1. mai – også filleproletariatets solidaritetsdag!

Publisert: 2017-04-26 12:30
Del:

Først tok de kommunistene

men jeg brydde meg ikke

for jeg var ikke kommunist.

Deretter tok de fagforeningsfolkene

men jeg brydde meg ikke

for jeg var ikke fagforeningsmann.

Så tok de jødene

men jeg brydde meg ikke

for jeg var ikke jøde.

Til slutt tok de meg. Men da var det ingen igjen til å bry seg.

Den tyske presten Martin Niemöller, som var fange i konsentrasjonsleiren Dachau, har forfatta dette diktet, som til liks med arbeidarrrøsla og 1. mai, ikkje kjenner nokon grenser. Både arbeidarrørsla og arbeidarrørslas internasjonale kampdag er nett: internasjonale. Solidariteten kjenner heller ingen grenser. 1. mai 2017 treng vi meir enn på lenge til internasjonal solidaritet – og ei kraftfull arbeidarrørsle som kan stå opp imot dei ytste høgre-kreftene som no marsjerer i Europa. Og ikkje berre marsjerer; dei bit seg fast i eine parlamentet føre og hitt etter. Den politiske debatten her heime har forlengst fått undertonar attende til 30-talet. Altfor ofte handlar det om eit «vi» og eit «dei», med same gruppetenking som vart jødane til del på 30-talet. Det kosta seks millionar jødar livet. Fleire konsentrasjonsleirar står i dag som minnesmerke over det som aldri må skje att. Men det skjer. Eg såg nyleg på facebook ein såkalla skjermdump av eit innlegg som var formulert omlag slik: «Gje meg eitt einaste døme på at nazistane har trakassert jødar, så skal eg vera den fyrste til å be om orsaking!» Nei, det var ikkje fleip. Og det var ikkje «fake», som det heiter i Trumps presidentperiode. «Vi må våga å ta debatten!» seier dei på høgresida når grenser skal flyttast for kva som skal vera vår felles anstendigheit. Etter at NRK sende sin ikkje heilt kvalitetssikra dokumentar, «Lykkelandet», har vi sett det på nytt. Ropet om eit «tiggarforbod» kom før dokumentaren var ferdigvist. Ja, du les rett. «Tiggarforbod.» Ikkje «tiggeforbod» - og dei to er ikkje det same. Etterkvart har rett nok mainstream media halde tunga beinare i munnen enn NRK gjorde i presentasjonen av dokumentaren sin.

Eg tok meg såpass til rette for nokre år sidan at eg omformulerte litt på Martin Niemöller sitt kjende dikt. Sidan han sjølv omformulerte det fleire gonger, trur eg ikkje at det er frekt:

Først tok de tiggerne av romfolket

men jeg brydde meg ikke

for jeg var ikke tigger av romfolket.

Så tok de de sprøytenarkomane i parken

men jeg brydde meg ikke

for jeg var ikke sprøytenarkoman.

Så tok de kommunistene og fagforeningsfolkene

men jeg brydde meg ikke

for jeg var ikke kommunist eller fagforeningsmann.

Så tok de jødene

men jeg brydde meg ikke

for jeg var ikke jøde.

Til slutt tok de meg. Men da var det ingen igjen til å bry seg.

