkje Akasia-barnehagane, som det kyrkjelege fellesrådet vil tena pengar på. Skal ein det, må ein gå laus på dei tilsette sine løns- og arbeidsforhold – og pensjon. Og Akasia har gått laus på pensjonen til dei tilsette.

No er det altså streik i Akasia-barnehagane. Fordi det ikkje har vorte semje om ein lågare pensjon i det nye konsernet. Sjølvsagt kan ikkje fagforeiningane gå med på at pensjonane til dei tilsette vert barberte! Og det handlar ikkje om tilsette med bonus og fallskjermar, dette! Det handlar om kvinner som slett ikkje er lønsleiande.

Bergen kirkelige fellesråd må tenkja seg om kva dei vil vera. Det heng ikkje på greip at kyrkja, eller eit kyrkjeleg selskap, skal oppføra seg som velferdsprofitør. Eg kjenner det skjer meg langt inn i sjela. Uffdå, Akasia!

Oddny I. Miljeteig