Kvinner i alle lande!

Publisert: 2017-02-22 10:30
Del:

Eg veit eg har brukt overskrifta før. Mange gonger. Men eg elskar den. Det nærmar seg 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. Den internasjonale kvinnedagen. Ikkje den internasjonale likestillingsdagen. Likestilling er ikkje kvinnefrigjering. Likestilling er, vonleg, eit steg på vegen til kvinnefrigjering. Men likestilling som strategi for kvinnesaka (som det heitte – og som gjerne er eit omgrep som aktivt bør takast fram att) er slett ikkje nok. Likestilling vert lett likestilling på mannssamfunnets premissar. Og viss einkvan får pustevanskar når eg skriv «mannssamfunnet», får de stålsetja dykk. For det kjem meir. Sjølv meiner eg at verneplikt likestilt for begge kjønn er eit slikt strategifeilgrep. Heilt likedelt foreldrepermisjon vil vera eit anna. Likestilling i statsfeministisk forstand er å telja og måla på departementalt vis. Og sjølvsagt kan aldri regjering eller Storting vedta frigjering! Frigjering må kjempast fram, nedanfrå. Fridom handlar om å setja etablerte sanningar og fastgrodd røyndom under debatt – og på hovudet. Forfattaren Gerd Brantenbergs «Egalias døtre» sette i si tid røyndommen kraftig på hovudet og sjonglerte med språk og kjønn. Rolv Mikkel Blakar gav i 1971 viktige, språklege bidrag til å avsløra mannssamfunnet med boka «Språk er makt.»

Likestilling kan ha sterke frigjerande element i seg, som kravet om likeløn. Bod nummer ein for kvinners sjølvstende og frigjering er at vi skal kunna forsyta oss sjølve. Det nyttar ikkje med deltids jobb og kvinneløn. Kvinneløna står no og stangar på 86-87 prosent av mannsløna, her i Noreg. Og det er her, kor vi ligg i overkant av fem prosent etter menn i yrkesaktivitet. Det er i verdstoppen likestilt, så å seia. Men ikkje likestilt. Likestilling er forsåvidt at både kvinner og menn har same lengde på arbeidsdagen. Eit meir visjonært krav, og eg vil seia frigjerande krav, det er kravet om seks timars normalarbeidsdag. Det er svært omstridd – og i kvinnepolitisk samanheng eit teikn på at vi sprengjer rammene for teljekant-feminismen, eller likestillinga. Sjølv om kravet om seks timars dagen gjeld både kvinner og menn. Vi er ikkje snauare!

I Bergen har det i år skjedd den underlege tildragelse at menn fekk røysterett på parolemøtet for 8. mars. Nei, du, eg er ingen mannefiende - eg har både ektemann og to søner og mange kameratar også, ei heidersnemning i fagrørsla. Og nett til fagrørsla er det eg går for å finna fremste parallellen til 8. mars: 1. mai er arbeidarrørslas internasjonale kampdag, 8. mars er kvinnerørslas internasjonale kampdag. 8. mars vert ofte omtala som kvinnedagen – og det finst faktisk ein mannsdag som motsats eller parallell alt ettersom, markert ujamt i somme land, mellom anna i Noreg. Både 7. oktober og 19. november har vore nytta, etter 2011 er det 19. november som gjeld, har eg lese meg til. I Noreg er det Landsorganisasjonen som arrangerer 1. mai. 1. mai er ikkje arbeidets dag, slik høgresida så gjerne vil, og slik det er markert i USA, nett for å bryta banda mellom dagen og den internasjonale arbeidarrørsla. 1. mai feirar arbeidarrørsla sine sigrar og manifesterer sine kampar. 8. mars feirar kvinnerørsla sine sigrar og manifesterer sine kampar. Båe dagar er både kamp- og fest-dagar. 1. mai er offentleg fridag, 8. mars ikkje, ikkje her i landet. Frå kvinnerørsla i Bergen har vi med ujamne mellomrom fremja kravet om 8. mars som offentleg fridag, men som alle veit, har vi ikkje fått gjennomslag for det. Enno. Og skal dagen utvatnast til å bli ein likestillingsdag, vil han vera meir ein slags statsfeministisk dag enn ein kvinnekampdag, spør du meg. Eg føreset faktisk at ekte kvinneforkjemparmenn erkjenner 8. mars som kvinnerørslas dag og kvinnekampens dag. Dess fleire menn som vil vera allierte, dess betre; dess fleire menn som vil vera i lag med og gjera arbeid knytt til dagen, dess betre. Men kan de ikkje kasta av dykk patriarkatets nedervde arroganse overfor kvinner ved sjølvaste kvinnedagen? Altså: respektera at det er kvinnerørsla, gjerne i brei forstand, som bestemmer innhaldet i kvinnedagen?