Tiggarane av romfolket – den fremste utfordring for vår humanitet. Den fremste utfordring for vår evne til å kjenna medkjensle, nestekjærleik og samkjensle. Den fremste utfordring for vår evne til å kjenna for visst og sant at alle menneske har same verd – likeverd. Kjenna likeverd når vi møter menneske som knelar for oss, som er kledde som frå eit anna århundre. Som ikkje kjenner vårt språk. Som kanskje ikkje kan lesa eller skriva. Som gifter vekk døtrer som knappast er tenåringar. Som ikkje er bufaste. Som har nekta å innordna seg det vi meiner er eit fremste trekk i eit sivilisert samfunn – fastbuarskapen. Som er Europas mest diskriminerte folkegruppe. Som hadde sitt holocaust under krigen, om enn i mindre skala enn jødane. Men som kanskje er vår tids jødar? Sjølv om antisemittismen lever i beste, eller: verste velgåande. Vår tids jødar? Treng dei noka biletgjering – eller parallellar, nei gjer dei no det? Kanskje gjer dei det for at vi fullt og heilt skal sanna dei som mennske, fullverdige menneske, ikkje stakkarslege med sekunda kultur og dårleg moral – eller nærast ingen moral. Og kulturen deira, er det kriminalitet? NRK-dokumentaren har vorte brukt nærast som sanningsvitne for det. Og du må vera med meg i undringa over at når NRK viser fram at det i Bergen føregår menneskehandel med prostituerte og ulovleg pillesal og tjuveri i tillegg, så er «løysinga»: Forby tigging! Eller altså: Forby tiggarar! Tigginga er liksom skalkeskjulet for kriminaliteten. Ærleg tala: Kor naiv går det an å vera?

Forby tigging – og det vi vil oppnå, er at det er dei ærlege tiggarane som reiser heim til den ytste og elendige fattigdom. Den internasjonale kriminaliteten vil alltids finna måtar å overleva på. «Gå ikkje etter tiggarane, gå etter målarane!» skreiv Svein Egil Omdal i ein kommentar nyleg. Ja, for i Oslo er delar av byggjebransjen så prega av svart arbeid med internasjonale aktørar at det knapt er rom for seriøse firma som opererer lovleg. Vi har sett det og har det her også. Og ein avart ser vi blant velferdsprofitørane som driv til dømes barnehagar og i eldreomsorga: Finurlege selskap(sstrukturar) som leier superprofitt til bankboksar i skatteparadis. Dei knabbar mykje meir pengar frå fellesskapen enn nokon tiggarar vil kunna overføra til heimlandet frå tiggarkoppen.

Vi må hindra tiggarane frå å audmjuka seg, difor må vi forby tigging, sa Oslo Høgres Michael Tetzschner for nokre år sidan. Slik snakkar herren om knekten. Slik snakkar herren for knekten, ovanfrå og ned. Med beste og mest sjølvsagde sjølvtillit – og herren søv godt om natta.

«Vi løyser ingenting ved at dei kjem hit og tiggar, problema deira må løysast heime!» Javel. Heime. I Romania – der korrupsjonen fer med midlane til hjelpeprogram for romfolket. Eller andre land - der romfolket vert jaga, rana, forfylgde, jamvel drepne.

I 2007 kom dei hit – då Bulgaria og Romania vart medlemer av EU. Då hadde vi såvidt fått oppheva Lausgjengarlova. Tiggarane av romfolket kom. Romfolket. Ja, dei tiggar. Men ein tiggar er altså eit mennskje som du og eg. Sjølv om dei tiggar i vår knehøgde, sjølv om dei kneler for oss. Sjølv om somme stel. Kriminaliteten finst alltid der fattigdommen finst. Sjølv om somme kan vera aggressive. Sjølv om dei ikkje har råd til å vera fintfølande eller audmjuke – nok. Ikkje audmjuke – nok? Etter NRK-dokumentaren opplevde tiggarar i Bergen – og andre stader – trakassering og utskjelling. Det kviler eit stort ansvar på NRK avdi dei presenterte dokumentaren sin så spekulativt – med fokus på tigginga, ikkje på den grenseoverskridande kriminaliteten. Fordi menneskeverdet skakar i grunnmuren også her på berget. Fordi historia om holocaust ser ut til å forvitra.

  1. mai er arbeidarrørslas internasjonale kampdag. I år kjenner eg, for min del, at 1. mai ikkje minst må handla om solidaritet med Europas internasjonale filleproletariat. Fordi vi ikkje står til eksamen i menneskeverd. I Noreg brukar regjeringa menneske som «signal». Det er fælsleg i ei tid når Noregs regjering med støtteparti ikkje eingong vil vera med på forhandlingar om å få slutt på atomvåpen. For vi må skapa menneskeverd for å skapa fred, slik han sa det, 1.mai-diktaren framfor nokon – Nordahl Grieg.

Oddny I. Miljeteig