Ny politikk, ny regjering!

Publisert: 2017-03-22 10:30
Del:

Landet treng ei ny regjering. Det er det ikkje tvil om. Meiner eg. Og eg tenkjer ikkje fyrst og fremst på regjeringa si manglande evne til å prioritera dei store vegsambanda mellom Vestlandet og Austlandet. Vi i SV har jamt vore skulda for at vi har pengar til alt og seier « Ja takk, begge delar», som eit politikkens svar på Ole Brumm. Men det var før, det. For driv ikkje SV no og brukar mindre oljepengar i våre alternative statsbudsjett enn både, Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet! Tenk det. Ikkje det at det er ei dygd i seg sjølv å bruka lite. Som sagt i ordtaket, kan ein spara seg til fant. Eller spara på skillingen og la dalaren gå. Ingen av delane er å anbefala. Den blå-blå regjeringa, med Venstre og Krf på slep, har gjort det til ein vane å la dei med minst betala for moroa til dei rike. Og for den del: la dei minste betala for moroa til dei store. Som då skulefruktordninga vart nulla ut medan taxfree-kvoten steig. Det kunne umogleg vera eit folkehelseperspektiv som låg til grunn! Og eit folkehelseperspektiv er det heller ikkje som ligg til grunn når pensjon og trygd vert underregulerte, når pensjonsreforma fører til kutt for allereie tronge uførepensjonar, når bustøtta vert innskrenka og gratis fysioterapi for mange med kroniske lidingar er kutta frå og med i år. Eg kjenner fleire som plagast ved alle desse kutta. Og ja, dei betaler for at dei rikaste får skattelette. Nei, den skatteletten fører ikkje til fleire arbeidsplassar, uansett kor mange gonger Erna Solberg og Siv Jensen seier det. Og så var det det grøne taktskiftet, då. Det er til å grina av. I 2013-17 burde eit grønt taktskifte bety mindre utslepp av CO2. Men det var før dei blå-blå. Med dei betyr eit grønt taktskifte auka utslepp. Det er borti hampen! Og enno har eg ikkje nemnt asylpolitikken. No er det slik at vi har eit jarntriangel i norsk asylpolitikk. Det heiter AP, Høgre og FRP. Men no har dei blå-blå trumfa asylpolitikken så ekstremt i inhuman lei at eg nesten saknar Pål Lønseth og Grete Faremo. Nesten.

I dag må eg få skriva om det hjarta er fullt av. For eg har vore på partiet mitt sitt landsmøte. Eg var nyleg langt frå sikker på at eg hadde krefter til det. Men eg var på nesten heile. Og det var ein inspirasjon utan like. Røysterett hadde eg også, som avtroppande nestleiar. Så eg røysta både for og mot.

I år hadde vi oppe noko vi aldri har hatt før: Våre hovudkrav for å gå i forhandlingar om ei ny regjering eller om ein samarbeidsavtale med ei ny regjering. Nett den saka har vekt ein del åtgaum, eller merksemd. Det tek seg visst ikkje ut at eit parti gjer slikt. I alle fall ikkje at SV gjer slikt. Dessutan er vi såvidt over sperregrensa på meiningsmålingane. Eg er usamd. Eg synest det er ærleg og endefram å seia frå om kva vi må ha gjennomslag for for å gå i reelle forhandlingar. Dessutan har vi lært av den raud-grøne perioden. Det skal ikkje stikkast under ein stol.

Så er det ein ting SV ikkje stiller eit einaste vilkår for å gjera. Ikkje eitt! Vi lovar at vi skal vera med på å fella H/FRP-regjeringa. Det kostar oss ikkje ein politisk kalori. Noreg treng ein ny politisk kurs, ein heilt annan kurs enn den den blå-blå regjeringa med støtteparti fører. Og SV veit vel at ei ny regjering kjem til å ha AP som hovudparti. Somme frå AP meiner det verkar som at vi oppfører oss som om AP er meir av ein motstandar enn dei blå-blå. Men det er heilt feil. Høgre og FRP er så langt frå oss som det er mogleg å koma i politikken. Det er berre tull å presentera våre hovudkrav for dei. Reinspikka tull. Så til AP er det altså at vi fyrst og fremst seier frå om kva som er våre inngangskrav til forhandlingar om ein ny politikk for landet. Og så andre parti som vil vera med i same ærend. Krava er både raude og grøne , sjølvsagt. Og her kjem dei:

1) Kamp mot ulikskap og fattigdom. Den aller grellaste fattigdommen er barnefamilianes fattigdom. 98.000 born lever i fattige familiar. Barnetrygda er ein av dei mest effektive metodane for å få minska barnefamilianes fattigdom. Baretrygda har ikkje vore regulert sidan 1996. Det er så usolidarisk – og det skjer i hjarto for mest 100.000 born. Barnetrygda må aukast monaleg, år for år – og ekstra for einslege forsørgjarar og familiar med mange born. Det er eit solidarisk krav som vil minska den grellaste fattigdommen slik at det viser att.

2) Vi veit at skal verda greia å løysa klimaproblema, må store delar av verdas fossile ressursar forbli ubrukte. Lofoten, Vesterålen og Senja, Møreblokkene, iskanten, polarfronten og uopna delar av norsk sokkel må forbli utan petroleumsverksemd. Og vi må kutta utslepp her heime. Talfesta og med eit forpliktande nasjonalt klimabudsjett. Dette er då ikkje noko uforskamma krav? At ikkje alle parti går til val på slike krav, det er det som bør uroa veljarane! 3) Vi vil ha færre elevar per lærar. Meir tid til kvar elev er det viktigaste for å skapa ein endå betre skule. Ei nasjonal lærarnorm for grunnskulen med maks 15 elevar per lærar for 1. - 4. steg og maks 20 elevar per lærar frå 5.-10. steg – dette er då rein fornuft, spør du meg. Og eg er trass alt mor til tre born. Så det. 4) Ei profittfri velferd – og aller fyrst i barnehagar, barnevern og asylmottak. Kvar velferdskrone skal gå til føremålet. Overskot skal pløyast attende i den einskilde verksemd, slik så uendeleg mange ikkje-kommersielle barnehagar praktiserte det før marknaden gjorde sitt inntog. Skal folk slutta opp om universell velferd, må skattepengane gå til velferd, og ikkje via omvegar og krokvegar hamna i dunkle skatteparadis. Eigentleg burde dette vera uproblematisk langt utover den politiske venstresida, veit eg? 5) Sist, men ikkje minst: SV vil at Noreg skal arbeida for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen . Atomvåpen trugar menneskas eksistens og alt levande på jorda. Nedrustinga har no stansa, og dei ni atomvåpenstatane utviklar nye atomvåpen. NATO skal ikkje vera med i FN-forhandlingane om eit atomvåpenforbod, forstå det den som kan. Men Nederland er. Kvifor ikkje Noreg?

Vel. Du som har lese spalta, veit no meir enn dei fleste om desse grunnleggjande krava som SV stiller for å vera med på forhandlingar om regjeringsdeltaking eller samarbeid med ei regjering. Landet treng ei ny regjering. Men mest av alt treng Noreg ein ny politikk – for sosial rettferd og eit grønt taktskifte.

Oddny I. Miljeteig