I Bergen har det i år også kome opp spørsmål om transkvinners rolle i kvinnedagen. Nyleg var det to gode innlegg om dette i BA, av Rønnaug Frøiland og Bente Nilssen Owren. Det grunnleggjande er at kvinner skal fremja kvarandre si frigjering utan at nokon si frigjering skal gå på kostnad av andre si frigjering. Så enkelt – og så vanskeleg. Og så må eg be om forståing for at ei feminist-kjerring på 62 og snart eit halvt omtrent vert blesen ut or folkeregisteret når eg oppfattar at sjølve omgrepet kvinne er sett under debatt og «nyansering», også av kjønnsforskinga. Utan omgrepet kvinne – ingen kvinnekamp. Det er eg overtydd om. At fleire kjønnskategoriar kan samlast under omgrepet «ikkje-menn» som motsats til «menn», gjer meg ikkje mindre uroleg, om det skulle vera vitskapleg terminologi aldri så mykje. For då kjenner eg at vi er på veg attende både til den gamle Aristoteles, som meinte at kvinner ikkje var menneske på line med menn, og til soga om kvinna skapt av eitt av mannens ribbein (utan at menn har færre ribbein ein kvinner). Og «mann» vert i verste fall det definerande kjønnet – endå tydelegare.

Kvinners kjønn er framleis ein provokasjon. Kanskje aller mest i kampen mot kvinners kjønn som vare, må ei røynd fagforeiningskjering vedgå. Ein halv million kvinner og born er utsette for menneskehandel/trafficking årleg i Europa. Altså selde til porno- og prostitusjonsindustrien. «Porno er teori, prostitusjon er praksis.» Det er eit godt jungelord. Det har vore gjort forsøk med å regulera prostitusjon som «arbeid» og gjennom offentlege, godkjende bordellar i somme land. Det har ikkje vore vellukka, for å seia det mildt. Ein kan ikkje koma forbi at utnytting av kvinner er og vil vera utnytting av kvinner, i ein fælsleg industri som tevlar med narkotikahandel og ulovleg våpenhandel om å vera dei største på verdsbasis. I denne industrien er kvinners og borns liv inkje verd. Barnebruder og tvangsekteskap høyrer heime på same line. Og både i Kina og India vert jenteborn drepne ved fødsel eller sette ut for å døy. Ikkje to eller tre, men tusenvis, og titusenvis. Dei fælslege overgrepa mot kvinner i indiske storbyar midt på lyse dagen har heldigvis kome for ein dag – om ikkje anna. For dette er ikkje «tilbakeståande praksis» i avsidesliggjande landsbyar. Og i Noreg er det altså ikkje berre på landsbygda at «hentebruder» er så overgrepsutsette at dei tidevis fyller opp mange rom på krisesenter. Kvinneundertrykkinga er internasjonal. Heldigvis er kvinnerørsla likeeins. Og Agnete Strøm, mangeårig internasjonal leiar i Kvinnefronten i Noreg, har, saman med Chiku Ali, i tiår gjort eit framståande internasjonalt arbeid knytt til «Coaliton against trafficking in women» og arbeidet mot kjønnslemlestelse av jenteborn i til dømes Tanzania. Avdøde Shilan Shorsh hadde eit heilt kvinnelivsverk bak seg for kvinners rettar då ho døydde berre 39 år gammal, især for kurdiske kvinners rettar, i Bergen, i Kurdistan og i alle land. Amnesty var ein av organisasjonane ho engasjerte seg i. Diverre har Amnesty svikta både grunnlaget Shilan arbeidde på og kvinners frigjering ved å seia nei til Sexkjøpslova og i staden jobba for legalisering av prostitusjon til arbeid. Det er i alle fall, og i beste fall, ein misforstått likestillingsstrategi for kvinners frigjering! Men i parolemøtet i Bergen skjønar eg at finkjensla overfor Amnesty (som ja, gjer uhorveleg mykje godt arbeid elles!) trumfa solidariteten med prostitusjonens grovt utnytta kvinner.

I Bergen har gjennom fleire år yngre Venstrekvinner meint at kvinnerørsla er for snever og lite inkluderande. Dei har teke eit steg vidare frå den gongen dei demonstrerte mot seks timarsdagen attmed 8.mars-markeringa. I år har dei, ved støtte frå AUF, AP og LO, om eg skjønar det rett, fått gjennomslag for «mindre eksluderande» parolar som å fjerna juridisk kjønn. Kvinnedagen til å fjerna kvinne som juridisk kjønn? Gammalpatriarkane kunne då ikkje ynskja seg noko meir?

Kvinneundertrykkinga er internasjonal. Kvinnekampen er internasjonal. Kvinnekampen har på sitt viktigaste alltid vore omstridd og banebrytande. Etter andre verdskrigen overtok dei raude strømpers kvinnekamp for dei blå strømpers. Det har alltid vore ein raud torn i auga på dei som synest at vi raudstrømpene er for aggressive. I Bergen kjem dette tydeleg opp i dagen i år. Eg ynskjer ei brei kvinnerørsle som har dei mest undertrykte kvinners frigjering som botnplanke i arbeidet sitt. Eg har prøvd å seia noko om det i denne spalta. Uansett er 8.mars den internasjonale kvinnerørslas kampdag!

Oddny I. Miljeteig