La Odda sjukehus leva – med akuttkirurgi!

Publisert: 2017-05-03 10:30
Del:

Heilt attende til 70-talet har oddingane måtta kjempa for sjukehuset sitt. No er Odda sjukehus det minste i fatlands-Noreg, og helsestatsråd Bent Høie vil leggja ned akuttkirurgien ved sjukehuset i Hardanger. 1. mai sa heile opposisjonen på Stortinget at vi vil tryggja sjukehuset. Spenninga ligg i om alle partia er villige til å vedta eit heilt tydeleg, strengt forslag som ikkje let seg tolka på fleire måtar, som ikkje let seg bortfortolka eller utsetja. Det burde kunna gå. Det må gå! For Odda sjukehus let seg ikkje erstatta av god ambulanse og tilgjenge på ambulansehelikopter. Området som geografisk soknar til Odda sjukehus er større enn Vestfold fylke. Og geografien og topografien, skredfåren og veret – og kommunikasjonane - kan ikkje samanliknast.

Når eg skriv denne spalta, kjenner eg framleis folkemobiliseringa i Odda frå 1. mai i kroppen. Eg var så heldig at eg vart utpeika at SV-leiar Audun Lysbakken til å fara til Odda på partiets vegner og stadfesta vårt standpunkt til sjukehuset. Eitt er visst: Eg har aldri sett maken til folkemønstring! Odda kommune har 7.000 innbyggjarar, nedslagsfeltet for sjukehuset omlag 15.000. Minst 4.500 gjekk i 1.mai-toget, som denne gongen var omgjort til eit folketog for sjukehuset – for heile regionen! Det går ikkje an å finna samanlikningar for massemønstring, trur eg. Det må einast vera folkeframmøta for fredsdagane 1945, i så fall.

Det eg skriv her, er ikkje ei partimarkering. Rett nok har SV sett fram eit representantforslag i Stortinget: «Stortinget ber regjeringen sikre at akuttkirurgien og traumemottak opprettholdes ved Odda sykehus.» For å vera heilt sikre på at ingen formalistiske krumspring skal vera moglege. Og det er noko slikt Stortinget må vedta, mot Bent Høie, Høgre og FRP sin vilje. Om ikkje partia snur i Stortinget, då, når dei ser kva veg det går. KRF har tidlegare sett fram forslag om bevaring av Flekkefjord sjukehus, og 9. mai kjem Helsekomiteen til å leggja fram si innstilling både om Flekkefjord, Narvik og Odda sjukehus, skjønar eg. 15. mai seier Stortinget sitt. Det er berre Odda sjukehus som skal missa akuttkirurgien, seier helsestatsråd Bent Høie. Han er øvste ansvarlege for sjukehusa i Noreg etter føretaksmodellen frå 2003. Det finst både lokale og regionale helseføretaksstyre. Desse er tilsynelatande sjølvstendige. Men det er Helse Vest som oppnemner styret for Helse Fonna, og det er Helseministeren som oppnemner Helse Vest. Når pengane kjem frå Stortingsfleirtalet og makta frå helsestatsråden, er det tydeleg at kommandolinene går ovanfrå og ned. Stortinget, dei skal styra i stort, gjennom statsbudsjett og nasjonale helseplanar. Foretaksordninga er altså ei ordning som prøver å parkera våre demokratiske styringsorgan på sidelina. Ekstra tydeleg vert det når regjeringa Solberg, som regjeringa Bondevik II, fyller opp styra med «profesjonelle styremedlemer», dvs. styregrossistar med medlemsskap eller førekjærleik for Høgre.

Sjukehus er politikk. Er det noko som er politikk, så er det sjukehus! Det er eit politisk ansvar på nasjonalt plan å sikra at innbyggjarane har tilgang til nødvendig akuttkirurgi om det oppstår ei ulukke eller ein krisesituasjon. Akuttkirurgien ved Odda sjukehus har berga mange liv og inngår i eit tverrfagleg sjukehusmiljø som til saman sikrar god kvalitet ved eit sjukehus. Odda sjukehus har tidlegare mist både fødeavdeling og psykiatri. I 2003 stilte Audun Lysbakken spørsmål til helsestatsråd Dagfinn Høybråten frå KRF om kvifor i all verda han ville leggja ned Odda sjukehus. Takk vera mobilisering og press frå hardingane og deira allierte gjennom fleire tiår, finst sjukehuset framleis. Men ein kan ikkje halda fram med å plukka funksjonar frå sjukehuset. Då forvitrar fagmiljøet og dermed sjukehuset. Høie veit sjølvsagt dette. Men han let som motsett – at Odda sjukehus vert «freda» og styrkt gjennom å missa akuttkirurgien. Slik ser frekkhetens nådegåve ut!

Odda ligg utsett til for vind og ver. I 2015 vart 11 av 32 luftambulanseflygingar avlyste eller avbrotne på grunn av dårleg ver. Regn, vind og skreder kjem ofte samstundes. Uansett tek det to timar med ambulanse til Haugesund og to og ein halv time til Haukeland. Det kan vera altfor mykje når det står om livet. Akuttkirurgien sitt vesen er at det står om livet!

Hardingane er leie av å måtta kjempa for sjukehuset sitt tiår ut og tiår inn. Eg skjønar dei inderleg vel, her eg sit og skriv på flaten nett nedunder Haukeland sjukehus. Eg har hatt god bruk for sjukehus dei siste par åra, også akutt. Haukeland har berga mitt liv. Odda sjukehus og Haukeland har berga liva til somme av mine næraste. Og Odda sjukehus gav pappa god behandling den siste tida han levde.

No må altså Stortinget ta Odda sjukehus si sak i eigne hender og tryggja sjukehuset – med akuttkirurgi/traumemottak. Eg skulle ynskt at dei kunne ha skrota føretaksmodellen i same slengen, men nett no gjeld det å tryggja lokalsjukehus. D-dagane er 9. mai og 15. mai. Aldri har så mange innbyggjarar vist si støtte til sjukehuset sitt som det vi såg i Odda 1. mai. Og dei fekk utvetydige lovnader frå AP, SV, SP, KRF og V på talarstolen framfor dei tusenvis.Alle snakka vi for partia våre, ingen som «privatpolitikarar». Difor må det halda heilt inn for Odda denne gongen. Og så må Odda sjukehus få fred til dommedags ettermiddag med å utvikla sjukehuset vidare til beste for folket som soknar til dei. Basta.

Oddny I. Miljeteig