Små forskjellar på kafe

Publisert: 2017-03-15 10:30
Del:

Viss du stussar på overskrifta, så er ikkje det til å undrast over. Det gjer i grunnen eg også. Men ein slags samanheng er det. I alle fall håpar eg du kan trekkja litt skeivt på smilebandet og tenkja «Ja ja», når du er ferdig med å lesa spalta.

Norske riksmedia, som media flest, er i hardt ver. Kanhende var det ei slik erkjenning som låg til grunn då Nationen-redaktør Irene Halvorsen vart kåra til Årets meiningsberar av sjølvaste Oslo redaktørforeining nyleg. For Nationen er ei motstraums-avis samanlikna med dei store riksavisene. Og takk for det. Nationen kan sine felt: landbruk og distrikt. Eg les til vanleg Dagens Næringsliv med stor interesse også. Dei er grundige på næringsliv – og arbeidsliv på sitt vis. Men her om dagen trur eg dei hadde sett for djupt i sprudlevatnet. For kva melde dei ikkje, heilt alvorleg: Den nye generasjonen arbeidstakarar jobbar best på kafe! Jaha. Jobbar best på kafe. Eg veit ikkje, eg, kan du gjera jobben din (best) på kafe? Eg tykte eg såg for meg bøndene i barndomsfjorden ta med seg geite- og saueflokkane på kafe. Det hadde måtta litt av ein kafe til også, for å røma alle saman. 53.000 menneske er tilsette i primærnæringane. Mon korleis ein Lofotfiskar kan ta med seg arbeidet inn på Theaterkafeen i Oslo? Eller korleis det nye smoltanlegget på Fjæra inst i barndomsfjorden skal kunna flyttast til......hmmmm......ja, sei det?

521.000 arbeider i helse- og omsorgsyrka. Dei kan ikkje og skal ikkje erstattast av robotar. 226.000 tilsette i industrien kan heller ikkje gjera jobben sin frå kafe. Ikkje om ein skriv cafe med c heller. Og kva med den kvarte millionen lærarar/undervisningspersonell – kor er alle kafeane som skal hysa dei? Sjølv om den slags ligg som paddehattar i eitkvart by- og tettstadsentrum. Det går ikkje. Dagens Næringsliv har skylappar for augo og ser ikkje lenger enn til nasetippen. Det er så røyndomsfjernt at ein veit ikkje om ein skal le eller grina.

Røyndomsfjernt, ja. Nett det. Og i tillegg meiner eg å hugsa at somme av dei som faktisk sit med PC og jobbar på kafe, gjer det avdi dei rømer frå opne kontorlandskap når dei skal konsentrera seg – på grunn av uroa i slike landskap.

I år er det Stortingsval. Ja, på Stortinget er det kantine (subsidiert), nokså stor også. Eg greier likevel ikkje sjå for meg at nokon vil på Stortinget for kantina sin del. Sjølv om ein kunne lura aldri så lite om ein høyrde Høgre-leiar Erna Solberg sin tale til landsmøtet i helga som var. Heile seks gonger tok ho til orde for at det er bra med små forskjellar, skreiv Kjell-Erik N. Kallset i Klassekampen måndag. Altså: Erna Solberg trur det er nyttig for Høgres valresultat å høyrast ut som om Høgre er for små forskjellar. Vi er altså tilbake omlag i 2013, då Solberg prøvde å få det til å høyrast ut som om einaste forskjellen mellom dei raud-grøne og dei blå-blå, var at det blå-blå ville sjå på styringa av landet med nye, friske augo. Poltikk ville ho ikkje snakka om. «Dette er første gang noen har forsøkt å mumle seg til regjeringsmakt i Norge,» sa partileiaren min, Audun Lysbakken, då. Jammen lukkast dei med mumlinga, den gongen. Og no er dei altså i gong igjen: Skattekutta til Høgre skal vera moderate.

Moderate skattekutt skal visst også no føra til nye arbeidsplassar. Endå om Høgre nok veit at dei ikkje gjer det. Sjølv om dei blå-blå nesten har dobla oljepengebruken i sin regjeringsperiode, har knapt talet på private arbeidsplassar vakse. Sysselsetjinga har gått ned. Arbeidsløysa er større. Ja, eg veit om oljekrisa. Men eg hugsar også finanskrisa under dei raud-grøne. Den var ikkje noko mumlande småtteri. Den var krise.

Skattekutta har ikkje vore moderate. Det vil seia: 94 % av oss har fått ti kroner i skattelette for dagen. Dei 1600 rikaste har fått kutta skatten med årlege 575.000 kroner. Ein ny rapport frå knusktørre Statistisk Sentralbyrå viser at forskjellane i Noreg auka meir i 2015 enn dei har gjort på ti år. Ei ekslusiv gruppe på 2300 hushald i Noreg eig no mest 10% av all formue i Noreg. Det er 0,1 prosent av folket. Den eine prosenten rikaste eig no 19,8% av all formue i Noreg. Dei rike dreg også i frå når det gjeld inntekt. I hin enden finn vi dei som Høgreleiaren ikkje vil snakka om: Sosialhjelpsmottakarane og dei trygda – og dei med lågast arbeidsinntekter. Dei lågtløna har ikkje fått realinntektsauke på fleire år. Det må LO gjera noko med i år. Hjelp frå NHO får dei ikkje, for NHO er ikkje med på nokon slik samfunnskontrakt. Her er dei og Høgre på lag. Dei uføretrygda har fått kutt på kutt, barnetillegget har forsvunne, bustøtta vert kutta i, eigendelar for ei rekkje menneske med kroniske lidingar skal ikkje lenger vera gratis – men Høgres lidenskap for tvangsarbeid for sosialhjelpsmottakarar, den står fast. Forresten, eg gløymde å seia at Høgre og dei ikkje eingong vil vera med på å finna ut kva konsekvensar trygekutta har medført! Hadde det ikkje vore for Kåre Willoch, ville Høgre-landsmøtet ha vedteke å byta ut barnetrygda med gratis barnehage. Barnetrygda, som er det enklaste, mest effektive omfordelingsverktøyet vi har. Og som tek høgde for at det kostar med born lenger enn til grunnskulealder.

Å auka barnetrygda vil lyfta tusenvis ut or fattigdom. Men det vil ikkje dei store partia. Nei, ikkje AP heller. Barnetrygda, som ikkje har vore regulert på 20 år. Det er ei skam! Og Arbeidarpartiet har ingen Kåre Willoch som kan snakka dei til vit. Fryktar eg. På SV-landsmøtet til helga kjem barnetrygda i alle fall til å verta prioritert. Barnefamiliane må ut or fattigdom! Berre ved at barnefamiliane kjem ut or fattigdom, kjem born ut or fattigdom. Fattige born har ikkje rike foreldre. Basta.

Foreldra til fattige born må ha såpass god råd at born og foreldre kan gå på kafe. Ikkje den cafeen der Dagens Næringsliv, NHO og Høgre sit i si overflodsboble. Men så små forskjellar må vi ha at også dei som har minst, har råd til å gå på kafe.

Oddny I. Miljeteig