I dag er det personleg!

Publisert: 2017-04-05 11:00
Del:

Synest du at den norske sjukeløna, med løn frå fyrste dag og eitt år frametter, er for raus? Vel, då kan det vera du må passa på blodtrykket når du les vidare. For i dag er ein av dei dagane eg har såpass til krefter at eg har asa meg opp. Ikkje som når eg er i mi kvinndoms fulle kraft, men såpass at eg nesten ser dampen stå ut begge øyro.

For no er det altså dags for åtak på sjukeløna igjen. Det plar alltid vera det ei høveleg, eg meiner uhøveleg, tid før valet. Alt etter kva styrke høgresida kjenner at dei har, kjem åtaka på sjukeløna. I år kjenner dei seg ikkje så grueleg sterke, dei lengst til høgre, visst. For Høgre har hatt landsmøte utan at lidenskapelege åtak stod på talarstolen. FRP har ikkje hatt landsmøte enno, men dei ligg så dårleg an på meiningsmålingane at det vert vel med den valege sleivkjeften frå ungdomsorganisasjonen. Det er liksom ungdomsorganisasjonane som vert sende i felten når moderpartia kjenner seg på tynn is. Såpass signal må dei gje til sine velgjerarar i milliardklassen om at dei er til å stola på. Dei stikk berre ikkje hoven fram utan at dei kjenner seg ideologisk ovanpå, vaksenpartia i regjering. Det er det berre Venstre som gjer – dei som ein gong var eit sosialliberalt parti, men no har tømt omgrepet for mål og meining.

Denne regjeringa syter for sine – og kuttar hos uføre og kronisk sjuke. Uførereforma frå 2015 har gjort mange uføre fattigare. Regjeringa vil ikkje sjå kva konsekvensar det har for dei det gjeld – sjølv om dei har ein heil statsadministrasjon og likevel brukar 12 milliardar i konsulentutgifter. Dei skal jo ha til flaksalt på grauten, konsulentklassen også. Kuttet i barnetillegget for uføre, sjå, det har dei våga. Og barnetrygda har stått stille i kroner sidan 1996 – ja, gjennom dei åtte raud-grøne åra også, eg veit då vel det! Eg har kuleramme og alt, eg – og har mykje realfagskompetanse i min nære familie. Så det.

Moderatarne i Sverige lukkast lenge med å framstilla seg som eit parti for arbeidsfolk. Ja, tru det eller ei, men det gjorde dei. Og Høgre på sitt mest høgtflygande, under Erling Norvik og Kci Kullman Five, framstod som eit folkeparti og heldt seg jamvel med ei slags eiga avdeling for bygdefolk: Bunads-Høgre. Men sjukelønsaversjonen fylgjer både Høgre og FRP i tjukt og tynt. Dei må vera dugeleg forarga på seg sjølve, inst inne, for at dei ikkje har fått gjort kål på denne særnorske sjukeløna frå fyrste dag. Sjølv om dei har innført tvangsarbeid for sosialhjelp. Bergens Tidende skal ha takk for at dei på leiarplass i går oppsummerte den borgarlege propagandaen mot sjukeløna på nokså elegant vis. Sjukeløna er for raus. For Noreg har det høgaste sjukefråveret blant land vi kan samanlikna oss med. Sjukefråveret gjekk ned i Sverige då dei kutta i sjukeløna. Ja, det gjorde det. Men: Sjukenærveret auka. Det skriv og snakkar dei borgarlege aldri om. Som om detr er lurt med smittefårlege, sylte forkjøla folk på jobb!

Like under overflata i sjukelønsdebatten boblar myten om latskapen, lønsarbeidaranes latskap. Litt pisk vil tukta latskapen slik at folk kjem seg på jobb, eller kjem seg opp «om morran», slik Bjarne Håkon Hanssen uttrykte det i si tid om sosialhjelpsmottakarane. Vel. Eg har vore snart to år sjukemeld og må sjå i auga at eg kjem meg ikkje i arbeid att før dei to åra har gått. Sjølv om eg jobbar på alt eg kan for å få krefter nok. Når meiner sjukelønskuttarane at eg skulle hatt karensdag/ar? Var det den dagen eg sat på Haukeland og hadde fått beskjeden om brystkreft, frosen til is av sjokk og redsle? Var det den dagen eg sagt dirrande på venterommet på kreftavdelinga og venta på beskjeden om det var spreiing til skjelettet? Eg var ikkje lat, nokon av dagane. Er det noko eg ikkje var, så var det lat! Kva med den dagen eg fekk mi fyrste cellegift? Eller to dagar etterpå det att, då eg flata ut i sofaen og så i grunnen vart verande der i mest eitt år i strekk? Eg var altså ikkje lat! Og eg kan seia med handa på hjarta: Ein vert ikkje frisk av å ha dårleg råd! Eg hadde ikkje vore friskare om eg hadde hatt økonomiske suter i tilleg. Ikkje tale om! Så dette er personleg. Jadå, eg veit at ikkje alle sjukemelde har kreft, og eg veit at blant kreftpasientar er det dei som kjem seg til att mykje tidlegare enn meg. Eg har vore på arbeidsavklaringspengar i trekvart år no. Det merkast. Men eg hadde i alle fall tid til å venja meg til det... Og eg trur på at eg skal koma meg i arbeid att.Eg skal det. Eg vil det. Så eg skal! Men ei redusert sjukeløn hadde ikkje vore «motiverande» for å koma seg tidlegare på føtene att. Den hadde berre gjeve sut og teke krefter! Det finst ikkje den arbeidsgjevar i verda som hadde fått meg i jobb – sjølv om eg så inderleg gjerne har vilja – og vil!

Ja. Dette er personleg. Men sjukeløn handlar om menneske av kjøt og blod. Kvar einaste sjukemeld. Om ein er sjukemeld stutt eller lang tid. Sjukeløna er eit solidarisk handslag i stjerneklassen. Eg veit at det står på fagrørslas og venstresidas styrke om sjukeløna overlever neste stortingsperiode. Så dramatisk er det. Uansett kva dei seier nett no, der ute til høgre. Eg er fagrørsla og venstresida grenselaust takksam for sjukeløna. Og eg håpar eg får betala min skatt som arbeidsfør i mange år – med jubel! Så skal eg kjempa for den norske sjukeløna så lenge det finst eit milligram energi i meg. Det er ein lovnad.

Oddny I. Miljeteig