Fedrenes synder som prinsipp

Publisert: 2017-03-01 11:00
Del:

Regjeringa og utlendingestyresmaktene driv for tida og tilbakekallar statsborgarskap. Det er nesten som ei ny vintersportsgrein å rekna der i garden, skjønar eg. Så når norske vinteridrettsutøvarar dett og brekk stavar og tullar vekk gullet 35 år etter Oddvar Brå (og han vann gull med stavbrekk), ja, så er det som om regjeringa forlystar seg med å finna på stendig nye øvingar i å senda ut dei som ikkje kan rekna seg opphald i Noreg lenger enn kongefamilien.

Norske utlendingestyresmakter eig ikkje hemningar, i alle fall ikkje den at Noreg er ein nasjon som byggjer på kristne og humanistiske verdiar. Eg lurer på om ikkje dei i det heile har fjerna Grunnlova frå lovsamlinga si. For no går det over stag.

Du hugsar Mahad Abib Mahamud , den 31 år gamle bioingeniøren frå Somalia som har vore i Noreg sidan han var 14? Hans store synd er at han fekk 6 i fransk – for det meiner norske styresmakter viser at han ikkje er frå Somalia, men frå Djibouti! Språkvitarar, som kan dette med språk og språklæring, går i rette med utlendingestyresmaktene. Men det bryr dei seg sjølvsagt ikkje om. Det er som om det ikkje har skjedd noko når det kjem til kunnskap hos UNE og UDI sidan årtusenskiftet. Den gongen hugsar eg at kulørt vekepresse var meir informert om tilhøva på landsbygda i Bangladesh enn Landinfo-en til norske styresmakter.

Så ville utlendingestyresmaktene utvisa eit Utøya-offer som hadde mist bror sin i massakren på Utøya i 2011. Då kom Noreg i media verda rundt. Og det var ikkje nett honnør til Noregs humanistiske og kristne verdiar verdsmedia skreiv om. Kva som gjorde det, kan vi jo ikkje vita, men UNE trekte seg i den saka. Det gjekk visst ei grense. Ei slags. Men om grensa hadde funnest om ikkje Noreg hadde vore uthengd halve verda rundt, sjå det er det lov å spekulera over.

No er det ei ny sak som gjer at regjeringa og utlendingestyresmaktene har kome i medias søkjelys. For no har ein familie på tre generasjonar mist statsborgarskapen etter 27 år. 27 år, ja du les rett. Du har sikkert høyrt om saka før. Det skal vera besteforeldra som har loge om bakgrunnen – for 27 år sidan. I tiår etter tiår har foreldingsfristen for kriminalsaker vore 20 år, også for drapssaker. Men når det kjem til å ha tala usant om kvar ein kjem frå som asylsøkjar, då skal det ikkje gjelda nokon foreldingsfrist. Det skal ikkje «løna seg å lyga», meiner AP, FRP og Høgre. Det høyrest prektig ut. Og rett også, på ein måte. Det skal ikkje løna seg å lyga.

Men det gjeld altså i nett dette eine. Skal vi fylgja same logikk for alt anna, meiner altså dei tre største partia at det skal, i alle fall kan, løna seg å lyga når det gjeld å driva med menneskehandel, snyta på skatten, gjera ran og væpna ran, eller banka opp familien

Og for den del: mykje meir. For alt dette er døme på handlingar som vert forelda etter lang nok tid. Og for min del må eg seia at dette er langt verre handlingar enn at far din og mor di laug om kva som stod i passet deira ein gong for lenge etter foreldingsfristen for grove brotsverk.

Utlendingeforvaltninga har ein lang praksis med at same personar som behandlar ei sak fyrste gong, også har behandla klage etter klaga. Eg vonar det har kome seg dei seinare år. Men når det gjeld tilbakekall av statsborgarskap, då er det i Noreg slik at det er utlendingeforvaltninga, ikkje domstolande, som behandlar slike saker. Når vi tenkjer på kor grunnleggjande statsborgarskap er for eit menneske, er det ein praksis som må vera i strid med rettskjensla vår. Fleire juridiske ekspertar har uttala at dei meiner ein slik praksis er ulovleg. Mellom anna seier fyrsteamanuensis Eirik Bjørge ved Universitetet i Bristol, at han meiner storfamilien vil vinna fram dersom saka vert prøvd for retten. (Klassekampen måndag) Han meiner at rettstryggleiken må styrkjast og at Noreg har ein praksis som er ekstrem i europeisk samanheng. No har Karin Andersen og Heikki Holmås frå SV, Kari Henriksen frå AP, Heidi Greni og Marit Arnstad frå Sp, Andre Skjelstad og Trine Skei Grande frå Venstre og Rasmus Hansson frå MDG sett fram fylgjande forslag i Stortinget: «Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre statsborgerloven slik at tilbakekallelser av statsborgerskap skal skje ved dom. Stortinget ber regjeringen avvente saksbehandling av tilbakekallelser av statsborgerskap fram til regelverket er endret.»

Saka ligg altså i Stortinget, landets øvste og lovgjevande organ. Då er det ikkje god sed og skikk at regjeringa blandar seg inn i saksbehandlinga. Men regjeringa greier ikkje dy seg - og har sendt to brev til kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget. I breva åtvarar regjeringa på det sterkaste mot at domstolane overtek myndet til å tilbakekalla statsborgarskap. Regjeringa meiner faktisk at det vil rokka ved sjølve «maktfordelingsprinsippet som Grunnloven bygger på og det tradisjonelle synet på hva som skal være domstolenes oppgaver.» Aha. Eirik Bjørge ved Universitetet i Bristol frykta nett at regjeringa vil «torpedere, trenere eller tilsløre» det opphavelege forslaget. Han meiner dette forslaget er «meget godt» og at alle burde kunna stilla seg bak det.

Kva skjer så i Stortinget? Vel, det veit vi ikkje enno. Det vi veit, er at regjeringa meiner at for statsborgarskap skal det heilt særeigne prinsippet om «fedrenes syner» vera overordna alt anna. Til motsetnad frå alt anna. Fedrenes synder, altså. Smak på den.

Oddny I. Miljeteig