Med atomvåpen for.....Nato?

Publisert: 2017-03-29 10:30
Del:

Hiroshima. Nagasaki. Framleis er desse to byane synomnyme med atombomba. Dei var dei to fyrste som vart utsette for bomba. Eg har vore i Hiroshima. Eg har stått rett under der atombomba eksploderte. Eg har sett skuggane av menneske etsa fast på gatesteinen – det einaste som var att av dei. «Under her ligg 3000 menneske», sa guiden brått der vi stod ein heilt vanleg stad. Ordføraren i Hiroshima har engasjert seg sterkt for fredssaka – og mot atomvåpen. For å seia det slik: Dei veit meir enn dei fleste kva det gjeld, i Hiroshima.

Måndag ettermiddag starta FN-forhandlingar om ein avtale som forbyr atomvåpen. Forhandlingane finn stad i New York 27.-31. mars og 15. juni til 7. juli. Det er uvisst om forhandlingane vil verta ferdige i 2017 eller halda fram i 2018. Forhandlingane fylgjer av at 123 av FN sine medlemsland i generalforsamlinga i oktober i fjor røysta for å starta arbeidet med ein traktat mot atomvåpen. 38 land røysta mot, 16 land røysta ikkje. Dei ni atomvåpenstatane har «distansert seg frå forhandlingane», slik avisa Klassekampen formulerte det i går. Noreg og 27 andre Nato-land var blant dei som røysta mot i FN i fjor haust. Det kjennest ugreitt. Svært ugreitt. Vi er rett og slett på feil lag!

FN-prosessen for å forby atomvåpen har sin bakgrunn i det såkalla humanitære initiativet, som starta med ein konferanse i Oslo i 2013, under den raud-grøne regjeringa. No har altså Noreg valt å boikotta prosessen for ein traktat mot atomvåpen.Traktatenvil ikkje i seg sjølv avskaffa våpna, men vil regulera vilkåra for nedrusting og avskaffing. Dessutan vil traktaten leggja eit stort press på atommaktene for å rusta ned.

Argumenta for å boikotta forhandlingane er dels reine avleiingsmanøvrar, dels ærlege og avslørande. Det blir påstått frå både Høgre og Ap at Nato ikkje kan rusta ned einsidig. Men: Det er det heller ingen som har gjort framlegg om!

Arbeidarpartiet seier at dei i prinsippet støttar eit forbod, men gøymer seg bak formuleringa «langsiktig mål» for å sleppa å støtta dei internasjonale prosessane som no de facto skjer. Tilbake står det ærlege argumentet: Nato-lojaliteten – eller rettare sagt lojaliteten til USA.

Atombombene som USA sleppte over Hiroshima og Nagasaki 5. august 1945, sette tonen for det som vart den mest 50 år kalde krigen mellom USA og Sovjetunionen. Dei ni atomvåpenmaktene sit den dag i dag med lager av masseøydeleggingsvåpen store nok til å utsletta heile verda mange gonger. Ein skulle tru det ville rysta alle verdas folk og folkeslag heilt inn i ryggmargen. Men kanskje har vi vent oss til at desse atomvåpenlagera eksisterer – utan å bli brukte? Her på toppen av verda ligg sjølve «lukkelanda» og ser ut til å merkast lite av at vi har atomvåpen liggjande rett over grensa til Russland. Og atomvåpena er endå farlegare i det uavklåra storpolitiske biletet som har etterfylgt den kalde krigen mellom dei to store supermaktene. Nato har avtalefesta fyrstebruk av atomvåpen. Den svekka supermakta USA vil neppe gje frå seg sitt kanskje sterkaste maktmiddel. Så lenge Nato insisterer på å vera dei siste som kvittar seg med våpna, korleis skal ein då få andre til å forhandla om å gje opp sine atomvåpen? Slik blokkerer Nato effektivt for nedrusting av atomvåpen. Berre Nederland av Nato-landa tek del i forhandlingane mellom 123 FN-statar. Noreg har ingen eigen vilje. Noreg fylgjer Nato – og Trump – i kampen for å behalda atomvåpen som legitime. Norsk Folkehjelp har gått tungt ut imot regjeringas «rævedilting» (mitt uttrykk) og meiner at vår posisjon er «samvitslaus og farleg», skreiv Klassekampen i går. Regjeringa kontrar med at Folkehjelpa er «useriøse.»

Det reagerer generalsekretær Henriette Killi Westhrin skarpt på: «Norsk Folkehjelp jobber for et atomvåpenforbud på samme måte som vi har jobbet fram forbud mot klasevåpen og miner. Vi kommer til å kritiserer enhver norsk regjering som ikke vil bidra til dette viktige arbeidet.» Det er ein god lovnad, spør du meg.

Kan du sjå for deg dagen då traktaten for avskaffing av atomvåpen skal underskrivast? Viss det vert 7. juli, ja så kjem den norske regjering til etter verste evne å bagatellisera og fnysa av avtalen. Vert det seinare, kan vi vona at ei ny regjering har ei noko anna haldning til å vera ein bremsekloss for nedrusting og internasjonalt samarbeid. For det finst aldri ein grunn til å skapa nye Hiroshima og Nagasaki. Sjølv ikkje om ein er Nato-landet Noreg.

Oddny I. Miljeteig