Med EØS mot LO og faglege rettar

Publisert: 2017-05-10 10:00
Del:

Det er LO-kongress. LO-kongress er meir enn eit landsmøte. LO-kongressen finn stad kvart fjerde år og dreg opp fire år lange liner i politikken til Noregs største lønsarbeidarorganisasjon. LO er den mest radikale lønsarbeidarsamanslutnaden i Noreg – i den forstand at LO har eit omfattande, overordna samfunnsmål for all si verksemd. Til dømes står å lesa i føremålsparagrafen: «Å arbeide for å sikre frihet, solidaritet og likeverd uten hensyn til kjønn, seksuell orientering,etnisk opprinnelse, religion, livssyn eller kulturelle holdninger.» Og: « Å arbeide for styrking av velferdsstaten, videreutvikling av økonomisk demokrati, medbestemmelse i arbeidslivet og rettferdig fordeling av samfunnsgodene.» Det står mykje meir også, men det vert for langt å ta med alt her.

Tariffavtalane er noko med det viktigaste fagrørsla har for å tryggja medlemene sine løns- og arbeidsforhold og faglege rettar. Arbeidsmiljølova er ei minimumslov – tariffavtalane kan vera betre – i lønsarbeidars og fagrørslas favør.

Ei stridssak på LO-kongressen vert EØS-avtalen. Førre LO-kongress vedtok samrøystes at ILO-konvensjonar, norske tariffavtalar og norsk arbeidslivslovgjeving må gjevast forrang framfor EU-reglar. No er truleg EØS-motstanden i LO-kongressen endå større enn for fire år sidan. LO-leiar Gerd Kristiansen, av alle, har bede EØS-motstandarane om å sitja stille i båten, for det er eit val å vinna til hausten. Jonas Bals, rådgjevaren til Jonas Gahr Støre, verkar til å vera ein ihuga EØS-tilhengjar. Forstå det den som kan. For EU og EØS har gong på gong vist at faglege rettar vert underlagde EU og EØS – og overvakingsorganet Esa.

I 2008 fekk Fellesforbundet allmenngjort tariffavtalane innan skips- og verkstadsindustrien; i tillegg til minsteløna skulle bedriftene dekka reise, kost og losji og eit eventuelt utanbystillegg for dei som arbeider langt heimanfrå. Med støtte frå NHO gjekk ei gruppe på ni verft i 2009 til sak mot staten for å få dømd denne allmenngjeringa ulovleg. Dei hevda, skreiv EØS-kjennaren Dag Seierstad i Klassekampen nyleg, at det berre er minsteløna som kan allmenngjerast, ikkje utgiftene til reise, kost og utanbystillegg. Verfta tapte – jamvel i Høgsterett, som sa at viss verfta og NHO skulle få medhald, ville det redusera samfunnsnytten av frontfagsmodellen, gje dårlegare samarbeidsklima i arbeidslivet, føra til lågare organisasjonsgrad blant arbeidsgjevarar og lønsarbeidarar – og til større lønsskilnader. Arbeidsgjevarane gav seg ikkje – og reiste klagesak for overvakingsorganet Esa. Esa sa at dette var ei sak for EFTA-domstolen, domstolen som har siste ordet om korleis EØS-avtalet skal tolkast. Regjeringa innsåg at domfelling i EFTA-domstolen ville provosera fagrørsla så mykje at det måtte unngåast. Regjeringa fekk difor Esa med på at «partane i arbeidslivet» i 2018 skal finna ei løysing som Esa kan godta. Slik vart Esa innført som overdommar over eit norsk tariffspørsmål. Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO sikra i 1973 i ILO-konvensjon 137, hamnearbeidarars fortrinnsrett ved tildeling av hamnearbeid. Norsk høgsterett har no, med ti mot sju røyster, fylgt eit råd frå Efta-domstolen om at EUs reglar om fri etableringsrett forbyr hamnearbeidarane fortrinnsrett til lossing og lasting. Dermed er tariffavtala rettar med heimel i ILO-konvensjon 137 feia til side. Og så skal LO-sitja stille i båten og sjå på at EØS-avtalen undergrev heile fagrørsla? Det finst diverre mange fleire døme på at lover og tariffavtalar har måtta vika for EU-reglar.

EUs grunnlag er dei fire fridommar: Fri flyt av kapital, arbeid, varer og tenester. Neidå, det er dei fire fridommar. Det finst ikkje ein femte om fred, om nokon skulle tru det. Tariffavtalar og internasjonale konvensjonar taper i fleng for marknadens og kapitalens fridom. Og det skal LO sitja stille og sjå på? I alle mine straks 40 år som LO-medlem har eg knapt høyrt på maken! Og det vi snakkar om, det er ikkje «hendelege uhell». Dette er EU-retten, og det er i beste fall svært langt fram om den skal endrast. I beste fall. For Noreg er det annleis. Vi kan verta kvitt underkastinga under EU-retten ved at eit fleirtal på Stortinget – med eitt års varsel- vedtek å melda Noreg ut or EØS. Det ville gjerne styrkja fagrørsla i EU også? For så langt har det ikkje nytta at både Euro-LO, fleirtalet i EU-parlamentet og mange andre EU-instansar har kravd at grunnleggjande sosiale rettar og sosiale framsteg skal overordnast marknadsprinsippa. Det har ikkje nytta. Resultatet er ei sterkt svekka fagrørsle, auka sosiale skilnader, ei skræmeleg arbeidsløyse og brune krefter på frammarsj i EU-land etter EU-land. Det er altså ingen grunn til å sitja stille i båten for LO i Noreg.

Oddny I. Miljeteig