Å hei! å hi! å tiriliti!

Publisert: 2017-04-19 09:10
Del:

Og vesle lerka, ho hev det so, at finn ho ein tuvetopp fri for snjo, so kved ho i med sin gladaste song, so trur ho på vår med ein einaste gong. "Å hei! å hi! å tiriliti!

Og vesle lerka, ho hev det slik, at finn ho ein solstråle, so vert ho rik. Då stig ho i høgdi og traller i lit til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.

  - "Å hei! å hi! å tiriliti!"

Og lyngtuva, det er lerka sitt fat. Der set ho seg ned, og so får ho seg mat. Og når ho er mett, ho takker så glad Vårherre for maten med kvitter og kvad.

  - "Å hei! å hi! å tiriliti!"

Gud signe deg! du fuglen min, du! Gud signe no deg med di glade tru! Og møter eg kulde og snjo på min veg, Gud gjev meg i sol-tru å kveda med deg:

  - "Å hei! å hi! å tiriliti!" 

Tenk at nett Per Sivle skulle skriva dette lyse vårdiktet om lerka, ho som stig i høgdi og trallar i tillit til at det skal bli sommar på jord, sjølv om snøen ligg kvit. På barneskulen song vi denne tirlande songen så ofte at eg framleis kan han nestan utanboks. Og trur du at dette skal bli ei spalte som syter over at dagens skuleborn lærer korkje songar eller salmer utanåt, så tek du, heldigvis for både deg og meg, feil. Det skal handla om småfuglane, dei som sjølv på mørkaste vinteren bodet om sommaren i seg. Og med seg. Ikkje minst med seg.

Kvar vår når eg høyrer fuglesongen trallande lystig idet eg opnar døra, kjenner eg kor mykje småfuglane betyr for glede og lys og tru på vår med ljose dagar:

No livnar det i lundar, no lauvast det i li, den heile skapning stundar no fram til sumars tid. Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord og atter som eit under nytt liv av daude gror.

Elias Blix nemnde korkje lerke, linerle eller svale i denne så kjende vårsongen, men det er fuglesongen som fyller den grønkande lauvskogen. Og det rare er, at når eg kjem ut på trappa her i byen om morgonen, så høyrer eg same livlege fugleleiken som eg gjer på trammen i barndomsfjorden ei morgonstund. Der det er småfuglar, i uendeleg blandakor, er det liv – og glede. Men fuglene kjenner alle kjenslers melodi. Ein einsleg fugl kan syngja fram einsemd, stille og vemod, slik diktet «Villfugl» av Hans Børli gjer det:

Skogen tagde alle år. Vesle villfugl sang, sang om sorg og viddens vår. Skogen tagde alle år.

Vesle villfugl, syng bakom snøkvitt bar. Ingen svarar. - Sus i lyng. Vesle villfugl, syng!

Ensomhetens sang er din - stem mot viddens natt hjertets røde fiolin! Ensomhetens sang er din.

Overvintrande småfuglar treng ei hjelpande hand for å overleva litt lettare til våren kjem att. To gode veninner av meg, Ragnhild og Ursula, er trufaste småfugl-matarar – og får gledene av å sjå livet og leiken på meiseboller og fuglebrett vinteren igjennom. Det er arbeid som krev sitt. Det er ikkje berre berre å passa eit fuglebrett, skriv lyrikaren Kjersti Ericsson:

Det nytter ikke å gå i andre tanker, glemme eller slurve Du må ha fuglestemmene inni deg som ei lita, levende klokke. Den som kan passe et fuglebrett kan også elske.

Ja, for den som passar eit fuglebrett, gjer det av omsut – og kjærleik – og med tolmod. Linerla og svalene er vår- og sommarfuglane kanskje framfor nokon for meg. Når linerla kjem, då er det vår. Ja, då er det verkjeleg vår! I folketrua var linerla ein viktig fugl som varsla korleis linhausten kom til å bli. Flaug ho høgt, vart linet langt. Ikkje rart at bonden helsa med hatten fyrste gongen han såg linerla om våren! Svalene bygde i mange år reir under takskjegget på sauehuset heime på Tøsse. Pappa hengde opp ein eigen fuglekasse til dei slik at det skulle vera lettare for dei med husbygginga, snikkar som han var. Flaug svalene lågt, ja, då vart det regn, flaug dei høgt, varsla dei godver, meiner eg å hugsa. No står småfuglsesongen og med det både våren og sommaren for døra. Kva passar då betre enn å slutta spalta med songen Johan Nicolaisen har gjeve norsk språkbunad -

Alle fugler små de er kommet nå tilbake! Gjøk og sisik, trost og stær
synger alle dage. Lerka jubler høyt i sky, ringer våren inn på ny. Frost og snø de måtte fly, her er sol og glede!

Blomster hvite, gule, blå titter opp av uren, nikker nå så blidt, de små, etter vinterluren. Skog og mark i grønne skrud kler seg nå på Herrens bud. Knopper små de springer ut, her er sol og glede!

Lille søster, Lille bror, kom så skal vi danse! Plukke blomster så til mor, mange, mange kranse! Synge, tralle dagen lang, kråkestup og bukkesprang! Takk, o Gud, som enn en gang gav oss sol og glede!

Oddny I. Miljeteig